søndag 26. september 2010

Ledley

Søte pusen til Sunniva og Jan Egil.
Han var ikkje å finne i dag då dei skulle ta ferga tilbake til byen, men eg kan forstå han litt, for det såg ikkje ut som han hadde heimlengsel der han sløva seg i graset på Flem. ;)

Eg er litt spent på om dei fann han, for dei hadde gått glipp av to ferger då vi var på veg heim i båten vår.
Er Ledley fortsatt på øya ein plass?

Boligmesse = impulskjøp

Joda, her er gjengen som nesten ikkje hadde tenkt seg på boligmesse, men ligg å koser seg i boblebadet dei fann ut at dei trengte, fire dager seinere...ja, undertegnede er også medskyldig. ;)

tirsdag 21. september 2010

SO glad

Så glad blir Martin over å få eit heilt eget sett med bestikk!
Vi har ein del småbestikk frå før, men det er sånt som Sverre har fått og Martin har brukt, men dette er Martin sitt heilt eige sett. Sjå kor kry han er! :)

søndag 19. september 2010

Skateboard feber

Sverre er ein aktiv gut (kanskje meir enn normalt), og i det siste har han virkelig fatta interesse for skateboarding, eller rullebrett som det så fint heiter. :) Trur det heng litt saman med at ein av fadderane til Sverre på skulen driv på med det. Han kom iallefall heim frå skulen ein dag og fortalde kor flink fadderen var å stå på skateboard, så eg rekner med det er der han har fanga opp triksa han øver på. ;)

lørdag 18. september 2010

Sverre på disco

I går var Sverre på sitt aller første diskotek!
Han var kjempeklar og sa at han skulle breake og rappe. ;)
Han hadde hatt det kjempegøy! Sverre hadde ikkje dansa so mykje, men han hadde spelt bordtennis og kjøpt seg potetgull og cola. Han var tydlegvis sliten også, for han sovna straks etter han la seg. :)
Sverre begynner å bli stor!

onsdag 8. september 2010

Tampen brenner

Sverre lurte på om eg ville leike tampen brenner med han. Eg sa ja, ein gong da, så sette vi igong. Det var fisk fekk eg vite, så eg åla meg rundt på kjøkkengulvet for å finne det han hadde skjult.
Etter ei god stund fant eg dette hjertet som Sverre hadde laga sv dei nye byggeklossane sine:


Så fint det er, sa eg til Sverre. -Ja, eg har laga det til deg. Det er laga kun av kjærlighet, sa han. Nåååå.... :)

onsdag 1. september 2010

Ninas hage

No har eg laga det eg vil kalle starten på ein hageblogg. :)
Den heiter http://www.ninashage.blogspot.com/

Det er lov å ta ein titt, men det er foreløpig ingen innlegg der. Det kjem snart ;)