fredag 23. juli 2010

Blomsterpynt og livredning

I dag då eg trilla ein tur med Martin fann eg ut at eg skulle plukke med meg blomster å pynte på stovebordet. Kanskje nokon kjenner igjen bryllupsgåva dei gav oss på bordet her? Det er opptil fleire. :)
Men tilbake til blomstrane. Då eg skulle snitte dei for å få dei korte nok, oppdaga eg ein blindpassasjer. Det hang ei lita søkkvåt babyhumle og klamra seg fast for harde livet i den eine blomsteren eg hadde plukka! Stakkar....tenkte eg, så eg var veldig forsiktig så den ikkje datt ned då eg putta blomstrane i vasen. Den fekk henge til tørk i den varme stova vår i staden for å slite ute med pøsregn og 9 grader. Mat hadde den ôg. :)

Eg er ikkje heilt sikker på kva som hende med den vidare, for eg finn den ikkje att...Kanskje den har kome seg ut. Håper den ikkje ligg daud i ein vindaugskarm berre. Den ligg ialle fall ikkje nedi vatnet i vasen, det har eg sjekka. Spørs om eg ikkje var så god livreddar likevel...

Blåbær og markjordbær

For eit par dagar sidan gjekk eg og Sverre ut for å sjå om vi kunne finne noko bær. Vi er så heldige å bo sånn til at blåbærlyngen veks rett utanfor døra. :) I tillegg veks det langs heile grusvegen opp til huset vårt markjordbær i vegkanten! Dei smaker snop. Mmmmm ;)
Vi fann både blåbær og markjordbær som de ser. Martin vil helst ikkje skitne ut hendene sine ved å ta i blåbæra, så han vil heller ikkje smake (sjølv om biletet taler annaleis)...Trur han har til gode å ete ei einaste bær, uansett sort, sjølv om vi tilbyr å putte den rett i munnen hans. Men vi har ein Sverre som et bær til gangs, så det blir ikkje noko til overs for den som er litt seint ute. ;)

mandag 19. juli 2010

Barneselskap Sverre 6 år

Før vi drog til Kreta på ferie arrangerte vi barneselskap. I år vart det 18 unger å halde styr på, så det var litt dumt at det ikkje var bra nok vêr til å vere ute etter maten sånn som vi har gjort før. Det har alltid vore strålande vêr når Sverre har hatt barneselskap, så vi har berre åpna dørene ut på altanen for fri utfoldelse ute. Men det gjekk bra uansett. ;)

Sverre ville ha fotballparty denne gongen, så då vart det fotballsjokoladekake, forballmuffins og forballgelê. :)

Sommerdag

Laurdag hadde vi ein flott sommerdag, og vi tok fram både hoppeslottet og vannsklia. :) Mellom slaga var det godt å varme seg med kakao og potetgull. Martin fikk sjokomelk sidan han ikkje bada på samme nivå som Sverre og Bertine og dermed ikkje trengte å varme seg på samme nivå heller. ;)

Martin

Eg har to bildeserier av Martin som eg gjerne vil dele:


Martin liker å bade, men han liker ikkje å bli våt eller skitten når han ikkje har planer om det.


Martin er ein gut med mange ansikt. :)


Skuleransel

Fredag tok besta med seg Sverre og Bertine til Moa for å kjøpe dei nye skulesekker. Sverre hadde på forhånd bestemt seg for at det skulle vere ein svart ransel med flammer på. Han var tydelig stolt over sekken sin. :)

Gratulerer med overstått

10.juli vart Sverre 6 år! Vi var på Kreta då, så det vart ikkje blogga om det på dagen. Vil også gratulere besten med overstått bursdag 4.juli. :)

No er Sverre snart skulegut. Han er ein gut med mykje omsorg i seg og er opptatt av at andre skal ha det bra. Han er kjempeflink storebror og passer på at Martin får det samme som han når det gjeld snacks. ;)

Sverre har kjempegod humor. Han flirer mykje og får oss til å flire mykje. Han er ein liten filosof, og tenkjer mykje på veldig mykje. Eg kunne sikkert ha hatt ein dagens Sverre på bloggen, for han seier utruleg mykje rart, men det er realistisk også. Han har tusen spørsmål, og det kan sette både vår og hans tålmodigheit på prøve. ;)

Han er ikkje berre ein blid gut med godt humør. Nei, han har eit voldsomt raseri til tider, men det er kun om han føler noko har vore urettferdig, eller om han ikkje får viljen sin når han føler han burde fått den. Det omhandlar som regel snop og snacks. :)

Sverre er også ein aktiv og spretten kar, og han sit sjelden rett veg. Han hopper som regel omkring, står på haudet og breaker. Han er ein typisk gut som skal spinne og sladde med sykkel, sjølv om han ikkje sykler uten støttehjul endå. Han leiker med actionfigurer og det er Bakugan og Ben 10 som er i vinden akkurat no.

Men Sverre er ein forsiktig liten kar og er ikkje den som står først i køa når det er noko på ferde. Vi har truffe på ein del sånne utkledde personer, som Bamse, Mikke og Knerten, men han har ikkje helst på nokon av dei. Då står han i bakgrunnen og ser på.

Han er veldig klar for skule no, og han kan ein del bokstaver, og han staver ord etter lyden deira.
Han skriv navna våre etter korleis bokstaven høyrest ut. Det blir spennende å følge med på utviklinga både på skulen og personen Sverre framover. :)

Kreta

Forrige veke pakka vi koffertane våre og tok turen til Kreta ilag med Linda, Per Kristian, Marius og Sarah. Vi hadde ein kjempeflott tur og her er nokre "få" av bilete av ferieopplevelsen vår.

Her sit vi på Vigra og venter på å få stige om bord i flyet. Då vi sat og venta var det ei dame som over høgtalaren sa: - På grunn av generalstreik i Hellas....(Nei! Turen blir avlyst tenkte eg), blir boardingen utsatt i 40 minutter. Puh! Eg har aldri vore så glad for ein forsinkelse før. ;)


Ivar og Per Kristian blir alltid tatt for å vere brødre når vi er på ferie ilag. Det er nok ei lita likheit der. Her ser de eit av bassengområda på hotellet vårt. Dette var det vi brukte mest. Det var nærmast romma våre. Biletet er teke frå terrassen vår. Vi budde på hotel Isida, og eg kan godt anbefale det til evt. reisende til Agia Marina på Hellas. Martin er ein kar som kan å slappe av! Han tok livet med ro mesteparten av turen han. Så ser de Ivar ca. eit minutt etter at han nesten drukna under leik med ein oppblåsbar bil i eit 1,20 m djupt basseng...


Sverre storkosa seg med bading. Han ville helst ikkje sette føtene på land for heile turen ;) Nesten alle restaurantane vi var på hadde eigne leikeplasser inne på restaurantområdet. Det var heilt supert for utålmodige små kropper. Martin hadde nok holdt på med leikehyttene endå om vi ikkje hadde reist derifrå. :)


Sverre fylte 6 år medan vi var på Kreta. Gratulerer med overstått godguten vår! Han fekk is med stjerneskudd på dagen sin ute på restaurant. Vi tok taxi tidlegare på dagen til ein diger alt-mulig-butikk der Sverre fekk velge seg noko til bursdagen sin. Som de ser er eg og Martin nesten like store badeløver som Sverre, men berre nesten. ;) Vi åt frukost på hotellet i pool-baren kvar dag, men det var greit å få i seg eit lite knekkebrød før frukosten.


Vi var innom eit lite tivoliområde der vi prøvde nokre båter og karuseller. Per Kristian tok rekorden på fotball maskina, medan Ivar tok basketrekorden der det var om å gjere å få flest treff på den tida som var til rådighet. Vi fann ein kjempekoselig strandrestaurant der vi åt litt kvelds og fekk oss noko å drikke. Vi enda opp med å dra dit dei neste dagane vi skulle på stranda. Mama mia heitte den. Kjempekoselige folk som jobba der! Bamse var innom hotellet vårt to gonger. Stas. :)


Det var sånne små "Thomas" tog som gjekk forskjellige turer rundt om i området. Vi tok ein tur som varte ca ein time. Den var spesielt beregna på unger og den gjekk gjennom ein skog, forbi appelsin plantasjer og nokre høner. Ikkje spesielt spennende, men vi fekk oss ei lita utflukt. :) Marius og Sverre leika seg godt og bada mykje. Det vart litt småkrangling i ny og ne, men dei vart nesten som brødre sidan vi var ilag heile tida, så det var vel berre å rekne med litt sånt. ;)
Martin nyt ein av mange iser ved bassengkanten.


Så avslutter vi med to naturbilete.

fredag 2. juli 2010

Mange som har dette problemet?

Krangling om støvsuging!? Sverre ville veldig gjerne hjelpe meg å støvsuge her ein dag, og det fekk han til mi store glede! Så kom Martin som også ville støvsuge, men Sverre ville ikkje gi seg endå. Martin sette i eit brøl, så Sverre berre måtte gi frå seg støvsugeren. Det er sånn Martin bruker å få viljen sin. Han berre brøler så høgt han kan, sånn at ingen syns det er verdt å blande seg meir...

Barnehageovernatting

I år var første året barnehagen til Sverre hadde overnatting for 5-års gruppa. Dei var spente alle fem som skal starte på skule til hausten. Dei pumpa opp madrassene og hadde det veldig kjekt med å prøvehoppe dei. ;) Dei var på bowling først og etterpå såg dei film og åt taco i barnehagen. Alle hadde med seg Nintendo DS'ane sine ôg, så det vart nok ein sein kveld.

Sverre var spent på korleis det skulle gå, men alt gjekk veldig bra!

Sjørøvergrillfest

Sverre fekk barnehage mappa si med det han har laga og teikna i barnehagen dei åra han har vore der. Det var ôg nokre bilete der og i tillegg ein heil CD full av bilete av Sverre sineopplevingar i barnehagen. :) Han fekk eit dikt om seg sjølv og det lyder som følger:

Sverre er gutten som liker Kaptein Sabeltann.
Som snakker om vitenskap,
ja det er noe han kan.
Han er rettferdig og vil at alle skal ha det bra,
det er en kjempegod egenskap å ha!

Vi fylte barnehageområdet med barnehageunger, foreldre, søsken og besteforeldre og grilla og koste oss veldig i solskinnet.

Alle ungane fekk vere med på skattejakt som barnehagetantene arrangerte. Sverre og Martin var stolte over skatten sin som var sjokolade gullpenger. :)

Barnehagebildet

Her er dei to skjønne gutane våre. Sverre har etter mange års forsøk endeleg lirt av seg eit bitte lite smil, og det kan sjå ut som om Martin går i storebroren sine fotspor der ôg. ;) Vi valgte felles søskenbilete i år sidan det er einaste året dei har sjansen til det i og med at Sverre no blir skulegut! :)