torsdag 31. desember 2009

Fekting a'la Wii

I romjula fekk vi tid til ei runde med Nintendo Wii Sports Resort. Eg, Sunniva, Ivar, Jan Egil og Sverre spelte i fleire timar! Vi spelte både, frisbee golf (mest spelt), golf, padling (travelt!), bowling og fekting.

Eg og Sunniva i ein stilstudie av fekting. Ein kan få med seg ein liten stilstudie av Martin ôg om ein ser godt etter. ;)

Gøy med snøv

Sverre har brukt det nye akebrettet sitt mykje denne romjula, og han har fått god nytte av hjelmen vi kjøpte før jul! Desse bretta går ganske fort i bakkane, så ein må nesten ha hjelm. Dessutan er det påbud med hjelm i skitrekket på Flem og der har Sverre vore ilag med morfar og pappa i romjula. Det er ikkje småtterier ein har der ute på Flem! ;)

Då vi var på øya laga vi ein snømann ôg, men den vart fort prega av mildvêret som kom dagen etter...No er det derimot knallfrost igjen så det får bli ein litt skakk snømann da. ;)

Juletrefest

I år var det juletrefest 4.juledag på Hildre. Det var mange innslag, men vi fekk berre med oss den fyrste timen, fordi vi måtte rekke ferja ut på øya.
På biletet er det barnehagen som syng. Eg og Inger Marie var sanghjelparar i år. Sverre nekta å stå ilag med dei andre og synge, for dei kunne heller flytte seg nærmare han meinte han. Så det vart danna ei pulje til høgre, ei mellompulje som ikkje visste heilt kvar dei skulle plassere seg og så Sverre da som danna venstretroppa. Sånn kan det gå når ein ikkje har dei drevne barnehagetantene til å hjelpe seg...

fredag 25. desember 2009

GOD JUL
Stor klem frå familien Tomren Søvik

Julaften

Her er eit lite utdrag frå julaften. Vi var ni stykker her med oss. Det var eg, Ivar, Martin, Sverre, besta, besten, Bertine, tante Elin og onkel Øystein. Tante Norunn og onkel Terje kom til kaffe seinere på kvelden.

Ventetida fylte ungane med teikning og barne-tv. Midt i pakkeåpninga fekk vi besøk av nissen! Sverre og Bertine syntes det var veldig stas, men Martin var litt redd heilt til han fekk pakken, då kom det eit lite smil. :)

Vi hadde ein flott julaften! Og tusen takk for dei flotte gåvene alle saman!

Julekarameller

Før jul laga eg karameller! Dei vart ikkje heilt harde, men dei vart stive nok til å dele dei i bitar. Etter at eg delte dei opp pakka eg dei inn i raud folie. Skikkelig julekarameller! ;)

mandag 21. desember 2009

Pepperkakehus


Her er pepperkakehuset vårt. I år sleit vi voldsomt med det! Tre av veggane og eine taksida var knekte nedi pakken, så vi måtte starte heile greia med å lime sammen delane før vi i det heile kunne starte med pyntinga. Så gjekk ikkje det etter planen, for sukkeret stivna før eg fekk saman delane og eine veggen knakk igjen etter den var limt, så den limte vi til slutt med melis, men enda opp med å måtte kaste den for den vart heilt ubrukeleg...Heilt ærleg var det like før heile huset gjekk rett i veggen! Men vi fekk til slutt pynta delane før monteringa skulle starte. Toppen var alereie nådd då vindauga losna frå veggane..ÅÅÅÅÅH!!!
Det enda opp med at eg limte saman taket og tre veggar med MASSE melis, så klipte eg ut ein vegg i papp som eg brukte som støtte til vi kjøpte eit nytt pepperkakehus på butikken dagen etter...
Kva gjer ein vel ikkje for ungane sine som så gjerne vil ha eit pepperkakehus?! Dagen etter det endeleg var ferdig, kom Sverre forventningsfullt med spørsmålet: "-Kan oss knuse det no?" NEI, sa ej. Ditta huset her skal stå til det dett sammen av seg sjølv.

fredag 18. desember 2009

Drama i barnehagen

Sverre har kjæreste i barnehagen. Nabojenta, Mia. Han tek ikkje det heile så seriøst akkurat, men det gjer tydlegvis kompisen hans, Jonas. ;)

Ein dag tidlegare denne veka kom Jonas springande, lettare stressa, til Sverre og fortalde at ho Mia hadde kyssa ein annan gut i barnehagen!
Kommentaren frå Sverre som viser at han er ganske avslappa til heile kjæreste situasjonen lyder: "-Ja, då he ho nok fått sitt første kyss."

onsdag 16. desember 2009

Lucia frokost

Mandag var det Lucia frokost i barnehagen til Sverre. Vi fekk både frukost og lussekatter og dei gjekk i tog og sang for oss. Flotte unger alle sammen! Og veldig flinke var dei. :)

søndag 13. desember 2009

1 års kontroll

Tirsdag var vi på 1 års kontroll med Martin. Han var 9800 gram og 76,5 cm lang. :)
Det vart i tillegg satt to vaksiner.

Martin har etterkvart blitt ein ganske så bestemt kar. Han ser med ein gong om Sverre får noko han ikkje får og då kan han legge seg ned med ansiktet mot golvet og hyle! Fullstendig fornerma.

Han et det samme som vi et, for han nekter plent å ete barnemat på glas om vi set å et noko anna...Graut er det slutt med for lenge sidan, for om vi sat og åt skiver var det uaktuelt for han å ete graut! ;)

Han har fortsatt ikkje sluppe taket og gått sine første steg. Han nøyer seg endå med å gå langs bord og stoler. Han kjem seg fint ned frå sofaen åleine og er ein aktiv kar ellers, så vi er spente på om det blir i år eller neste år vi får sjå han gå sjølv.

Han liker å stable og putte og han prøver å bygge med duplo og mega blocks, men det er ikkje alltid så enkelt å få bitane til å passe saman. ;)

Han seier mamma, dada, dædi (ferdig), hei og oi. "Oi" var vel det første ordet han sa etter mamma. Med Sverre var det "nei". :)

Julebord i barnehagen

Tirsdag vart det julebord i barnehagen til Sverre. Då var det på med finstasen for å ete svinemør og karbonader og anna snadder. Dei hadde hatt det kjempekjekt og kost seg masse. :)


onsdag 9. desember 2009

Minthjerter

I kveld har eg laga minthjerter. Det blir mykje snoperier til jul dette, men vi et ikkje så mykje kjeks og småkaker. Og så er det litt ekstra sjarm å kunne servere heimelaga snop ôg da! ;)

Desse laga eg med ei av dei små pepperkakeformene som eg kjøpte. Eg kjevla ut massa, stakk ut hjerter, dyppa dei i mørk sjokolade og pynta med melkesjokolade. Det hadde sikkert vore veldig fint å pynte med kvit sjokolade, men det hadde eg ikkje i skapet...

Det vart 25 hjerter av oppskrifta eg brukte, så eg trur eg må lage minst eit sett til, for desse kjem til å gå unna fort. ;)

tirsdag 8. desember 2009

Tomrens juleknask

Då var dei to yngste søstrene Tomren ferdig med årets juledrops, som vi har gitt navnet "Tomrens juleknask". Sunniva kom med hurtigbåten tidlegare i dag og etter middag sette vi i gong! Vi har fått bra dreisen på dette no tredje året på rad. :)

Her er alle krukkene vi fekk. Vi sikta melis og salmiakkpulver over dropsa etter dei kjølna sånn at dei ikkje skal klistre seg saman i krukkene. Dei mista litt av glansen då, men det får berre vere.

Her er jordbærdropsa uten melis. Dette er dei vi er mest fornøgde med reint utsjånadsmessig.


Og så eit bilete av dropsmakarane til slutt. ;) Det tek nokre timar å lage drops, så ein bør sette av ein lang kveld. Vi heldt på frå 17.30 til 22.00, så var det rydding og fordeling av dropsa etterpå. Det blir litt seint å køyre heilt til byen igjen når det blir so seint, så Sunniva pakka bagen og overnatta like godt til neste dag. Koselig! :)

mandag 7. desember 2009

Heimelaga marsipangriser

I går prøvde eg noko nytt. Eg laga marsipangriser! Eg fann mange små søte pepperkakeformer på Glasmagasinet her ein dag, og grisforma passa ypperleg til dette. Først kjevla eg ut marsipanen (ferdigkjøpt Odense) til ei ca 3-4 mm tjukk leiv. Så stakk eg ut grisane og dyppa dei i melkesjokolade (eg brukte gaffel for ikkje å "grise" for mykje) ;D.
Melkesjokoladen smelta eg i vannbad.

Det er viktig å ikkje dyppe marsipangrisane medan sjokoladen fortsatt er ganske varm, for da smelter marsipanen. Det er viktig at ikkje sjokoladen er for kald heller, for da vil ikkje den overflødige sjokoladen renne av marsipanen, men legge seg utanpå som ein tjukk klump sånn at griseforma ikkje kjem fram.

Det smakte minst like godt som ferdigkjøpte marsipanbrød ol. :)
Eg strødde farga strøssel på halvparten av grisane, men dei tok eg ikkje bilete av. Grisane kan godt ligge i kjøleskapet for at sjokoladen skal stivne før dei leggast i kakeboks på ein kjølig plass.

lørdag 5. desember 2009

Jula kjem krypande..

.. inn i stova vår! I år har eg ikkje pynta alt samtidig, så det har kome ein duk her og ein engel der sånn pø om pø, men det er igrunn litt greitt det ôg. :) Koselig at jula kjem snikande på den måten i staden for at "poff", så var det jul! ;)

fredag 4. desember 2009

Nissen har landa i hagen vår

... og her står sleda og reinsdyra hans! :D
I år har vi investert i ei sånn slede og nokre fleire lyslenker, for vi føler vi må gi eit av nabohusa her oppe i byggefeltet litt konkurranse, hihi. ;)

Mars i kveld

Tok dette biletet av Mars i kveld! Fantastisk klar himmel var det, så zoomlinsa (eller langelaura som den går under her i heimen) på kameraet fanga opp Mars langt der ute. :)

Eh...nei, tru det eller ei, dette er faktisk månen. Biletet er ikkje fiksa på, anna enn crop'a i picnik, så dette er den originale fargen kameraet mitt gjenspeila. Kunne sjå ut som Mars da, eller? ;)

Peispuss

Då er peisen pussa. Etterpå kunne ein faktisk sjå flammane inni peisen i motsetning til før...og eg såg litt ut som askepott. ;)

torsdag 3. desember 2009

Julemenn


I dag har vi baka julemenn. Deiga laga eg i går kveld da. Eg og Elin slo oss saman i år og baka ilag, vi og ungane. Det var koselig! :)

Sverre og Bertine var flinke bakarar og sjølv om Sverre blir fort lei av ting for tida, så både stakk han ut figurer og måla sjølv om det ikkje vart like mange som Bertine laga. ;)

Martin åt både mjøl og julemenn etterkvart som dei vart ferdige. ;)

mandag 30. november 2009

For ein dag!

I dag har det gått i eitt heile dagen for min del...puh!

Først var det i veg med desse to til fotografen. Det var 1-års bileta av Martin og nokre få som Sverre var med på ôg. Det gjekk strålande!
Så køyrde eg Martin til barnevakta for dagen, Inger Marie (tusen takk!), for å ta med Sverre til helsestasjonen for å få vaksine mot svineinfluensa. Vi hadde ein time på oss før vi skulle dit, så først rakk vi å handle litt julegaver, gå på kafè (etterlengta mamma og Sverre tid) og å handle litt på butikken.


Etter vi hadde henta Martin igjen sette eg ei deig av rundstykkeoppskrifta til Sybell (eg laga dobbel deig). Så var det å lage og ete middag før eg fekk tid til å lage rundstykka og på den tid hadde deiga heva seg så stor at lokket på Tupperware bollen min stod ca to centimeter opp i lufta...Men resultatet vart bra! Dei var veldig gode ja Sybell! Vi hadde sjølvsagt rundstykker til kveldsmat i dag. ;)


I tillegg hadde eg lova Sverre at vi skulle bake pepperkaker i dag, så det måtte vi. Heldigvis var det ferdig deig! Den fekk eg med Greta som hadde kjøpt den på IKEA. Den deiga var kjempego. Anbefalast.
Etter alt dette har eg fått vaska to maskiner med klede og lagt sammen fire...Bra ikkje alle dagar er som denne, sjølv om det har vore ein veldig artig dag da! Men no er det natta merker eg.

Fakkeltog 1.advent

1.advent er det tradisjon med fakkeltog på Hildre! Det var ein fantastisk flott dag å gå i tog på, litt kaldt berre. :)
Toget gjekk frå kyrkja til skulen med tenning av julegrana begge stader, til sang ved kyrkja og til korpsmusikk ved skulen. Vi er som sagt ein liten gjeng som har sett i gong å spele igjen. Vi var åtte stykker i går og vi spelte fire songar. Det gjekk ganske bra etter fire øvingar og maaange år sidan nokon spelte sist! ;) Trur publikum var fornøgd i alle fall. :)
Etter musikken var det servering av gløgg, kakao, kaffe, saft og pepperkaker på uteområdet på skulen.
Veldig kjekk dag! Og veldig kjekk tradisjon. :)

(Eg tok sjansen på å legge ut bilete av folk eg ikkje har spurt om lov sidan bileta ikkje er klare nok til å kunne identifisere nokon, bortsett frå oss i midten da ;)).

søndag 29. november 2009

Juleblogg

Sat i kveld å prøvde å lage bloggen koselig til jul, men eg er ikkje sikker på om eg vart heilt fornøgd...syns det vart litt rotete, men no er det for seint til å gidde meir, så det blir muligens ein finpuss i morgon igjen. :)

lørdag 28. november 2009

Snøven kom i dag

Det var ikkje lenge etter dei første fluksene kom at Sverre var parat ute på altanen for å fange snøvfnugg med tunga! Det ligg kvitt på vegane no her oppe i byggefeltet med oss. Koselig! Fekk julestemninga i dag tidleg faktisk, men den kom for fullt då snøven kom! Gleder meg til å pynte til jul eg no. :D

Kransekakepinner

I år har eg laga kransekakepinner. Eg brukte ferdig kransekakemasse frå Odense, og sjokoladen eg har dyppa dei i er ôg av merket Odense. Eg laga dei litt kortere enn det som er vanleg. Det er liksom litt lettere å ete små biter enn store, så eg håper det ikkje blir mykje rester etter at jula er ferdig. :) Men det skal sjølvsagt lagast anna snacks ôg, så rester er vel uunngåelig... ;)

Forsidepike i novemberutgaven

I ei av bygdebladets mange novemberutgaver rett nok, og saman med Catrin, men forside er forside og Catrin har vore forsidestoff før ôg ho, så dette er heilt reelt! ;) Biletet vart teke på kommunestyremøtet torsdag 26.november i forbindelse med skulenedleggingssaka som de kan lese av teksten.

Vaksinering

I dag tok eg med Martin til helsestasjonen for å få vaksine mot svineinfluensa. Sverre fekk tilbud om å ta den samtidig, men han vart fraråda av legen å ta den no medan han går på penicilin.

Han hadde ikkje svineinfluensa, men eit virus som hadde gått videre med komplikasjon i form av bihulebetennelse. Den trong han penicilin for å bli kvitt. I morgon er siste dagen med tabletter, så vi satser på vaksinering mandag!

Då vi sat der på helsestasjonen og venta på tur, fekk eg beskjed om at dei kom til å løyve nokre få vaksiner i dag, så om eg ville kunne eg bli vaksinert samtidig med Martin! Det tok eg imot, så no er både eg og Martin vaksinert. :)
Dei måtte kaste vaksinene om dei ikkje vart brukte i dag, for dei held seg visst ikkje meir enn til neste dag når glaset er åpna. Og sidan det er laurdag i dag og neste vaksineringsdag er mandag, fekk vi foreldra som møtte opp med ungane våre tilbud om vaksiner ôg. Ivar vart sett opp på venteliste, men dei hadde ikkje fleire att då, så han får vente litt til. ;)

torsdag 26. november 2009

Resultatet av skulenedleggingssaka

Då er kommunestyremøtet med saka om skulenedlegging over. Og vi får behalde skulen! I alle fall til 2012...då er det tanken at vi skal starte friskule med Montessori pedagogikk i staden. Om det ikkje er på plass til 1.august 2012, må ungane våre gå på skule i Brattvågen og skulen her på Hildre blir nedlagt. Det må berre ikkje skje! Men det er valg før den tid, så det er ikkje umuleg at vi får behalde kommunal skule på Hildre sjølv om vi no jobbar mot friskule. For kommunal skule er førstevalget. Friskule er det einaste alternativet til skule på Hildre slik saka står no. Og vi skal ha skule på Hildre! Ferdig med det.

Vi gløymer ikkje så lett denne saka her. Den blir nok alrdri gløymd blant oss her. Det stakk djupt denne gongen, det har vel dei fleste fått med seg via media. At dei så lett kan ta opp att denne saka berre to år etter dei la den død sist er heilt ufoståeleg for oss!

Om friskule er den einaste forsikringa vi har for at nedlegging av skulen vår ikkje skal kome opp att med det første, så ja mange takk! Kanskje det til og med er eit betre alternativ enn kommunal skule? Det vil tida vise. ;)

Det er i alle fall viktig i mitt syn å ikkje døme det nord og ned uten først å sjå resultata av læremetodane dei brukar på mine eigne born, for alle er ulike og har individuelle behov. Då kan ein bestemme kva som er den beste skulen for borna sine, ikkje utifrå forutintatte meiningar. Friskule er valgfritt og ein kan fint velge kommunal skule om ein meinar det er best. Men det er viktig å tenkje godt gjennom kva ein verkeleg vil no, for barneskuleåra får ein ikkje att, friskule eller kommunal skule.

Eg meinar det er viktig å tenkje nytt og Hildre skule er allereie inne på dette med aldersblanda klasser der alle kan lære av kvarandre, som Montessori. Og vi har ein sånn fin og trygg overgang frå barnehage til skule sidan dei held til i same bygget, så dei eldste og yngste "kjenner" kvarandre allereie før dei byrjar på skulen. Vi vil ha det sånn og ingen skal få ta frå oss det! ;)

onsdag 25. november 2009

Øyatur med Oslo besøk

I helga var vi på øya ein tur. Aina og Tuva kom på besøk frå Oslo, så då måtte vi sjølvsagt utover vi ôg! :) Vi tok med oss oldemor Jorunn bort på Flem då vi kom, sånn at vi kunne samlast alle saman. Berre Johan som mangla...
Vi hadde ei kjempekjekk helg ilag med familien, berre dumt det ikkje blir oftare! ;)



tirsdag 24. november 2009

Julemesse på gamleskulen

På laurdag var eg ein tur inne på gamleskulen på Flem for å sjå kva som var utstilt av juleting der inne. Der var mykje flott. Både juleting og andre ting. Eg enda opp med to pyntehjerter og fire adventsmerker med tal, frå første til fjerde advent, til å feste rundt kubbelys.

Hjerta og adventsmerka.

Her er kubbelyset med merket for første advent. Fint, ikkje sant? :) Litt annaleis enn vanleg.

Martin + sjokolade =


søndag 22. november 2009

Gratulere med overstått...igjen

Då har eg gjort det igjen! Ej gløymde å legge ut gratulasjon til Øystein på bloggen! Gratulerer med dagen i går 21.november! (Oss ringte no da). :) Eg lovar det skal komme bilete av deg ôg. ;)

Og so kan eg gratulere oldefar Sverre med dagen i morgon allereie no, sånn for sikkerheits skuld. :)

torsdag 19. november 2009

Gratulerer med overstått

Her er endeleg bilete av deg Bertine! (med Sverre i bakgrunnen da) ;)





Eg kom til min forskrekkelse på at eg har gløymd å legge ut bursdagshelsing til Bertine på 7 års dagen! Skjønne og flinke tante og onkel ungen vår Bertine vart 7 år mandag 16.november! Gratulere so masse med overstått vennen! Stor klem frå Sverre, Martin, tante Nina og onkel Ivar Narve. :)

Det kjem bilete av deg her når eg kjem heim frå jobb. ;)

Folkemøte

I dag er det folkemøte på Hildre kulturhus kl.18.00! Det er skulenedlegginga på Hildre og Grytestranda som skal drøftast. Ordføraren og andre politikarar kjem for å møte oss ansikt til ansikt, noko som eg trur er heilt avgjerande for resultatet. Det vil nok vere vansklegare å stemme for nedlegging når ein har eit ansikt å koble til saka. Det skulle vore obligatorisk for alle kommunestyremedlemmar å møte opp spør du meg.
Dette blir veldig spennende og ikkje minst dramatisk! Håper det vert ein skikkeleg dialog med mange gode argument! Møt opp og vis politikarane at det ikkje er greitt at dei legg ned skulen vår! :)

Hildre skule. (biletet er lånt frå hildrestranda.no)

onsdag 18. november 2009

Versågod neste

Då var det Martin sin tur. Fekk telefon frå Ivar no om at Martin har 38,7 i feber, så på veg heim frå jobb blir det ein svipper innom eit apotek gitt. Rart kor plutseleg feberen har komt! Både med Sverre og Martin skjedde det på eit blunk.
Sverre er feberfri i dag heldigvis, men ganske tett og litt verk her og der i natt. Sverre klarer i det minste å snyte seg da, men det er verre med Martin om han blir tett, sidan han ikkje kan det endå. Det blir travle netter i møte no merker eg...

************************************************************************************

Falsk alarm...i kveld fekk Sverre 39,5 igjen. Hadde håp om at han var ferdig no, men den gang ei.

tirsdag 17. november 2009

Oppdatering Sverre

Sverre har fortsatt feber. 38.6 i dag tidleg. I natt var han surklete i pusten. Nabojenta har vore på legekontoret og der sa dei at dei skulle rekne med det var svineinfluensa, så det gjer vi dermed med Sverre ôg sidan han var på besøk der dagen før han vart sjuk og dei fekk det etter han igjen.
Men han er ikkje heilt vekke sjølv om han er sjuk den karen! Neida, då eg skulle brøye på han dyna på sofaen i dag sa han: -tusen takk din fossil...(!)

søndag 15. november 2009

Svineinfluensa?

No ligg Sverre her med over 39 i feber. Han fekk plutselig feber i natt. Han hoster litt og er snørete og kvalm innimellom. Og så seier han at haudet er litt stramt (trur det betyr at han har hauverk). Mykje tyder på svineinfluensa her, så i morgon blir det ein telefon til legekontoret for å høyre om vi kan ta ein test og om han treng medisin. Eg ringte legevakta tidlegare i dag berre for å få registrert oss og fekk då tips om å ringe til legevakta i morgon sidan dei ikkje testar i helgene.
Så da får vi berre vente og fortsette med paracet så lenge.

Ingen av oss andre har fått det endå, men av erfaring er det vel berre å vente på det. ;)

lørdag 14. november 2009

Julebord

I går var eg på julebord med jobben på Parken i byen. Det var kjempegøy! Det var vel første festen på ca to år trur eg, så det var livsviktig å ta det litt rolig. Men det vart ein liten snurr da. ;)

Då vi var ferdige med maten satt nokre av oss ute i gangen å venta på dei andre for å fortsette festen på hotellrommet til sjefen. Då kom det ein mann gåande som var merkelig kjent, og då såg eg plutselig at det var Jon Almaas!
På snurren som eg var ropte eg: -Hei Jon! :D (typisk meg).
-Hei, svarte han. -Er dere kastet ut? Hehe, fekk oss en god latter der. :D

Etterpå såg vi Harald Eia og Bård Tufte Johansen ôg. Dei skulle ha show i byen i kveld. Skulle gjerne ha vore der! Sikkert kjempegøy.

Jungelfest og bursdag

Torsdag 12.november var det jungelfest på barnehagen! Vi fekk servert jungelsuppe som barnehageungane hadde delt opp grønsakene og kjøtet til. Det var kjempegodt! :)

Etter maten var det litt underholdning med ungane og Sverre var med i eit rockeband som gitarist. Han skal bli rocker seier han, så han vil ikkje klippe seg fordi han skal ha langt hår sånn som rockarane har. Trur det blir ein tur på frisøren snart. ;)

Ungane hadde laga forskjellige ting som vi fekk kjøpe og pengane gjekk til tv-aksjonen.

Etter festen var det rett heim for å ha familieselskap sidan Martin fylte eit år samme dagen. :)



Her er Martin i full gang med å innta bursdagskaka. :)

fredag 13. november 2009

Gratulerer med dagen

I dag har bestevenninna mi Linda bursdag! :D Gratulere so masse med dagen Linda! Oss må ta oss en jentefest snart. ;) Eg fann ikkje bilete av deg i farta og no er det så seint at eg må legge meg. ;)

torsdag 12. november 2009

Korpsøving

Her er klarinetten min! Den tok eg med meg og drog på korpsøving i kveld. Det var gøy! Det er iallefall 13 år sidan eg spelte på ein klarinett sist, så eg var litt spent då eg investerte i det. Men det gjekk overraskande bra, og gammal kunnskap var ikkje heilt bortkomen. Eg kunne faktisk til og med lese notar!
Eg har tjuvøvd meg eit par gongar heime før eg tok turen til korpsøving i dag, så å spele med dei andre gjekk heilt fint.
Vi var berre 6 stk i tillegg til dirigent/musikant Jan Granum. Han skal vere dirigent for oss og i tillegg spele sjølv, for vi er ikkje fleire enn 10-12 stykker. Vi starta opp i år og tromma sammen litt folk for å lage korps igjen på Hildre. Det har ikkje vore korps her på mange år no. Planen er å spele på juleavslutningane og i 17.mai-toget.

Martin 1 år

Martin guten vår er 1 heilt år i dag!! :D Gratulerer so masse vennen. Gleder oss til å feire i dag. :)

tirsdag 10. november 2009

Enda ein gong

Då har Sverre endå ein gong slått seg i barnehagen. Som sagt før, så er ikkje Sverre av den typen som slår seg og får eit skrubbsår, nei, han er av typen som slår seg og får donaldkuler og kutt som treng strips.

I dag fekk eg telefon frå barnehagen om at Sverre hadde hatt eit uhell. Skrekk og gru! Denne gongen hadde han sklidd på ei grein i eit tre, og då han datt fekk han ei grein opp i munnen. Den stakk heldigvis ikkje bak i halsen, men den traff opp mellom tennene og overleppa, sånn at leppebandet revna rett av ved tannkjøtet.

Det går bra med Sverre no. Eg sit her berre å lurer på kva som blir det neste...

søndag 8. november 2009

Norges beste lag

Ja, då vann faktisk Ålesund cupen! :D For ein thriller. Det vart nesten for spennede på slutten.

Vi vart invitert bort til Elin, Øystein og Bertine for å sjå cupfinalen på storskjerm i "Øysteins bar" i kjellaren. Det var stas! Vi koste oss med Aafk kake og greier. Dette vart ein utruleg kjekk dag, med siger på toppen. ;)

Farsdag

Gratulerer med farsdagen Ivar! Vi vil ôg gratulere min far, Arvid og Ivar sin far, Ragnar, med farsdagen i dag! Sender ôg ei helsing til besten min og oldefar til Sverre og Martin på farsdagen. :)

Her sit Ivar og nyt frukosten i den nye ulltrøya han fekk med oss i dag. :)

fredag 6. november 2009

Kinamat

"Kinamat!" kom det frå Sverre i kveld...hmmm, tenkte eg, taco er vel ikkje kinamat?

Men då eg såg Sverre sat ved bordet og stabla to tacotubs oppå kvarandre skjønte eg! Han meinte sjølvsagt isoporkartongane som dei leverer kinamaten i (eller gatekjøkkenmat som andre kanskje tenker først på)! Hehehe! :D

Gaver til Ukraina

No er det tid for å levere inn julegaver til ungane i Ukraina. Vi leverer inn til barnehagen, så sender dei gavene videre. Kjempeflott tiltak! Vi spanderer nok på oss sjølve av ting vi kanskje eigentleg ikkje har bruk for, så å gi nokre gaver til unger som kanskje ikkje får julegaver eingong er det minste vi kan ta oss råd til spør du meg. ;)

Her er eg og Sverre i full sving i går kveld. I år tok vi oss tid til å skrive ei lita helsing på korta som vi la inni pakken i tillegg til at Sverre teikna ei teikning til kvar pakke. Helsinga skreiv vi på engelsk, så vi håper at nokon kan oversette til ungane der pakken ender opp. :)
Sverre meinte at det skulle stå "klemz fra Sverre" på korta, men vi enda opp med "big hug from Sverre (5 years) and Martin (1 year) from Norway", sidan dei heilt sikkert ikkje kan norsk der pakken ender opp.. ;)
Alle pakkane vart merka med boy eller girl og alder.
Og jammen kom ikkje julestemninga litt sigende ôg! :)

Kul dude

Eg sette solbriller på Martin for eit par dagar sidan og da viste det seg å bo ein ganske kul dude i han! Sjekk her:

Er det luftgitar tru?


Solbrillegrepet er allereie inne. :)

tirsdag 3. november 2009

Kva skjer!?

Når eg ser på dei andre sine bloggar ser eg at det innlegget som viser frå min blogg er eit for 2 veker sidan! Eg har blogga 9 innlegg sidan det som ligg i listene til folk. Mi liste oppdaterar seg ôg seint. Kvifor er oppdateringa so treig?

Rundstykker og brød

Sverre har vore heime frå barnehagen dei to siste dagane fordi vi brygger på noko heile gjengen. Vi veit ikkje kva sjuke det er vi har, men vi er veldig tørre og tette i halsen, Sverre er snørete, Ivar har mista stemma, eg og Martin er ellers i god form og uten snørete nase. Alle er framleis feberfrie, så vi trur ikkje det er svineinfluensa. Men vi vil vere på den sikre sida før vi sender Sverre på barnehagen igjen sidan både han og Martin spydde på søndag og vi vart tette i halsen.

Sidan vi held oss inne må vi finne på noko anna enn å sjå på tv, for det kan bli litt vel mykje barne-tv no når det er teiknefilm heile dagen enten på NRK super eller Disney Channel (sjølv om det kan vere godt å ty til litt tv-titting når alt anna er kjedelig). ;)

Då fann vi ut at vi ville bake. Sunn bakst denne gongen. :)


Vi enda opp med eit brett med rundstykker, to store brød og i tillegg...


laga Sverre eit lite brød i brødforma si. Den er ca 15x7 cm, så det vart nette skiver dette, men dei smakte ekstra godt sidan han laga det sjølv!

søndag 1. november 2009

Flaks!

I dag har begge gutane våre spydd ein gong kvar. Då eg var på badet for å legge på plass handdukar og kom inn på vaskerommet igjen låg Martin å gnika spy utover golvet...
Sverre spydde utover seg sjølv, og medan han skifta sa eg at eg skulle sette på ei maskin med klede. -Å, då va d flaks ej spydde ut bukså mi! sa han. Hehehe, nåkken klare å sjå positive ting i alt. :D

lørdag 31. oktober 2009

Happy halloween

I dag er det som kjent halloween. Her i byggefeltet har det dei siste åra vore veldig populært å feire halloween, så vi har no gjort dette til ein morsom familiedag med utskjering av gresskar, pynte ute med fakler og ballonger og ungane går knask eller knep på kvelden.


I år kjøpte vi eit gresskar på Plantasjen. Det er første gongen vi har prøvd å skjere ut gresskaransikt, men det gjekk overraskande bra! Sverre syntes det som var inni var litt ekkelt, men det lukta igrunn ganske godt! Vi laga ikkje eit skummelt fjes da, for halloween her med oss er mest gøy og ikkje so skummelt. ;)
Eg hadde tenkt å lage gresskarmuffins av utskjeret, men hadde ikkje riktig krydder i skapet i tillegg til at klokka gjekk for fort i dag, så eg la det frå meg. Neste år kanskje? ;)

fredag 30. oktober 2009

Støtt oss ver så snill!

I forbindelse med skulenedleggingssaka vil ej oppfordre alle til å støtte oss på Hildre ved å gå inn på desse to linkane å føre seg opp på lista. På forhånd tusen hjertelig takk!! :)

http://www.underskrift.no/vis.asp?kampanje=2371

http://www.facebook.com/event.php?eid=177657479788&ref=mf

Bob

I dag tok eg det på sparket, tok turen på frisøren etter jobb og klipte meg kort. Det er enda kortere bake enn framme, så no er det ikkje mykje hår igjen for Martin å rive ut. ;)
Det var skikkelig deilig å bli kvitt litt hår! :)