Sverre har fortsatt feber. 38.6 i dag tidleg. I natt var han surklete i pusten. Nabojenta har vore på legekontoret og der sa dei at dei skulle rekne med det var svineinfluensa, så det gjer vi dermed med Sverre ôg sidan han var på besøk der dagen før han vart sjuk og dei fekk det etter han igjen.
Men han er ikkje heilt vekke sjølv om han er sjuk den karen! Neida, då eg skulle brøye på han dyna på sofaen i dag sa han: -tusen takk din fossil...(!)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

3 kommentarer:
Hehe, han er jo veloppdragen og takkar fint då, men... Fossil?
Hihi, du er jo 24 dagar eldre enn meg, så... ;-P
Nei, vil ikkje kalle meg fossil akkurat da! ;)
Legg inn en kommentar