fredag 24. desember 2010

GOD JUL

Vil ønske alle våre blogglesere
ei fantastisk god julefeiring!

Stor juleklem frå Hildregjengen. :)

mandag 20. desember 2010

Skulegudsteneste i Hildre kyrkje

I kveld var det skulegudsteneste i Hildre kyrkje.
Skuleungane hadde to ulike skodespel frå bibelen
i tillegg til songar og blokkfløytespeling.
Dei var så flinke!
Sverre var ein av dei tre vise menn
som kom med gaver til Jesusbarnet,
og som de ser var han veldig fornøgd med oppgava! :)

Tennbriketter til frustrasjon eller dekorasjon?

Dei eskene som tennbrikettane kjem i,
er ikkje alltid så flotte innredningsobjekt...
Skal eskene stå framme ved peisen og vere skrytne?
Skal dei stå i eit skap sånn ein må hente dei fram
kvar gong ein skal fyre opp i peisen?
Eller kan dei stå framme og likevel vere dekorative?
Ja takk, begge deler!
Eg har putta tennbrikettane våre i eit konserveringsglas
og plassert det på peishylla til både dekor og nytte. :)

søndag 19. desember 2010

Juletreet

Her er juletreet vårt som Ivar henta i skogen bak huset.
Eg er i julemodus og då blir det snøv på bildet
av ein eller anna grunn... ;)
Martin var med å pynta ilag med med og Sverre.
Han såg seg ut ei grein og hang alle kulene sine
i ein diger klase på den. :)

Julesveisen er på plass

I går tok vi den nyinnkjøpte klippemaskina og snaua
desse to strammingane her til jul.
Det var ikkje reint lite hår som kom av heller!
Martin kommenterer sveisen kvar gong han ser seg i speilet.
Han peiker, smiler og babler og syns han ser så flott ut!
Sverre ville helst ikkje klippe seg, for han skulle
spare til rockesveis, men så lenge det ikkje vart
like kort som Martin sitt skulle det gå bra, meinte han.
Det vart nok like kort som Martin sitt,
men det ser ut til å passere uten dei store protestane. :)

Pepperkakehuset


I dag har vi pynta og montert sammen pepperkakehuset vi fekk av besta.
Litt manko på den vanlege nonstop pynten i heimen,
resulterte i eit innhogg i sjokoladeblondene og bokstavane,
pluss litt ekstra mykje melisglasur. :)

Seigmannen i døra ønsker alle ei god jul.

Takpynten til Sverre.
Hmmm, har Sverre begynt på skule i år? ;)

Huset skal nok få litt bomull og nisser rundt seg,
sånn at det blir eit skikkelig julehus!

Stemningsbilete frå spisebordet

Juleduk, nisser og lyslykter!
Kan det bli meir jul? :)
Vi gleder oss til julaften!
Eg liker spesielt godt julemorgonen med kaffe og morgonkåpe,
nysteikte rundstykker, egg...og askepott på tv. :)

lørdag 18. desember 2010

Juletrehenting og skileik

I dag har Sverre vore på besøk med ein klassekamerat
på skileik og innandørs leik etterpå.
Vi fekk melding i går med invitasjon til gutane i
1. og 2.klasse om å komme kl.11 i dag med ski.
Veldig kjekt, og kjempegod idè!
Medan Sverre var på besøk der, tok Ivar med saga og
gjekk ein kjapp tur bak huset for å finne eit juletre til oss!

Sidan Martin er forkjøla med ei litt ekkel hoste,
var eg inne med han, men vi fulgte med fra vindauget!
De ser Ivar mellom trea,
omtrent midt i ruta over hovudet til Martin.
Han kom ned med eit tre som vi skal prøve
å få plass til i stova i morgon.
Det står i garasja for å aklimatisere seg no.
Eg har haurt at det skal vere bra... ;)

Nissefest


Fredag var det nissefest for skulen og barnehagen.
En liten og en litt større nisse var spente og glade
før dei skulle til å dra. :)

Det var felles nissetog for skulen og barnehagen.
Sidan dei er i samme bygget er det kjempefint
å gå ihop å lage eit større tog!
Alle frå skulen skulle gå ilag med ein frå barnehagen.
Dei minste, bl.a. Martin, hadde vore igjen på barnehagen
og hatt eit lite minitog innandørs, for det var veldig kaldt,
og dei hadde så smått blitt klare for middagsluren sin. :)

Det var to fornøgde nisseguter som venta då
eg omsider kom heim etter ein vellukka julehandel. :)

Sverre "tannlaus" Tomren Søvik

Tann nr. fire!
Andre framtanna oppe var skikkelig laus då Sverre
skulle legge seg i forgårs.
Eg ville han skulle dra den ut, men han ville ikkje.
Eg sa at han ikkje måtte svelge den om natta da,
men då han våkna dagen etter var ikkje tanna i munnen lengre!
Han merka det ikkje før eg spurte kor tanna var han, hihi!
Eg gjekk for å sjekke senga, og der, under puta låg tanna.
Han meinte på at vi måtte legge den i eit glas vatn,
for det funka tydlegvis ikkje å ha den under puta... ;)

Då eg kom heim frå jobb, hadde Sverre lagt tanna i eit glas
med vatn ilag med nokre pengar.
Eg lurte på kvifor han hadde gjort det
og då svarte han at han ville sjekke om det vart fleire tenner!
Hehehe, barnesinn seier eg berre. :D

No har Sverre mista to tenner nede og to oppe.
Dei to til sides med dei to han har mista nede står for tur,
for dei er heilt lause dei og. :)
Sverre kjem til å sjå ut som eit sjakkbrett når han mister dei!

torsdag 16. desember 2010

Sverres nisser

Sjekk desse to megasøte nissane som Sverre laga
på skulen på juleverkstad for eit par veker sidan!
Han har til og med fletta håret til nissejenta sjølv. :)
Dei har fått plass på stovebordet vårt innimellom eføyen,
saman med lyslykta som Sverre laga i barnehagen
som julegåve til oss i fjor.
Den er eg veldig glad i,
og det er eg i guten som laga den også. :)

Mine sju slag

Dei er ikkje alle av dei gode gamle sortane,
men i staden for å ha godkaker igjen i kakeboksene til neste jul,
så lager eg heller ting vi faktisk et opp. :)

Her er mine sju slag:

1. Marsipangriser med sjokoladetrekk
og andre marsipanfigurer
med raud og grøn konditorfarge.

2. Fløtekarameller.

3. Julemenn.

4. Pepperkaker.

5. Kransekakepinner dyppa i mørk sjokolade.

6. "Tomrens juleknask",
drops med cola-, eple- og jordbærsmak,
og salte drops (smaker rustne spiker).

7. Minthjerter med sjokoladetrekk av mørk sjokolade
og ringla over med kvit sjokolade.

Det var altså mine favoritter.
Hadde vore kjekt å sjå kva sorter dykk andre bloggarane lager. :)
Legg gjerne igjen ein kommentar, så eg kan finne innlegga!

fredag 10. desember 2010

Lyslykter i julevindauget

Det er så koselig å tenne stearinlys no
når kveldane er mørke og lange.
Her i huset er det forbudt med levende lys,
bortsett fra i lyslykter eller telysholdere. :)
Lyslykter koster jo gjerne nokre kroner, men det treng dei ikkje.
Kva med å lage ei sjølv?
Dei aller fleste har nok eit glas det feks. har vore syltetøy i?
Har ein tilfeldigvis litt hønsenetting liggende også,
så kan ein lage seg ei nydelig lyslykt heilt gratis!
Denne i midten laga eg i kveld i løpet av nokre få minutt. :)

Eg tok ein avbiter og klipte opp hønsenettingen i passende
størrelse som eg målte opp etter glaset eg skulle bruke.
Så førte eg dei to klipte sidene sammen og
tvinna alle dei små ståltrådendane i kvarandre.
Skøyten har eg snudd mot vindauget. :)
På toppen benda eg hønsenettingen inn i glaset
for å få ei fin avslutning uten spisse ender.

Vóila, enkel og billig kjempeskjønn gjenbrukslyslykt. :)

Ps. det er ikkje nødvendig å bruke hønsenetting,
det er kjempefint med eit telys kun i eit glas også!

Martin på julebord

Onsdag var det julebord i barnehagen!

Martin i finstasen sin, vest og skjorte med belte på buksa.
Han nekta å skifte til casual wear når julebordet var ferdig,
så da Ivar kom å henta han gjekk han rundt i vesten sin enda han,
medan alle andre ungane hadde skifta til ullklede og joggedresser.

Det skal seiast at Martin liker veldig godt å pynte seg.
Då kjem brystkassa fram og han sprader rundt
på gulvet og viser seg fram, hihi. Skjønningen. :)

onsdag 8. desember 2010

Glade bakedager

Vi har hatt bakedager her i heimen.
Søndag kom tante Elin, Bertine og Fredrik bort
for å bake julemenn ilag med oss.
Kjempekoselig tradisjon som vi starta i fjor. :)

 Bertine og Sverre i kjevla og kjevla og kjevla....
Eg hadde visst laga ei deig som ikkje var meininga
å klare å kjevle ut for hand. ;)
Men med litt makt og mykje tålmodigheit,
fekk vi has på deiga til slutt.

 Kvar si stor boks med julemenn fekk vi.
Heldigvis var smaken bedre enn deiga var mør. ;)
I bakgrunnen ser de dei heimelaga juledropsa våre.

Mandag var eg heime med Martin som hadde fått augebetennelse.
Vi brukte dagen på å få baka litt meir vi. :)
Det vart kransekakepinner og pepperkaker.
Viktig å kose seg medan ein baker som de ser!

 Eg hadde hjelp fra Martin til å begynne med,
men når han fann ut at kransekakedeiga var klissete,
sette han seg heller ned i sofaen og ropte på Gluggen
ilag med resten av Mikke Mus klubbhusgjengen på tv.

 Då Sverre kom heim bakte vi pepperkaker.
Vi venta til han kom heim frå skulen med å lage dei,
for han hadde så lyst til å vere med på det. :)

 Pepperkakene våre. Mmmmm...
Vi får sjå om vi pynter dei seinere.

Kransekakepinnane våre. Også mmm... :)
Dei skal, i motsetning til julemanndeiga, vere seige.
Då er dei aller best!

Ei tann mindre

 Sverre har blitt ei tann fattigere, men 20 kroner rikere. :)
Tanna datt ut medan han var på skulen på mandag.
Han passa på den heile friminuttet til han kom inn i timen.

Då tok læraren hans og pakka den fint inn,
så denne kjempesøte lille pakken hadde han med
seg tilbake i ranselen sin. Han var megastolt!
Dagen før stod han nemleg med ein gaffel inni
munnen for å prøve å tvinge ut tanna, uten hell.
Sverre er berre Sverre altså. :D

tirsdag 7. desember 2010

Heimelaga meiseboller

 I år ville vi prøve å lage vår egen fuglemat!
Eg fekk inspirasjon frå fattighuset, og syntes det såg veldig gøy ut.
Så eg kjøpte inn frø og feitt og vi sette igong. :)

 Sverre fekk ansvaret å klippe opp posen med frø
og tømme den i bollen.
Ein fornøgd Martin her, sjølv om han ikkje fekk klippe... ;)

Hmmm, er dette godt?

 Nei.

Vi smelta feittet og tømte det i frøblandinga.
Det var mi oppgave sidan smelta feitt er veldig varmt!
Sverre blanda i vei, djup konsentrasjon.

Vi brukte ungane sine plastkopper til støypeformer.
Vi berre fylte dei opp og sette dei kaldt sånn at feittet stivna.

Så var det å leite fram litt hønsenetting og ståltråd,
og vips så har vi kjempefin heimelaga fuglemat!
Eg var nøyen med å bende inn alle spisse ender på nettingen
sånn at fuglane ikkje skal stikke seg.
Det er sikker fint å bruke not og tråd også.
På fattighuset hadde dei støypt inn ein tråd i meisebollane sine.
Eg kom på for seint at vi skulle gjort det,
så det vart hønsenetting på oss.
Fire-fem hol i tomlane høyrer vel med det til sånt pøt. ;)

søndag 28. november 2010

1.søndag i advent

Då er vi endeleg komt til adventstida igjen! Den deilige tida der jula kjem krypande sakte men sikkert og vi er fulle av forventning og deilige følelser. Roa senker seg i heimen og vi kjenner den lune varmen fra peisen.
Dette er tida med lange koselige frukoster i helgene og stearinlyskvelder...Beste tida i året!

 Då Martin fekk høyre at vi skulle ha den første julefrukosten i år,
var han ikkje sein med å sette seg til bords!
Han hadde sjølvsagt ikkje peiling på kva ein julefrukost var,
men han syns sikkert det høyrdest ekstra godt ut. :)

Klokka 16 var det tenning av julegrana ved kyrkja med sang
og så var det fakkeltog etterpå fra kyrkja til skulen, der det var
tenning av andre julegrana.Ved skulen stod vi musikantane
(heile 10 stk) og venta for å spele julesangertil dei som gjekk i tog.
Vi spelte fire sanger. To av dei ved julegrana,
men då fraus ventilane fast på to-tre av instrumenta!
Så vi måtte berre flytte oss inn i gangen på skulebygget for å
få varmen i instrumenta, så fortsatte vi med dei to siste sangane
utendørs igjen. :) Ikkje ideellt for instrumenta og fingrane
å spele utandørs ved 7-8 minus!

Det var flott å sjå at så mange gjekk i tog igjen i år!
Veldig gøy å spele til ein stor gjeng, og ekstra gøy å få skryt.
Då blir vi bra stolte! ;)

No er det kyrkjekonsert neste!
Hildre kyrkje mandag 20.desember kl.18.00.

Må berre slenge med eit bilde av karane som pynta juletre
ved skulen. Ikkje akkurat HMS, men treet fekk lys!
Undertegna heldt stigen nederst.
Den sterkaste skulle sjølvsagt halde stigen...
I tillegg var Sunniva med, ho som har sånn tilhørigheit til Hildre. ;)
Vi var vel for det meste ansvarlig for å floke opp og halde
lyslenkene og ellers hoppe opp og ned for å halde varmen. :)
Tripp trapp tresko (legg spesielt merke til mannen øverst i treet,
han ville gjere oppmerksom på at det var mykje kaldere der oppe!).


Den årlige dropsdagen

Fredag hadde eg og Sunniva dropskveld der vi laga juledropsa våre.
I år laga vi slikkepinner og tofarga drops.

Her er årets produksjon. Vi laga sjølvsagt salte drops også.

Slikkepinnane er populære blant ungane og vennane deira,
så dei er nesten forsvunne berre på to dager!
Det er ikkje så rart, for dei er veldig gode om eg får seie det sjølv! :)

torsdag 25. november 2010

Raudnasedagen

Her er eg og min raude nase som eg har kjøpt
 og dermed vore med å støtta Redd Barna i sitt arbeid
for barns helse, bla. trygg fødsel og livreddende helsehjelp,
som står på plakaten i år.

Eg bidrog i tillegg til litt latter i matpausa på jobb. ;)

onsdag 17. november 2010

Haustfest på skulen

I går var det haustfest på skulen! :)
Då lager elevane rundstykker på skulen og familiane tek med seg eit fat kvar med pålegg. Det vert laga til langbord med masse godt pålegg og rundstykker. Kjempekoselig!
Før vi et er det forestilling der alle klassene har laga eit program beståande av bl.a. sketsjer, sang og dans.
Dei var skikkelig flinke alle sammen!
Den største hiten var nok allikevel då 3.klasse hadde "røris". En slags trim for alle på svensk. Megagøy! :D
Alle i salen skulle vere med, og vi vart ganske varme i trøya gitt. :)

 1. og 2. klasse hadde skyggeteater i år med krabbekrølle og flyndrefanten i hovedrollene. :)

 Alle ungane på skulen sang to sanger ilag før det var kveldsmat og lotteri heilt til slutt. Ingen gevinster på vårt bord, men det gjekk bra det, sjølv om fruktkorgene frista litt ekstra da. :)

Martin i klatrehumør.

Bertine 8 år!

Tirsdag fylte Bertine 8 år! Gratulerer so mykje til den flotte storejenta vår. :)
Stor klem frå tante Nina, onkel Ivar Narve, Sverre og Martin.

lørdag 13. november 2010

Martin 2 år

Fredag 12. november fylte Martin 2 år!
Gratulerer so mykje til godguten vår. :)

 Vi bruker å vekke ungane om morgonen med ein pakke den dagen dei har bursdag, og i går var intet unntak. Martin fekk ein traktor med henger. Ganske trøtt, men veldig glad! :D

Tirsdag hadde vi familieselskap.
Martin blåste ut lysa på kaka på første forsøk og var veldig stolt.

Han vart veldig glad for alle gavene han fekk, men denne støvsugeren var nok den største favoritten.
Det er sånn vi har sett Martin for det meste denne veka, med støvsugeren på slep. ;)