onsdag 17. november 2010

Haustfest på skulen

I går var det haustfest på skulen! :)
Då lager elevane rundstykker på skulen og familiane tek med seg eit fat kvar med pålegg. Det vert laga til langbord med masse godt pålegg og rundstykker. Kjempekoselig!
Før vi et er det forestilling der alle klassene har laga eit program beståande av bl.a. sketsjer, sang og dans.
Dei var skikkelig flinke alle sammen!
Den største hiten var nok allikevel då 3.klasse hadde "røris". En slags trim for alle på svensk. Megagøy! :D
Alle i salen skulle vere med, og vi vart ganske varme i trøya gitt. :)

 1. og 2. klasse hadde skyggeteater i år med krabbekrølle og flyndrefanten i hovedrollene. :)

 Alle ungane på skulen sang to sanger ilag før det var kveldsmat og lotteri heilt til slutt. Ingen gevinster på vårt bord, men det gjekk bra det, sjølv om fruktkorgene frista litt ekstra da. :)

Martin i klatrehumør.

Ingen kommentarer: