På barnehagen til er det innsamling av julegaver til barn i Ukraina i år som i fjor og åra før.
Eg synes det er eit kjempegodt tiltak! Vi har vore med på det sidan Sverre gjekk i barnehagen første åra. Fredag er siste frist for innlevering, husk det! (til dei dette gjeld sjølvsagt) :)
Sjå for deg gleda til ein liten gut eller ei lita jente idet ho kanskje får åpne si aller første gåve nokon gong!
Det gjer så godt i sjela å kunne gi til dei som ikkje har alt det vi tar for gitt. Vi har iallefall meir enn nok av leiker og bamser som er svært fint brukt, som vi meir enn gjerne gir bort til nokon som vil ha glede av dei. :)
Eg tok ei runde på leikerommet og opp på mørkeloftet og leita fram både leiker og bamser
som sikkert berre hadde morkna opp der oppe uansett.
Eg tok sjølvsagt ikkje favorittleikene til våre eigne unger da, det var det gitt klar beskjed om. ;)
Eg tok fram vaskebøtta og reingjorde alle leikene godt og vaska bamsane i vaskemaskina.
Her sit bamsane og tørker seg framfor peisen i påvente av å havne i ein pakke som skal ende opp i fanget til ein gut eller ei jente i Ukraina som vil ta mykje bedre vare på dei enn det vi ville gjort. :)

2 kommentarer:
Du e både flink å snill Nina =) Ej gjekk litt amokk her i huset mæ ;) Vart 15 pakka te slutt, kle og leike og litt godis i pakkane, so fær en håpe nokken andre bli gla for ting som berre ligg i kasser her heime :)
Såg ut so der va nokre bamsa på tørk me dej ja :D
Ditta vakje alle bamsane engong, for ej glømte å ta bilde før ej bjønt å pakke inn, hihi. :)
Du e snill og flink du mæ Vibeke!
Legg inn en kommentar