søndag 29. august 2010

Dagens hagearbeid

I dag har eg brukt dagen på å jobbe i hagen. Eg har så mange prosjekt som enten er igang eller i haudet mitt, så det var bra eg fekk gjort unna ein del i dag. Hagen har ein tendens til å trenge seg inn i tankane mine både i tide og utide, men det er kun gode tanker! :) Hage har nemlig blitt min hobby og lidenskap dei to-tre siste åra. Vi har ei tomt som ligg i ei skråning. Den er godt utfylt, men vi kjem ikkje unna å ha ein del skråningar i hagen. Eg har tenkt mange ganger at det ikkje er mulig å gjere noko med desse skråningane anna enn å lage "kommune-skråninger" som eg kaller det. Eg synest ikkje dei er så veldig vakre, men det er kanskje fordi dei er så vanlege.
Men i vår kom det ein hageidè krypande inn i tankane mine igjen, så eg sette meg ned med skisseblokka og teikna som best eg kunne. Dette er det foreløpige resultatet, men det er laaaangt fra ferdig enno. :)

Ein trappebærhage! Eg har planta bærtrea i skråninga og laga trappeavsatser både over og nedom dei. Eg har gjort det på denne måten med duk, heller og singel både fordi det er lettere å hale det ved like og fordi det er ei ganske bratt skråning som det er umulig å fotfeste seg i når det er vått. Vi er nemleg plaga med leirejord, så når det er tørt er bakken steinhard, og når det er vått er alt berre ein stor gjørmehaug. Men no skal det gå bra! :) Eg har planer om endå ein avsats med bærplanter og ein hellesti over den også. Det skal gå ei trapp opp langs heile bakken, og vi skal ha ein lun sitteplass omtrent der eg står og tek det høgre biletet ifrå. I nederste rekka har vi no jordbærplantane nedi støttesteinane i staden for i skråninga der denne trappebærhagen no er. Det er nesten som ein moderne lund! ;)


Då alle bærplantane fekk seg nye plasser, vart det plass til søtkirsebærtreet på marka i staden. No er plenen full av svarte, passe store rundingar. ;) Eg har planer om at dette treet skal bli stort og flott, sånn at vi kan ha ein piknikbenk under treet der vi kan kose oss heile året. :)

Så vart det hekk også! Dette er duftsyrin. Den har blomster som lukter kjempegodt! Den blir ca 3 meter høg, og det passer bra når den er nordvestvendt på tomta vår, så vi får litt lunere hage.
Eg har mange fleire idèer, både som har komt på papiret og som fortsatt berre er i haudet mitt, så det blir nok fleire oppdateringar på hagen etterkvart. Kanskje eg skulle ha laga meg ein hageblogg?

Det blomstrer i hagen enno

Haust betyr ikkje at det er slutt på hagelivet! Å ha ein hage som blomstrer frå mars til oktober er ein draum for mange. Det er det for meg ôg. Eg har brukt ein del tid på å finne planter som avløyser kvarandre i blomstringa, men det er ikkje alltid så lett å huske kva som var kva når det blir planta i fleire runder og kanskje over fleire år. Det er vel knapt ein plante som står på samme plass i bedet no som då dei vart planta første gongen...Men det kjem seg! Her er nokre bilete av planter i hagen vår som blomstrer no lenge etter at mange andre er ferdige for i år:

Klatrerosa mi! Heidelberg meiner eg på at den heiter. Om ein klipper vekk avblomstra knopper like over eit nytt skudd, så lager rosa mange nye knopper!

Det er ikkje berre blomster som står i sin prakt no, men hageblåbæra er på vei, og sukkererterne som vi var litt seine å få i jorda i år har starta å kome no.


På stien vår som eg har brukt mykje tid på, har thymusen endeleg begynt å snirkle seg rundt hellene. Her er det fire ulike sorter thymus, nokre er kvite og andre har rosa blomster. Dei kvite sprett først, så kjem dei rosa på rekke og rad. No blomstrer denne sorten på siste verset for i år.


Liljer har prydverdi heilt frå vår til haust. Den er veldig fin no når den blomstrer! Den er planta saman med bl.a. phlox som blomstrer frå tidleg vår til midtsommers. I steinbedet eg har laga har det kome fleire nye vekster i år. Den rosa kryprosa Sandefjord har enno mange knopper som ikkje har blomstra, men peppermyntebuska har vore ferdig i nokre veker no.


Blomster i krukker er veldig fint! Og dei kan ein berre bytte ut til haustblomster når sommerblomstrane er ferdige! Korga er nyplanta med forskjellige haustblomster, men dei andre er blomster som har overvintra i kjelleren. Det var spennende å sjå om dei kom igjen i år, men det gjekk heilt fint. Dei skal få kvile i kjelleren i vinter også.


Mi nydelige kryprose Pink the fairy. Den har ikkje blomstra så lenge og den har massevis av knopper, så denne vil nok blomstre til langt utpå hausten. :)
No er det berre å vente på at frukttrea skal beskjærast! Ja, eg elsker hage og alt arbeidet med den! Til og med luking. Men om nokon finn opp ein vedlikeholdsfri hage, så berre kom med det! ;)

lørdag 28. august 2010

Kupp på Viddals gartneri

Sjekk desse nydelege skattane eg fann på halv pris på Viddals gartneri i går!
Eg gleder meg veldig til å finne plassane deira i heimen vår eller i hagen. :)

Ferietur på øya

For ca. to veker sidan var vi ein tur på øya med mormor og morfar. Aina var der ute med ungane og Sunniva og Jan Egil var der også, så vi var ein heil gjeng. Kjekt!

Vi styrte med mykje forskjellig der ute. Blant anna boccia, bading, fisking av krabbe og krokett. Sverre og morfar måtte redde ein skarv som hadde forvilla seg inn i garasja ôg! Sverre syns det var ekstra spennende. :)


Her er nokre koselege bilete av familien Tomren. ;)

torsdag 19. august 2010

Skuleguten vår

I dag var det første skuledag for Sverre! Dagen gjekk veldig bra, og Sverre fann fort kameratane sine. Sidan skulen og barnehagen held til i samme bygget er det ein trygg overgang fra barnehage til 1.klasse. I tillegg går 1. og 2.klasse ilag og der kjenner Sverre også dei aller fleste frå barnehagetida og friminutta på skulen. :)

Sverre på plass ved pulten sin i klasserommet.

Her er vi på veg ned på skulen. Vi er så heldige å ha gangavstand til skulen, med eigen gang og sykkelveg ned. Vi er ikkje innom hovudvegen eingong, så det er ein ganske trygg skuleveg Sverre får i tida framover. :)


Å starte på skule medfører gym og turdag, og då må skotøyet vere i orden. To nye par står å venter på å bli godt brukt.

onsdag 11. august 2010

Ein liten skatt

Då vi var i Arvika måtte eg berre på loppis! Eg har alltid hatt lyst til å gå på loppis i Sverige og no fekk eg sjansen. Der på eit bord stod denne gamle kjøkkenvekta å lyste mot meg! Eg kunne ikkje gå frå den, så no står den i vinduskarmen på kjøkkenet vårt. :)

Theodor sin dåp

Søndag 8.august vart superskjønne Theodor døypt! Gratulerer so masse til foreldre (Aina og Johan) og faddere! Og storesøster Tuva. ;) Vi hadde ein flott dag ilag med heile familien.

Besøk med onkel Odd

På veg til Oslo i barndåp, overnatta vi med onkel Odd. Vi parkerte på tunet utanfor huset og overnatta i bilen. Vi plukka bær og koste oss masse på besøk. Søndag stod vi opp til dekka frokostbord med deilig kaffe. :) Tusen takk onkel Odd! Vi kjem på besøk neste gong vi er i traktene ôg! :)

Campingtur til Arvika

Vi var så heldige å få låne bobilen til foreldra til Ivar, eller svigers som eg kan kalle dei no ;) , for å ta oss ein liten campingtur til Sverige forrige veke. :)
Etter jobb på onsdag heiv vi oss rundt å pakka inn i bilen og køyrde i veg. Alt er så mykje lettere sånn sett når ein køyrer med senga bak i bilen.

Vi kom til Arvika på torsdag. Der var mange ender på stranda som fekk fordøye vårt gamle uttørka brød. ;) Martin og Sverre syntes det var så gøy at alle endene sverma rundt dei! Det var nok litt skrekkblanda fryd.

Fredag skein det opp og vart så varmt og flott, så då fekk Sverre bade. Det var litt for kaldt for oss andre, så vi nøydde oss med å vasse. Vi hadde campingplass rett ved strandkanten, så ungane kunne utfolde seg fritt i sanden medan vi sat på campingstolane ved bilen og fulgte med.
Det var så koselig å vere på campingferie igjen! Vi har kun vore på hytte eller telt med ungane før, men det blir noko heilt anna med campingvogn eller bobil. :)

På laurdag drog vi frå Arvika for å besøke onkel Odd og for å vere med på dåpsdagen til tante og onkel ungen vår Theodor i Oslo. :)

tirsdag 3. august 2010

Rørt jordbærsylte

I helga var Ivar i Valldalen på olsokfeiring. Han var så snill å kjøpe med seg nokre korger med jordbær heimatt. Vi åt ein del og så laga eg rørt jordbærsylte av resten. Nam!! :)

mandag 2. august 2010

Ripsbær

Vi har vore på øya i helga i forbindelse med opninga av Klæberget. Men sidan vi solgte alle dropsa første dagen fekk vi masse tid til andre ting der ute også. Ripsbærplukking blant anna. Sverre elsker bær, så han maste om når vi skulle ned å sjå om dei var modne. :)
Det var nok litt tidleg endå, men vi plukka litt. Kjedelig å plukke berre ei og ei bær sidan ikkje alle på samme stengelen er modne. Men dei var gode!

søndag 1. august 2010

Klæberget

Biletet er lånt frå ullanett.com
Fredag var opningsdagen for butikken på Klæberget. Det var barneklede, duker, pledd, puter, scrapping, foto, kaker og kakepynt og mine og Sunniva sine heimelaga drops til salgs blant anna.
Vi hadde laga drops som skulle halde til heile helga vi, men alle vart solgt i løpet av få timer på fredag! Det kan vi kalle suksess!
Og det vart suksess for alle utstillarane. Alle fekk solgt massevis av ting dei hadde laga sjølve, så det blir gjentakelse neste år til Ulladagane som i år. Så gøy! Vi veit i alle fall at vi må lage meir drops til neste år. ;) Kanskje eg husker å ta med fotoapparat ôg.

Stilen i orden

Sverre vil spele fotball oftere og oftere no om dagane. Han og Jonas bruker å bytte på å stå i mål og å skyte. Det er målvaktjobben det er mest rift om, men eg har lagt merke til at Sverre har skuddfoten i orden ôg. Blir spennende å sjå kva klubb han vil spele på, men eg trur det er Brattvåg han har sett for seg. :)

Epler

Til bryllupet fekk vi ein del gavekort for å bruke på Viddals gartneri i Brusdalen. Eit av dei var øyremerka epletre. Sverre sitt store ønske. :) Så vi enda opp med eit epletre, eit plommetre til og eit søtkirsebærtre. Praktisk å kjøpe frukttre ferdig med frukt hengende på greinene. :D

Båttur til Ona

Tidlegare i veka hadde vi kjempeflott båtvêr, så vi løyste båten for å ta oss ein liten tur. Vi hadde ikkje planlagt nokon destinasjon, men vi enda til slutt heilt ute på Ona etter ein pitstop på Finnøya der vi kjøpte is.
På Ona gjekk vi opp på fyret berr for å ha gjort det, så åt vi middag på Ona havstuer sin restaurant. Vi har ete på ein del restauranter opp gjennom åra, men vi har aldri fått så store porsjoner som der! Eg bestilte bacalao og Ivar bestilte fiskesuppe. Vi kunne lett ha delt porsjonane i to og likevel vore stappmette. Maten var nydelig. Det var øya ôg. Det var vår første tur dit og eg la min elsk på fyrvokterhuset. Det var berre så flott! Eg ønsker meg eit sånt sommerhus ved havet eller eit vatn ein stad. Det har eg gjort lenge. Det var eit hus til salgs på Ona, men det hadde ikkje tomt, berre huset, så det var ikkje så interessant. Eg MÅ ha hage. :)