lørdag 29. august 2009
Null internett...
Det skjer ting i heimen for tida, så det blir ein del innlegg her når, eller om, vi får att internett snart! :)
Kan legge til at Martin har fått dreisen på krypinga no. :)
onsdag 12. august 2009
Martin 9 mnd
Harry Potter
Vi benka oss med smågodt, brus og popcorn og rett storkosa oss! Skikkelig kvalitetstid med søstrene sisters. ;)mandag 10. august 2009
Gamlegjengen
Vi kosa oss i godt lag i dag med slarving om gammalt og nytt. :)Sverre og Marius fekk fri frå barnehagen så dei skulle få møtast igjen også. Sarah og Martin sov om kvarandre, så det vart ikkje mykje dei fekk treffest denne gongen. Vi var alle einige om at dette må gjentakast i juletider då alle er "heime" igjen. Gleder meg allerede! :D
søndag 9. august 2009
Valldalstur
I dag tok vi turen innover til Valldalen vi ôg og fekk spandert på oss middag og bowling! Tusen takk! Det var kjekt. Så må eg få legge til at eg vant bowlingrunda. ;)
Før vi åt middag tok vi oss ein tur nedi fjøra og bada litt. Det vil seie, Sverre og Bertine bada. Vi andre vassa. :) Det var sol og 24 grader der inne i dag, så vi hadde ein flott dag. Det var kjekt å få att Sverre ôg, sjølv om han var vekke berre ei natt. Det er så rart med det når ein er vant til å ha dei heime med seg heile tida! ;)Så til noko eg ikkje har blogga om endå! Som de kanskje ser på biletet skal Elin og Øystein ha baby igjen! :D Då blir Bertine storesøster, Sverre og Martin får seg eit nytt søskenbarn og vi blir tante og onkel til ein liten gut! Det er første for oss. Vi er tante og onkel til to kjempesøte jenter frå før, og det blir kjekt med ein liten leikekamerat til Martin. :)
Datoen er 1.juledag, men Elin vil prøve å knipe igjen til 2010. ;)
fredag 7. august 2009
Oppdatering på Martin
Tydeligvis tida for store kryp
torsdag 6. august 2009
Enormt insekt
Vi gjekk etter lyden, og der, eit kjempedigert insekt som eg ikkje kunne sette fingeren på kva det kunne vere! Eg var borti å tenkte på dronningbie, for eg var nesten sikker på det måtte vere ei slags bie eller noko liknande. Det hadde 4-5 cm lang kropp, lange føter og følehorn, brodd, store vinger, men lite flygedyktig og knall oransj og svart på farge.
Eg spurta inn etter kameraet for å dokumentere det sidan eg hadde lite tru på at nokon ville tru meg, bortsett frå Sverre som var der. ;)
Etter ei lita runde med søking på nettet i kveld fann eg fort ut at dette dreide seg om ein kjempetrekveps!
Her er utysket, og her er det eg fann ut om kjempetrekvepsen:
KJEMPETREVEPS
Kjempetrevepsen ser fryktelig farlig ut. Den kan bli 4 centimeter lang og ha et vingespenn på mer enn 6 centimeter. - Ikke rart at mange mennesker blir skremt når de møter på den!
HELT UFARLIG
Til tross for sitt fæle utseende er kjempetre-vepsen helt ufarlig. Det som ser ut som en lang brodd bakerst, er eggleggingsrøret. Dette redskapet bruker vepsen til å legge eggene sine dypt inne i stammen på furutrær. Der utvikler larvene seg og gnager seg en gang ut mot barken før den forpupper seg. Slik blir den liggende vinteren gjennom.
KJEMPETREVEPS I STUEN
Mange har opplevd å få denne digre vepsen inn i stuen på senvinteren. Grunnen til det er at de har tatt inn furuved som inneholder vepsepupper. På grunn av varmen i stuen, klekkes puppene og vepsen kryper ut av stammen. Det kan bli en skremmende opplevelse for hele familien!
onsdag 5. august 2009
Sylting
Det gjekk overraskende bra, etter ei lita stund med prøving av forskjellige verktøy, sidan eg plutselig kom på at den tingen som skal halde vispane på kjøkkenmaskina mi er øydelagd...Handmikser og bolle funka ikkje. Då vart det bærsaft på veggane. Stavmikser funka derimot veldig bra! ;)
Eg laga både jordbærsylte og bringebærsylte. Rørt jordbærsylte er utruleg godt da, men eg syntes faktisk at bringebærsylta vart hakket friskere. :)
Dette skreiv seg rett inn i tradisjonsboka!
lørdag 1. august 2009
Hårmanke til besvær
Det heile enda med at eg tok ei saks og klipte av hårdotten som sat fast medan Ivar heldt haudet hans i ro.
Sånn kan det gå, men alle kom frå det utan varige mên. ;)
