lørdag 29. august 2009

Null internett...

Det har vore fantastisk lite blogging her i det siste. Det har si enkle forklaring i at vi ikkje har hatt internett på ei stund! Vi har snakka med Telenor og etter tredje telefonen kunne ein kar fortelje oss at det ikkje var linja det var noko gale med, men modemet vårt. Så han skulle sende oss eit nytt. Det var for to veker sidan, men noko moden har endå ikkje dukka opp. Tragisk! Får nesten internettabstinenser her.

Det skjer ting i heimen for tida, så det blir ein del innlegg her når, eller om, vi får att internett snart! :)
Kan legge til at Martin har fått dreisen på krypinga no. :)

Ingen kommentarer: