tirsdag 30. desember 2008

På Kleppen

I dag tok eg, Ivar, Sverre og Martin oss ein tur ut på Kleppen. Sverre lurte på om vi kunne fare dit ein dag vi køyrde forbi, så i dag tok vi med oss Martin og trilla i veg! Ivar lurte på om det gjekk an å ta med vogna ut dit, og det meinte eg heilt klart gjekk an sidan der var traktorveg ut dit. Så vi trilla i veg.


Då vi kom fram til vegen ut til Kleppen meinte Ivar at eg måtte lenger ut på landet med den traktorvegen, og det skal eg igrunn vere enig i, for som ein ser er det ikkje så mykje traktorveg. Ikkje ein gong ein sti er det ut dit...(dette bildet er teke frå Kleppen mot bruvegen).


Men vi humpa og dumpa oss over grastustene, taren, rekveden og steinane til vi kom fram. :) Når eg har bestemt oss, er det vanskeleg å overtale meg til noko anna. ;)

Her har Ivar og Sverre klatra opp på Kleppen. I farta ser det jammen ut som det er Kaptein Sabeltann som står der oppe, hehe. Eg venta nede med Martin, for vogna innsåg til og med eg at vi ikkje fekk opp dit. Martin hadde ikkje fått med seg noko likevel..

Men vi hadde ein fin og frisk tur i blåsten. Det er mange år sidan eg var ute på Kleppen sist, og Sverre hadde ikkje vore der før. Ikkje Ivar heller etter det eg kan huske, så det var kjekt. :)


Ullatur

4.juledag drog vi på tur til Ullafyret heile gjengen. Det var ein fantastisk dag, heilt skyfritt og svartestille. Så det passa kjempebra å ta seg ein tur, sjølv om det kanskje er finast der ute når det er ruskevêr. Men det passa best å ta med ungane når det var fint.


Ut på tur aldri sur! Det var friskt og godt å vere ute i kulda.


Alle skulle vere med heilt ut på fyret, så då må sterke hender bere dei som ikkje kjem seg dit på eiga hand. :) Til og med geitene ville vere med oss ut dit, helst for å få seg litt snacks tenker eg. ;)


Sverre syntes det var kjekt å turne på rekkverket, men det resulterte i litt knall og fall...men det gjekk heldigvis bra :)


Eg og Sverre med Ullabrua og Flemsøya i bakgrunnen.


Vi fekk med oss ein flott solnedgang frå Ullafyret denne dagen.

lørdag 27. desember 2008

Traktorkøyring og bålbrenning

I dag fekk Sverre endeleg vere med på traktortur igjen! Dei skulle brenne rusk frå kjellaren på Flem. Eg og Martin trilla etter dei nedi fjøra for å sjå på og å ta nokre bilder. :)


Her får Sverre styre traktoren!


Og her hjelper han til med å lesse rusk opp på skuffa på traktoren.

Her har vi kome ned i fjøra der rusket skal brennast.


Eg veit ikkje heilt kva Sverre styrer med her, men det vart iallefall eit bra bål. :)

Julaften

I år feirer vi jul ute på øya med mormor og morfar. Vi var 12 personer på julaften, deriblant tre unger, så vi var ein god gjeng. Det einaste som ikkje var så kjekt var at oldefar var sjuk med influensa på loftet, så han fekk ikkje vere med på feiringa. Vi gjekk opp med gåver til han 1.juledag, for då var han litt bedre. :)

Her har vi pynta oss med dress og kjole alle sammen. Sverre og Martin har matchende dress :)

Støynivået var ikkje så reint lavt med så mange personer, så Sverre brukte bjella kvar gong nokon skulle seie noko sånn alle skulle høyre...
Det vart ikkje mindre bråk av det for å seie det sånn. ;)

Så måtte vi tenne lysa på bordet, og det får Sverre lov til no,
men berre med ein vaksen ilag med seg.

Her er vi samla alle sammen. Tante Aina, eg, Sverre, morfar, mormor, tante Sunniva, oldemor, onkel Johan og så Tuva på enden.
Ivar tok bildet. :)

Det vart månge gåver med tre unger på julaften!
Det vart såvidt plass til alle gåvene på stova.


Så kom julenissen!
Pappa, Sverre, Tuva, tante Aina og mormor er godt fornøgde med julenissebesøket!
Det var bra ungane ikkje hadde vit på at julenissen kom med eit KappAhl nett og med mormor si morgonkåpe... ;)

Sverre hjalp til med utdeling av gåvene.

Så var det leiking med gåvene han fekk.

Martin testa ut babygymen han fekk, og den likte han godt!

tirsdag 23. desember 2008

Overnattingsbesøk

I går fekk vi besøk av Aina, Johan og Tuva. Dei kom med bil frå Oslo og skulle eigentleg ta fergå frå Skjeltene til Haramsøya kl.21.05 i går kveld. Men då dei kom fram til Skjeltene fekk vi telefon om dei kunne få overnatte, fordi dei ikkje ville ta sjansen på fergetur i den forferdelege vinden! Og det var nok bra, for det var siste turen fergå tok i går pga vêret.
Vi vart kjempeglade da, for det er veldig koselig med overnattingsbesøk!

Her er søskenbarna Sverre og Tuva i gang med frokosten i dag tidleg. Sverre var flink å låne vekk stolen sin til Tuva sidan ho er minst. :)
Så fekk han min plass ;)

søndag 21. desember 2008

Juletrepynting

I dag pynta vi som planlagt juletreet vårt! Juletrepynten hadde vi for lengst henta ned frå mørkeloftet, så no var det kjekt å få den opp.

Her er vi i gang. Martin måtte sjølvsagt også få prøve å henge opp pynt. Neste år får han nok henge opp heilt sjølv.

Men Sverre kan henge opp heilt sjølv!

Her er det ferdige resultatet. Sverre er som vanleg i farta. Eg måtte ta bilde uten blitz for å få eit koselig bilde av juletreet. :)

Juletre og julegodt

I dag drog Ivar og Sverre til Søvika for å handle inn juletre. Eg og Martin vart igjen heime og kosa oss og venta på å få juletrelukt i huset. Det er ei av dei beste luktene eg veit om!

Her har juletreet kome i hus på sin faste plass i stova. Ikkje pynta, men på plass. Det blir nok pynting i morgon!

Medan Ivar og Sverre var på tur, tok Martin seg ein lur, og eg fekk tid til å pynte pepperkakehjertepinnane mine. :) Eg laga dei i går, men rakk ikkje å pynte dei då. Eg fekk idèen frå ei utgave av Norsk ukeblad. Pinnane er vanlege grillspyd av tre som ein kjøper på daglegvarebutikkar, og dei stikk ein berre inn i pepperkakene. Det er viktig å lage litt tjukke pepperkaker sånn at spyda blir dekte (og då treng dei litt ekstra steiketid også, mine stod i 15 min.). Så er det berre fantasien som set grenser for kva ein kan pynte dei med! :)


Eg kjøpte cellofan som eg pakka dei inn i, og knytte med gåveband. Syntes sjølv dei vart ganske fine da. :)
Tenkte å gi dei vekk til jul! Sverre og Bertine (søskenbarnet til Sverre) har allereie fått kvar sitt :)
Jonas (kompisen til Sverre) var på besøk i dag, og då han vart henta fekk han med seg eit til seg og eit til storesøstra si Julie også. Eg synest det er kjempekjekt å lage sånt og gi vekk til familie og venner. :)

Så rakk eg å lage ei karamelldeig(?) også som stod å kokte medan eg pynta pepperkaker.
Eg var nok litt rask å ta den av plata, for den stivna ikkje før etter tre(!) omgongar i panna då massa endeleg var tjukk nok til å stivne. Det var like før eg gav opp heile karamellene, men tenkte eg skulle gi dei ein sjanse til, og det var bra, for dei vart gode! Her er eg og Sverre igang med å pakke dei inn. Prøvde med Cellofan først og papir frå Quality Street etter idè får Elin (søstra til Ivar), men det tok altfor lang tid, så eg fann fram nokre farga aluminiumsfolie som eg hadde liggende (merka Panduro, kjøpt på Nomi). Og då fekk Sverre også til å pakke dei inn, og det gjekk rasande fort!


Her er karamellehaugen vår, og det kjem nok til å drype litt på familie og venner frå desse og. ;)

fredag 19. desember 2008

Julestemning på Hildre

Du veit at jula nærmar seg når Hildre kyrkje lyser opp!

Kyrkja på Hildre er nemleg ikkje belyst heile mørketida, for kyrkja har ikkje eigne lyskastarar.
Men vi er så heldige at når snikkar Søvikhagen her på Hildre tek juleferie så låner han vekk lysa sine til kyrkja! Kjempesnilt, og det blir så utrulig fint! :)
Og då kjem julestemninga til bygda veit du!

Eg trur eg tok ca tjue bilder med superzoom linsa vår for å få til eit bilde som dette. Eg måtte til slutt stable bøker i vinduskarmen som eg støtta kameraet på for å få bilde som viste at det var ei kyrkje...dei andre blei liksom dratt utover sånn at det berre vart lysstriper! ;)
Trur vi må investere i eit stativ!

Det er forresten ikkje ufoar som flyg over kyrkja, men lyskastarane laga speilbilder i speilreflekskameraet vårt. ;)

onsdag 17. desember 2008

Gratulerer Sylvia og Pål!

I kveld vart visst Sylvia og Pål foreldre til si andre jente.
Gratulerer so mykje som trebarns foreldre!

tirsdag 16. desember 2008

Antall besøkende

Då har eg laga til teller for antall besøkende!
Det blir spennende å følge med på kor mange som er innom. :)

Måling av julemenn

Då rakk vi å måle desse julemennene før dei vart oppetne sånn som dei forrige! Eg og Sverre satte oss ned å måla medan vi åt kveldsmat. Passa fint å kombinere det igrunn.

Tru om du kan du gjette kven Sverre har måla? ;)
Ja, det er dei med farge på heile...

6 vekers kontroll

I dag har Martin vore på 6 vekers kontroll. Sjølv om han ikkje er meir enn fem veker i morgon da, men han er seks veker på julaftan, og då er nok ikkje helsestasjonen open. :)

Her er Martin "Mini Me" Tomren Søvik. :D (det er akkurat Austin Powers på tv også, hehe)

Han er no 56,5 cm og 5310 gram. Det er 7,5 cm lengre enn då han vart fødd og 1600 gram tyngre.

mandag 15. desember 2008

Heimelaga konfekt

I år fekk eg lyst til å prøve å lage konfekt til jul. Det er veldig kjapt gjort, iallefall dei sortane eg laga.

Dei som er dekt med kun sjokolade er mintkuler, og dei to andre er av same sorten og heiter Choco magic, men eine halvdelen av sjokolademassa er rulla i kokos og andre i hakka mandler.
Dei er ganske mektige, men veldig gode! I kveld skal eg lage Daimtrøfler. :)
Det blir ei sukkerfylt jul dette...

lørdag 13. desember 2008

Bilkjøp!

No når eg er heimeverande treng vi to bilar. Før har eg hatt firmabil, men det er litt dumt å køyre rundt i den no...dessutan er det ein tosetar, så det hadde ikkje hjulpe so mykje no med to ungar. :)

Så derfor har vi investert i ein bruktbil. Ivar og faren drog til Trondheim for å hente den i dag.
Det er ein Citroen Berlingo femsetar, så det er ikkje så stor forskjell frå Peugot Partneren eg har til firmabil. Veldig praktisk med skyvedører bake med tanke på å ta ut og inn bilstol, og ein treng ikkje å bekymre seg for om ungane åpner døra inn i ein anna bil heller. :)
I tillegg så er det god plass i bagasjerommet med full takhøgde, så vogna går lett inn.

Her er bilen. Kul farge :)

Julebakst

I dag har vi hatt besøk av Kaja og Oda. Kaja er bestevenninna til Sverre frå då dei gjekk i Søvik barnehage. No går dei i andre barnehager begge to, men vi har holdt kontakta. :)

Etter dei drog baka eg og Sverre julemenn. Eg hadde laga deiga i går, så det var berre å kjevle og stikke ut figurer i dag.


Her er Sverre igang med å stikke ut figurer.



Og her er den ferdige baksten. Det vart ikkje so mykje som eg trudde det skulle bli, men vi kjem til å fylle eit par kakebokser da. :)

Malinga får vi ta ein anna dag. Dei julemennene som Sverre baka ilag med besta si rakk vi ikkje å male før dei var oppetne, så det spøker vel kanskje for desse og? :P

Luciafrokost

På fredag var det Lucia frokost i barnehagen med Luciatog og sang. Det syntes både store og små var veldig kjekt! Barnehagen hadde baka lussekatter og laga til kjempegod frokost. :)

Her er Sverre i Luciadrakta si. Det er stas å kle seg ut! (blildet er litt dårlig for det er tatt med telefonen min sidan eg gløymde kamera..)


Dropslaging

Eg og Sunniva har laga oss ein juletradisjon der vi møtes og lager drops til jul. Det er kjempekjekt! I fjor var første året, så det er ikkje ein lang tradisjon, men det skal det bli. :)
I år fekk Sverre vere med å hjelpe litt, men han kunne ikkje ta i dropsmassa, for den er veldig varm, men han kunne klippe den til drops, og det er jo gøyast uansett! :)


Her er vi såvidt igang. Sunniva les oppskrift, eg er klar til å jobbe med dropsmassa, og Sverre gjer seg klar til klipping av drops.



Ja, det er gøy å lage drops...



..kjempegøy! :D


Her er dei fire sortane vi laga. Cola, jordbær, eple og salmiak drops.


Vi er veldig fornøgd med dei tofarga epledropsa. :)


Og visst du lurer på sukkerinnholdet, så er Sverre eit ganske godt bilde på det ;)
Han åt ikkje berre eit for å sei det sånn...

tirsdag 9. desember 2008

Pepperkakehus

I dag har vi endelig fått tid til å bygge og pynte pepperkakehuset vårt! Før har vi limt veggane og taket med melis, men i år prøvde eg med smelta sukker, og det gjekk mykje fortere!
Måtte varme opp att sukkeret nokre gongar då, for det stivna i panna fleire gongar før vi var ferdige.


Her er det ferdige resultatet. Sverre ville gjerne ete det med ein gong, men han måtte ta til takke med nonstop og seigmenn foreløpig. ;)

mandag 8. desember 2008

Julebord

I dag er det julebord i barnehagen, og då skulle alle pynte seg i finstasen sin, så skal dei ete julemat og til slutt skal dei ha dans!

Her er Sverre i sin finstas og gleder seg til julebord!
Vi gleder oss til å sjå bilda frå barnehagen. :)

Tante og onkel på besøk

Etter vi kom att frå Søvika på søndag fekk vi besøk av tante Sunniva og onkel Jan Egil.


Det er ikkje så ofte dei er på besøk begge to, så det var kjekt dei tok seg ein tur. :)

Sverre synest det er kjempestas å få besøk! Jan Egil fekk bryne seg med kappkøyring med små racerbiler der Sverre laga nye regler etter kvart sånn at han vann kvar gong..

Sverre blir veldig frustrert når ting ikkje går som forventa, og det fekk jaggu besøket erfare i går ! ;)

Moatur og pepperkakebaking!

På laurdag fekk vi gjort frå oss mykje! Vart ferdig med julegavehandelen på Moa, og etterpå...

baka vi pepperkaker! Sverre er veldig glad i å bake, så det er kjempekjekt å bake ilag. :)

Søndag var vi på besøk med oldemor i Søvika, så ho fekk sjå Martin og ikkje minst Sverre igjen!
Det er ikkje kvar veke vi er på besøk med ho, så det var kjekt. :)

fredag 5. desember 2008

Julegavepakking

Da har eg pakka ferdig dei pakkane som er innkjøpt! :)
(Det er langt ifrå alle pakkane som er med på bildet)

Eg synest det er kjempekoselig å pakke inn pakker, og i morgon går turen til Moa for å kjøpe ferdig resten! Eg hadde kjøpt inn dei fleste gåvene før Martin gjorde sitt innhopp, og takk og pris for det! ;)
Men så kom eg plutselig på at no har vi to unger å kjøpe gåve til, og ikkje minst skal dei gi til kvarandre og...litt distrè kanskje?!
Får skulde på ammetåka, hehe. ;)

Då er jula komt i hus

Då er kjøkkenet og stova vår pynta til jul :)
Det var ein av dei tinga eg gleda meg til i permisjonstida mi! ;)



Desse nissane er berre so søte! Dei gir ei veldig god stemning til førjulstida. :)