lørdag 19. februar 2011

Give away!

No nærmer det seg 30 000 besøkende her på bloggen,
og kva er vel ikkje meir passende enn ein give away?

Eg har ikkje hatt det før på bloggen min,
men no har eg lært meg å strikke,
så den som vil vere med i trekninga av ei pute,
må legge igjen ein liten kommentar med navnet sitt,
så er de med i trekninga. :)

Eg har starta på puta allereie i denne nydelege pudderrosa fargen.
Det er fritt fram å ønske seg ein anna farge også,
men husk å skrive det i kommentaren din i so fall. :)

Puta blir strikka i eskimogarn fra Drops.

Trekninga skjer i den dagen vi rundar 30 000,
så husk å legge igjen kommentar tidsnok om du vil vere med!

Lykke til! :)

Strikking

For tre veker sidan var eg med Sverre i to-tre timer
på strikkedag på skulen. Dei heldt på å lære seg å strikke,
og foreldre/besteforeldre var hjertelig velkomne til å vere med.

Eg spurte Sverre veka før om eg skulle vere med,
men han meinte det var beregna for dei som kunne å strikke...

Då var det ikkje anna råd enn å hive seg med neste gong
for å lære å strikke!
Eg lærte meg å legge opp masker og å strikke rett
av ei anna mor som var der. :)

Dagen etter drog eg å handla meg inn garn
og sette meg ned for å strikke eit pledd, rett fram.
Det vart fort kjedelig, for utfordringa forsvann etterkvart
som eg fekk teken på strikkinga.

Så kom eg over bloggen til Mia.
Ho hadde strikka nokre fantastiske puter!
Dei var strikka med rette og vrange masker
i tillegg til at dei var flettestrikka, men eg skulle klare det!

Det tok ein liten kveld framfor datamaskina med strikkevideoar,
ikkje strippevideoar som Ivar trudde eg sa.
Kanskje han fekk falske forhåpningar?
Han vart iallefall skuffa då resultatet vart ei pute
og ikkje ei oppvisning, hihi! ;D

Her er puta mi! Nokre skjønnhetsfeil er der,
men det tolererast vel sidan dette er det første
eg har strikka nokon gong som ser ut som
noko anna enn eit deformert skjerf.

4 rette, 2 vrange, 8 rette som flettast for kvar 8.omgang, 2 vrange, 4 rette osv.

Eg strikka eit langt klede som eg sydde saman i sidene,
for så å ha åpninga på toppen.
I mangel på kunnskap om mulige avslutninger,
vart det knapper på toppen, men eg har da lært meg
å lage knappehol! ;)

fredag 18. februar 2011

95 år!

Oldemor Jorunn har blitt 95 år!
Litt av ein alder,
men ho virker ikkje ein dag eldre enn 75 denne dama.
Skjønne farmora vår,
vi er veldig glad i deg og det var så kjekt å feire dagen
ilag på bygdastova med heile familien!

Gratulerer so mykje!

Litt interiør og bruktfunn

Denne boksa vart med heim frå bruktbutikken for to-tre veker sidan.
Eg syntes den var så skjønn og prega
at eg rett og slett ikkje kunne gå fra den
der den stod på øverste hylla med alle andre boksene.
Den kosta kun 10 kr!

Den fine boksa har fått plass på nederste hylla 
på kjøkkenet ved eføyen.

Kjekt å ha seg ein tur på brukthandel av og til,
for ein veit aldri kva ein kan finne der!