torsdag 30. april 2009

Årets første bikinidag

I dag var det så fint og varmt at eg sat å sola meg i bikinitopp! Vi berre måtte vere ute i dag, men sidan Martin ikkje skal ligge i den sterke sola og vi verken har parasoll eller markise, måtte eg tenke alternativt. :) Det ser sånn ut:

Fire kjøkkenstoler, eit pledd, fire klesklyper og saken er biff. Martin likte seg veldig godt ute på altanen sånn. Det vart etterkvart så varmt at vi måtte ta av han sokkane og buksa. Håper på maaange fleire sånne dager framover! :)

onsdag 29. april 2009

Bananmuffins

Eg hadde ein litt for moden banan til overs i dag, så då snurra eg saman ei bananmuffinsdeig. Gjort på null komma niks, og det vart 8 store muffins. Eg halverte deiga da, sidan den var med to bananer. Eg likte dei kjempegodt, men Sverre var ikkje so begeistra. Sikkert fordi banan ikkje er favorittfrukta. ;) Eg får vel ete dei opp heilt sjølv sidan Ivar ikkje liker banan heller...greit for meg! :)

Ellers i dag har eg og Martin vore på trilletur oppover Hildredalen, eg har vaska og hengt opp klede og tatt fram litt utemøbler, Sverre var med frisøren og etterpå var han med og såg på danseframvisning med Bertine sitt dansekurs. Ivar er heilt utslått for tida med pollenallergi stakkar, så han held seg mest inne no desse værste dagane. Kjedelig sidan vêret er så fint! Men han får kose seg inne og passe Martin da. :)
Martin har sove ute i vogna si, men når han er våken er han mest inne. Vi har ikkje fått kjøpt Markise endå, så det blir litt sterkt lys for han i sola, men har vore eit par turer ute i bereselen, og det storkoser han seg med! :) Men då er det vanskelig å få gjort noko anna da. ;)

Så har vi kjøpt inn skifer til inngangspartiet vårt (utvendig) for ei stund sidan, og det har eg jobba med å pusle saman til eit passande mønster i dag. Eg skal legge ut bilete når eg er ferdig. Det er ikkje gjort på ei kjappheit å få kantete og bua skifer til å passe saman altso. Men det skal bli flott! :)

Sveisen kar

I dag har Sverre vore med frisøren og fått seg ny sveis. Det var som ein ny kar som kom heim. :) Litt skeivt bilde og kutta kropp, men det får berre vere. Eg heldt Martin samtidig som eg tok bildet. ;)

Det spirer og gror

Sukkerertene vi sådde på søndag har no begynt å spire! Det vil seie, ei spire har kome opp... :)
Sverre: ÅH! Kan ej ejte den?! :D Skikkelig forventningsfull og optimistisk den karen ja. Hihihi. ;)


tirsdag 28. april 2009

Vårpussen

I dag drog Ivar ned på havna for å ta opp båten og vaske den. Det er foreldra til Ivar som eig den, men vi får bruke den so mykje vi vil. :) Den vart spylt med høgtrykkspylar og vaska med diverse kjemikalier. ;) Ragnar (far til Ivar) kom opp for å hjelpe til.

Ivar tok blåbæra vår ned å henta båten sidan den har krok og ikkje BMW'en. Her rigger han seg klar til vask.

Ferdig vaska! Båten vart kjempeflott! :)

Første badet ilag

På fredag då eg var på Moa å kjøpte meg nye gardiner, kjøpte eg ein badestol til Martin i samme slengen. Vi hadde ein til Sverre, men den er gammal og oppbrukt så det var best å kjøpe ein ny.

Både Sverre og Martin syntes dette var spennende! Sverre forsynte Martin med båter og badeleiker heile tida til stor glede for Martin. For ein flink og god storebror! ;)

Martin likte veldig godt badestolen sin, og den hadde gode, høge runde kanter og god plass til føtene. Denne kjem til å bli mykje brukt framover.

På hyttetaket

Bertine stakk bortom ein tur i finvêret i dag. Då lurte dei seg til å ta seg ein tur på hyttetaket. Ivar har satt putekassa ved hytteveggen no medan vi lager større oppbevaringsplass under altanen, og då var det klar rås opp på taket for lurifaksane våre. ;)

mandag 27. april 2009

Blåbærplanting

I dag har eg og Sverre planta dei to nye blåbærbuskene våre. Sverre liker som sagt slikt arbeid, og er veldig flink å hjelpe til! Eg tok å laga ein liten collage av Sverre i dyst. No er det berre å vente på at naturen gjer sin del av arbeidet. ;)

søndag 26. april 2009

No skal det plantast!

I dag tok vi som sagt ein tur til Plantasjen for å handle inn plantejord til jordbæråkeren og diverse andre ting. Vi stakk innom ein tur på Peppes og fekk oss middag først. :)

Då vi kom heim og Barne-tv var unnagjort, sette eg og Sverre igong med såing av sukkererter og cherrytomater. Det gjekk som ein leik! Sverre var skikkelig dyktig. Ser ut som han kjem til å bli ei god hjelpandes hand i hagen i åra framover, visst ikkje interessa dabber av da... :)

I tillegg til jord kjøpte vi oss to nye blåbærbusker. Vi har ei frå før, men det har kome lite bær på den til no. Eg las meg fram til at det bør vere to forskjellige sorter for at det skal bli mykje bær, so då kjøpte vi to nye sorter sånn vi har tre ulike blåbærtyper. No bør det bli mykje bær! :) Vi kjøpte oss også nye krukker. 4-pakning til 199,-. Syntes dei var kjempefine! Gleder meg til å få dei ut på altanen med masse blomster i! :D Tjoho! No er det vår!

Skoging

I dag har Bjørn, naboen, starta på felling av granskogen nedom huset vårt. Kjempestas! Men trea er ganske høge, så det er ein bra jobb. Eg filma då dei tok eine tretoppen.

lørdag 25. april 2009

Dagens sysler

I dag har vi brukt dagen ute til å jobbe litt rundt huset. Eg har jobba med jordbæråkeren medan Martin har sove dubbane sine, Ivar har brunne bråte, saga litt trær og diverse anna. Sverre har svinsa opp og ned frå oss til Jonas og Tuva heile dagen! Det er so kjekt at dei bur so nært kvarandre at dei kan gå fram og tilbake som det passar dei. :)

Her er jordbæråkeren sånn stoda er no. Eg har reinska opp det området som skal bli til fire nye raster. Det blir då til saman 60 planter i åkeren. I morgon går turen til Plantasjen for å kjøpe plantejord! :)


Her har Ivar gått berserk med fyrstikkene...eg er dritnervøs når han sett igong med bråtebrenning. Men det går merkelig nok bra kvar gong. Det var værst i fjor då han tende på på fleire stader samtidig. Det var litt øøøje ei stund då, hihi. :) Og eg var snar å skru av ventilasjonen, sidan inntaket er like ved. Bra vi lærer frå gong til gong begge to! ;)


Finn Ivar! :) Han tok med seg greinsaksa og gjekk til verks på dei små trea nedom huset. Ein må ta dei medan dei er små, visst ikkje blir det ganske mykje meir arbeid om ein må til med motorsag som i granskogen der.


So høyrde eg plutselig ei sånn fresing...skjønte ingenting. Då eg runda hushjørnet hadde jaggu meg Ivar sett fyr på juletreet vårt ôg! Det var berre eit kjapt fres so var treet svart. Eg skal sei det at det var sovidt eg rakk å ta bilete av det medan det brann. Etter det gjekk Ivar berre rundt og leitte etter andre ting å tenne på...


Sverre var berre inne ei lita stund i dag, og det var under barne-tv. Her sit han og Jonas å ser på Pippi og et popcorn. :) Såg litt slitne ut...

fredag 24. april 2009

Nye gardiner

I dag tok eg og Martin oss ein tur på Moa. Eg fekk Kid reklame i posten, og på baksida var der nokre kjempefine og billige gardiner. Sidan vi har vindauge over mesteparten av stova, så er eg nesten nødt til å handle gardiner på tilbud for ikkje å bruke fleire tusen kroner på det!

FØR: Her er stovegardinene vi har hatt sidan vi flytta inn. Lyse og fine (bortsett frå mørkt bilete da), men med lyse vegger, sofaer og gardiner vart det litt preglaust.

UNDERVEGS: Her har eg skifta på litt meir enn halve stova. Det vart litt mørkt inne då eg tok bileta, så dei nye gardinene kom ikkje til sin rett her, men ein ser iallefall ein forskjell. :)


ETTER: Då det vart mørkt ute fekk eg so mykje betre bilete av gardinene, og dei kom til sin rett. Stova vart mykje lunere og gardinene er samtidig lettere enn dei gamle. Kjekt med forandring til våren! :)



onsdag 22. april 2009

Kveldsmat ute

I dag har vi hatt ein veldig fin dag. Sol, rimelig varmt og vindstille. Vi var ute så lenge at kveldsmaten vart innteken ute. :)

Bertine og onkel Øystein kom bortom ein liten tur, akkurat tidsnok til at ho rakk å få kveldsmat ho ôg. ;) Det er rart kor mykje dei et når dei får ete ute. Sverre åt to skiver og Bertine tre! :)

tirsdag 21. april 2009

Martins nye mål

I dag har vi vore på helsestasjonen. Martin fekk andre dose med dobbel vaksine i dag stakkar, men det er jo for at han ikkje skal bli farlig sjuk seinare som det står i "Thomas går til doktoren", boka til Sverre. :)

Martin veg 8380 gram og er 66 cm lang. På tide å hente fram 74 kleda frå loftet! :) I går då Martin låg på golvet å venta på å bli bada, fekk han tak i stortåa si for første gong! Han har studert dei lenge når han sit på fanget, men då er dei jo rett der framfor han. Så det var kjempegøy! :)

søndag 19. april 2009

Helga vår

I går, laurdag, tok vi oss ein tur på Moa og på båtmesse i Sunnmørshallen. Ivar har kjempelyst på båt, helst no med ein gong, men eg held att sidan vi har så mykje anna rundt og i huset vi skal bruke penger på no. So det vart med uskyldig skuing denne gongen ja. :) Sverre traff Elias også, for redningssentralen hadde stand på messa og då var sjølvsagt Elias, som normalt står på Atlanterhavsparken med. Eg hadde ikkje med kamera, men om eg hadde huska det hadde det nok vore fullt av båtbilete på minnebrikka no. ;)

I dag har vi kosa oss heime heile dagen. Det er deilig å ha ein slik slaskesøndag uten å skulle noko av og til. :)

Då Martin skulle ha andre dubben sin gjekk vi ut ein tur. Han elsker å sove i vogna si, han sovner ofte før vi har lagt han i vogna, berre han får på seg utedressen sin, hihi. :)
Ivar og Sverre svinga seg på dissa, eg tok fram riva og tok fatt på plenen, men så fann vi ut at vi skulle gå å finne froskeegg, som eg har lovd Sverre ei stund. :)


Vi gjekk ned mot skulen, og på veien tok vi med oss Bertine. Vi fann fort froskeegga, og den eine klasen hadde det allereie starta å sprelle i, so då tok vi den! ;) Vatnet i bøtta vart litt grumsete, så bildet eg tok vart ikkje noko av. Får prøve å legge ut etterkvart som rumpetrolla veks fram. :)


På veg opp att traff vi tante Norunn på sykkeltur. Ho måtte snu for å pumpe dekk, og då benytta Sverre og Bertine seg av den "ledige" sykkelen. ;)


Etter alle hadde ete middag kom Bertine bort ein tur til oss. Då nabba dei, leika mor og far og såg barne-tv. Bertine nabba denne bilen. Eg syntes den var så stilig at eg måtte legge den ut her. Eg vart heller overraska då ho fortalte at det som stikk ut var eksosrøret, og ikkje panseret som eg trudde, hihi. :) Skikkelig eksosanlegg med andre ord!


Då vi åt middag på Moa i går, bestilte Sverre seg barnemeny, og då følger det med ein overraskelse. Han valgte seg eit romvesne-byggesett (som han seier) i papp. Under kveldsmaten i dag sette vi saman delane til stor glede for Sverre. Eg liker sånt arbeid, så det gjekk som smurt! :)


Her viser Sverre fram dei ferdige fartøya. Det er frå venstre eit landingsfartøy, ein ufo, ein rakett og ei romferge (for dei som ikkje såg det). ;)
Mormor og morfar rakk ein liten tur på besøk til oss før ferga gjekk i kveld. Dei hadde vore på Color Line og sett fotballkamp. Eg gløymde soklart å ta bilde, dei som sat med kvart sitt barnebarn på fanget...jaja, det får bli rekonstruksjon i beste mormorstil neste gong! ;)

Sk8erboy

Sverre fekk seg skateboard med oss på laurdag då vi var på Moa. Han har blitt veldig interressert i skating og breaking i det siste. Artig! :)

Her er første prøveturen. Den foregår inni garasja vår. :)

torsdag 16. april 2009

For eit lys!

Det vart litt av nokre fargar under solnedgangen i dag! Dei forandra seg frå lys rosa til djup mørk lilla etterkvart. Kjempeflott!

Her er Løvsøya og Haramsøya. Eg har ikkje tukla med fargane i picnik! It's the real deal. ;)

Eg tok meg tid til å "pose" litt for Ivar. Eg trudde eg skulle bli ein svart skygge, men den gang ei! Haha! Måtte berre legge ut det litt flaue bildet mitt, hihi. :D Leve lenge på den! Fin bakgrunn da. ;)


Eit sikkert vårteikn

Når sirkusa har gjort sin inntreden her i traktene, då er det iallefall vår! I går var Sirkus Merano på Hildre, eller i Brattvåg ved Hildre skule som det står på plakatane...jaja, ein kan ikkje få med seg alt heller. Eg, Sverre, tante Elin og Bertine tok turen for å sjå på dyr, akrobater og klovner.


Det er lettvint å kome seg på sirkus frå byggefeltet vårt! Asfaltert gangveg heilt ned. :)

Sukkerspinn høyrer med! Trur dette var verdens største...Dei var iallefall stolte kjøparar! :)

Sverre og Bertine følger spente med på trampolinefyren.


I pausa var vi ute for å sjå på dyra. Men sirkus veit å ta seg betalt du, 30 kr pr person skulle dei ha! Trudde inngangsbilletten var all inclusive da...
Vi vurderte sterkt å ikkje gå ut dit av prinsipp, men ungane ville, og det er ikkje kvar dag ein får sjå kameler tisse i 5 minutter i strekk eller at andre unger mater elefanter når våre ikkje ville, og spesielt når vi fekk sjå absolutt alle dyra i manesjen etterpå.


Her er trampolinefyren. Det var han Sverre likte aller best! Og han var ganske morsom ôg. :)

Lerretsbilder

Før påske kom eg over eit kjempetilbud på lerretsbilder i 40x40 på extrafilm.no, berre 149,- pr bilde!! Eg var ganske spent då eg henta dei på posten i går, men vart veldig godt fornøgd med resultatet!
Eg såg ei reportasje på TV2 hjelper deg om sånne lerret, men ingen kom ut med særlig godt resultat. Eg veit ikkje om dei testa extrafilm, men eg syntes kvaliteten var rikelig bra nok. :)

Sverre til venstre og Martin til høgre. Nederst er fotbildet deira som eg la ut på bloggen her for litt sidan. Forandra farge berre. :)

tirsdag 14. april 2009

Påskeferie på Flem

Denne påska har vi vore på Flem ei heil veke! Tante Aina, onkel Johan og Tuva kom oppover frå Oslo, og tante Sunniva og onkel Jan Egil har ôg vore mesteparten av påska på Flem. Så mormor og morfar har hatt fullt hus, og ikkje like mykje ferie som vi andre...det er mykje arbeid med fullt hus! Men vi velger likevel å tru dei har kost seg med barnebarna sine iallefall! ;)

Vi har styra med mykje forskjellig, og her er nokre bilder av det vi har gjort på:


Linda, Per Kristian, Marius og Sarah var ein liten tur på Flem dei ôg, og her er Marius og Sverre i full gang med å finne mat til krabbane dei fiska i fjøra. Dei har det veldig kjekt ilag desse to! :)


Mormor og morfar investerte i ei sandkasse for ei tid tilbake, og i påska vart den fylt opp med sand. Det var stor stas for Sverre og Tuva! :)


Sverre likte seg på motorsykkelen til onkel Jan Egil. Håper han aldri kjøper seg det.... :/


Eg og småtrolla mine. :)


Vi trilla ein tur ut på Klubben på baksida av øya. Det blåste opp litt akkurat då vi gjekk, men vi bestemte oss for å fare likavel. Det var mange spennende plasser å klatre for Sverre!


Sverre hoppa og spratt frå stein og tuer heile tida!


Eg visste ikkje Sverre var blitt so driftig i fjøsen. Han mata, klappa og snakka med dyra. Eg vart litt nervøs av å vere på låven, for Sverre gjekk rundt dei to hola i golvet heile tida og prata ned til dyra, so eg måtte berre gå til slutt...ja, bekymra mor! ;)




Sverre laga pizza ilag med tante Sunniva eine dagen. Den vart kjempegod! Tuva og Sverre har godt selskap i kvarandre no.


Endelig fekk Sverre prøve badestampen! Han storkosa seg, men enda opp med hue, for det vart kaldt på øyrene hans. :)


Eg tok meg ein tur nedi fjøra og prøvde meg litt som fotograf. Det var ikkje vanskelig å finne gode motiv. :)

søndag 12. april 2009

Martin 5 måneder

No har Martinguten vår blitt 5 måneder! Han er veldig opptatt av andre unger og Sverre er fortsatt helten. Han har sovidt prøvd å sitje i barnestol no, men er litt ustødig endå. Martin elsker graut! Han sluker det lille han får, men det er fortsatt puppen som er hovednæringskilda. :) Om vel ei veke skal vi på helsestasjon for å måle vekt og lengde igjen. Det blir spennende! Tipper han har bikka 8 kilo til då. :)

Gratulerer med dagen

Onkel Jan Egil hadde bursdag 9.april, så her kjem ei litt forseinka bursdagshelsing frå oss på Hildre. Vi traff deg på dagen da, men du skal likevel få din plass her på bloggen! :)

mandag 6. april 2009

God påske alle sammen!

http://www.faceinhole.com/show.asp?id=9d34d7d94602e1d24d

Søndagen vår

I dag har Ivar og Sverre hatt ein skikkelig far og son dag. :) Dei har kosa seg mykje ute, gått ein liten fjelltur opp bak huset, leika i hytta til Sverre, vaska bil og sykla/drog ein tur med Sverre sin traktor...Ivar drog han med eit tau, og då han såg bak seg, sat Sverre godt tilbakelent i traktorsetet og åt smurf, hehe... :)

Eg og Martin har vore inne i dag. Eg har brukt dagen på rydding og vasking sidan vi skal på øya på påskeferie i morgon. (Ja, eg veit det er søndag...)
Etterpå laga eg påskemuffins og sjokoladekake, so fekk vi besøk av Tuva, venninna til Sverre! Ho hadde med seg gåve til både Sverre og Martin! Det var veldig stas. Sverre fekk snop i gåve som han delte med Tuva. :)

Ei lita stund etter Tuva vart henta, kom mormor, morfar, tante Aina og (lille)Tuva. Aina og Tuva kom på fly frå Oslo i dag, og dei hadde ein time til gode før fergå gjekk ut att på øya, so då kom dei oppom oss ein tur. Veldig kjekt! Sverre var heilt i hundre!

Ivar og Sverre tok ei lita kvikklunsj pause på altanen.

Påskemuffins! Det er appelsinjuice i deiga, so å pynte med litt melis og sjokolade vart veldig godt! I oppskrifta er det pynta med små påskeegg og det såg veldig godt og delikat ut. Eg hadde ikkje det liggande, men eg hadde Crispo og det gjekk veldig fint! Kvikklunsj går sikkert også veldig bra. :)

søndag 5. april 2009

Leikeland i Sunnmørshallen

Laurdag tok vi turen til Sunnmørshallen for å slå oss laus på leikeland og å sjå Asgeir, sjefen over alle sjefer. Han er til og med sjefen over pappa!, som Sverre sa. ;)

Det var mange forskjellige ting å prøve, men Sverre ville berre prøve båtane, som han vart søkk våt av, så vi måtte på Moa å kjøpe ny bukse...Ellers gjekk vi berre rundt og åt popcorn og sukkerspinn og snakka med kjentfolk.
Martin sat i bereselen heile tida, og var rimelig fornøgd med det. :)
Høgdepunktet for Sverre var å sjå Asgeir på ekte! Han har trudd at det berre er ein som har kledd seg ut som Asgeir, sånn som feks. Flode eller Hinkel Pinkel (ja, eg veit), so då eg fortalte at Asgeir er ein ekte mann, då vart han veldig spent og gledde seg masse til å sjå raudt hår på ekte! Hehe :)

Då vi kom heim vart vi bedt bort på pizza til Elin, Øystein og Bertine. Veldig stas å komme heim frå tur å sleppe å lage middag! Tusen takk for veldig god mat! :)