tirsdag 21. april 2009

Martins nye mål

I dag har vi vore på helsestasjonen. Martin fekk andre dose med dobbel vaksine i dag stakkar, men det er jo for at han ikkje skal bli farlig sjuk seinare som det står i "Thomas går til doktoren", boka til Sverre. :)

Martin veg 8380 gram og er 66 cm lang. På tide å hente fram 74 kleda frå loftet! :) I går då Martin låg på golvet å venta på å bli bada, fekk han tak i stortåa si for første gong! Han har studert dei lenge når han sit på fanget, men då er dei jo rett der framfor han. Så det var kjempegøy! :)

2 kommentarer:

Siv sa...

En stor og fin gut ditta:) Og ej synest han he blitt fryktelig lik Sverre, berre i mørk versjon:) Artig!

Nina sa...

Ja, d e sant d. :) Dei he ganske like trekk, både hake, munn, nase og auge. Men augebryna e heilt ulike! Sverre he like mine og Martin he like Ivar sine, hehe. :)