onsdag 1. april 2009

Martin har fått teken på graut!

Ca. annakvar kveld får Martin nokre få skeier med graut. Eg veit ikkje om det er Martin eller om det er den som mater det er noko med, for når eg har gitt Martin graut har det vore eit forferdelig rot! Men når Ivar har gitt han dei to siste gongane har det ikkje vore ein flekk på kleda ein gong...hmmm.
Eg vil helst tru at det er Martin som har lært seg å ete maten, og ikkje spytte den ut att, hihi. :)

Her er far og son igong med kveldens graut"måltid",
for det er knapt eit måltid, meir som ei smaksprøve. :)

Til og med uten smekke! :)


Ingen kommentarer: