onsdag 1. april 2009

Fortsettelsen om blomstene og biene...

I går ville Sverre vite meir om desse små menneskerumpetrolla.
Eg såg han vart veldig skeptisk sist då eg fortalte at dei kom ut av pappatissen, så han lurte på kor store dei eigentleg var...eg sa dei var så små at det ikkje gjekk an å sjå dei.
Då var Sverre snar: Jammen, eg vann meg eit sånt forstyrrelsesglas på tombola eg husker du vel!? (med det største gliset du kan tenke deg).
Eg hadde jo ikkje menneskerumpetroll for hand akkurat heller da, men eg la meg ikkje ut på den diskusjonen. ;)
Han godtok at ei lupe ikkje var stor nok for å sjå dei. (Takk Gud!)

3 kommentarer:

Sunniva sa...

ha ha ha!!! no he du gjort det store Nina:)
Sverre gi ikkje sej so lett må du tru;) sønst ej ser sveitteperlene i pannå di;)
sverre e no so søt da, forstyrrelsesglas:) hihi

Nina sa...

hehehe, ja når ej absolutt må fortelle d sånn d e so. ;) Sønst no uansett d e d beste ej da ;)

Sunniva sa...

he he, ja det e vel kanskje det. meir underholdning før åss hvertfall:) hihi