No har vi kome eit godt stykke på eitt av fleire uteprosjekt vi har starta på men ikkje gjort oss ferdige med endå. Dette er gangstien vår som går langs kortsida av huset. Det som er gjort videre her frå sist er at eg har fått lagt ned fleire steinheller og planta thymus eller timian innimellom sånn at dei skal få krype og legge seg rundt hellene. Ivar har kledd veggen/holet under altanen med plank og grunna dei. I tillegg har han støypt eit trappetrinn opp til platten og lagt skifer på det. No står det att å skjere ut ei luke sånn at vi får stue utemøblane inn under altanen om vinteren, plante ned nokre fleire thymus og vente på at dei skal vekse. :)
søndag 30. mai 2010
Uteprosjekt

lørdag 29. mai 2010
Blomsterkasse til hytta
I år fann vi ut at vi måtte pynte opp hytta litt med ei blomsterkasse. Vi sådde blomsterfrø som skal bli sommerfuglvennlige blomster, så nå venter vi berre på at dei skal spire. Vi var litt seint ute å så frøa, så vi må nok vente ei lita stund endå. Blir spennende å sjå om sommerfuglane strøymer til hagen vår da. :)Ny sykkel
I byen i dag var vi innom ei sykkelforretning for å sjå på ny sykkel til Sverre då den gamle har blitt altfor liten til han. Vi kom over denne tøffe sykkelen som vi berre måtte ta med heim! Den gjekk akkurat i bagasjerommet, på millimeteren, så vi hadde litt flaks der. :)
Det er like før han sykler heilt åleine no. Eg slapp han uten han visste det, og då sykla han eit lite stykke i god tru om at eg heldt han. Det gjekk kjempebra, så med litt meir øving no er syklinga i boks.
Ikkje utdrikkingslag i dag heller?
Heilt sidan Ivar sitt utdrikkingslag 1.mai har eg venta på mitt. ;)
Eg var ganske sikker på at det kom til å vere ei av dei to helgene Aina var her oppe, men neida, ingen kom for å kidnappe meg...Då må det bli denne helga tenkte eg.
I går fekk eg hjartet i halsen, for av alle ting så stoppa det ein minibuss nede på vegen i byggefeltet vårt! Eg var sikker på at den var til meg, men den køyrde sin veg og kom ikkje tilbake.
I dag tok eg og Ivar med oss ungane til byen for å kjøpe dei dress til bryllupet vårt og eg venta heile turen på at Ivar skulle sette meg av ein stad der det stod ein minibuss eller noko liknande og venta på meg. Då vi var på veg heim spurde Ivar meg om eg fortsatt venta på å bli henta av nokon, så eg sa at eg var ikkje trygg før eg hadde lagt meg. Her sit eg seint på kvelden og ser på Eurovision songcontest mutters åleine og blogger mellom sangane. Hallo!? Er eg gløymd eller?
No må det bli neste helg, for helga før bryllupet skal eg bruke til siste forberedelsane, så då er eg utilgjengeleg, berre sånn at du veit det Linda. ;)

mandag 24. mai 2010
Øyamarsj 2010
I dag gjekk eg, Ivar, Sverre, Martin, tante Sunniva, onkel Jan Egil, tante Aina, Tuva, Theodor og morfar frå Flem og ut i Støene for å skrive oss inn i bøkene for øyamarsjen 2010. Det evige spørsmålet var om vi kunne slå Lepsøya i år. :)Vi traff på nokon som sa at det var Linn som hadde kontrollen i år, så da kanskje vi vann sidan det vart telling på Lepsøymetoden! :D Jan Egil var skeptisk til å skrivast på marsjlista på feil øy..
Då vi kom fram grilla vi oss pølser og tippa på plasseringa Norge får i Melodi Grand Prix i år før vi tok vegen heim. Mormor kom oss i møte på sykkel etterkvart.
På veg heim stoppa vi uti vikane for å leike litt i sanden. Vi fanga krabber og fulgte spor i sanden.Martin elsker sand, men er lite glad i å bli skitten på hendene. Dårlig kombinasjon eigentleg... ;)
Alle fulgte spent med då vi slapp krabbane vi fanga ut i havet igjen. Det var ein som surfa på bølgene ei stund, så den var det gøy å følge med på! Eg har ikkje rette krabbegrepet på biletet, men krabben var meir interressert i å vise seg fram enn å knipe meg så det gjekk bra. ;)
Denne rare krabaten kom bølgende over vegen. Då morfar pirka borti den krulla den seg saman til ein ball! Den vart eit lite kunstverk i seg sjølv. :)Vi hadde ein flott tur sjølv om det var litt surt ute. Sverre gjekk nesten heile vegen til Støene og tilbake, og det er mange kilometer! Trur turdagane i barnehagen gjer susen i tillegg til at Sverre er lett på foten. :)
fredag 21. mai 2010
Felles gratulasjon
onsdag 19. mai 2010
Hårklipp
Då vi var ute på øya i helga tok eg hårklipperen til morfar fatt og sneia Martin! Han har hatt ganske langt hår fram til no fordi han har så fint fall i håret. Men eg måtte til slutt innsjå at han trong å få seg ein rett gutesveis no når han har blitt 1 1/2 år!
Søte guten vår med både langt hår og med ny sveis. :)
tirsdag 18. mai 2010
17.mai i bilete
Her er nokre bilete frå 17.mai dagen vår på Hildre som eg lova eg skulle lage til:
Toget gjekk frå kyrkja til skulen via byggefelta. Eg spelte som sagt i korps i toget i år. Legg merke til at vi til og med er i takt alle saman! :D
Toget gjekk frå kyrkja til skulen via byggefelta. Eg spelte som sagt i korps i toget i år. Legg merke til at vi til og med er i takt alle saman! :DDet er to små luringar til, Theodor og Fredrik, men dei har lurt seg vekk frå fotograferinga...!
Martin var lite begeistra over å måtte dele morfar sitt fang på festen...Han har ikkje vore så opptatt av det før, men no merker han visst konkurransen godt. ;)
mandag 17. mai 2010
Hipp hurra for 17.mai!
Dei rakk akkurat toget, og gjekk på ved småbåthavna på Hildre. Eg sjølv spelte i det nyoppstarta korpset vårt i toget i år. Hildre har vore utan korps i mange år no, så vi er veldig glade for å ha korps igjen. Og sjølv om vi foreløpig er forholdsvis små i antal er vi store i vilje og pågangsmot! ;)
Sverre, Martin og Bertine opptrådte med sang og dans i kvar sine puljer på festen og dei var kjempeflinke! Det er så kjekt å sjå at ungane er engasjerte og villige til å delta på sånt.
Morfar slo til og vann ein fotball i ein av konkurransane ôg!
Tante Sunniva og onkel Jan Egil kom akkurat tidsnok til å rekke etterfesten og litt mat heime med oss. Det var også kjekt. :)
Tante Elin drog ein del av lasset i kommitèen i år, så ho fekk gjort sin del for denne gong. ;)
Eg kjem tilbake med fleire bilete frå dagen seinere når det ikkje er midt på natta.
onsdag 5. mai 2010
Scrapping
Gratulerer med dagen
Vi vil gratulere besta/Gretha (snart mi ekte svigermor) med dagen som var 1.mai! Tusen takk for kjempegod brennsnut og kake! :)
Fortsatt ingen vår i sikte?
Det er eit par tre veker sidan eg planta med ei korg med stemorsblomster og ei med lavendel og pynta trappa til vår, men det blir jo ingen vår! I staden kom det ei ny runde med snøv i går...
Det la seg som frost på rekkverket og laga vinterstemning igjen og det vi l ikkje vi ha her i heimen no når det lir mot 17.mai. Det vart vakre bilete av det da, sjølv om det er ei mager trøyst.Eg heier på våren. :)
tirsdag 4. mai 2010
Utdrikkningslag 1
Vi dikta opp ei historie om at vi skulle lure Gretha med på tur sidan ho hadde bursdag den dagen, og at vi hadde fått Ragnar til å passe på at ho ikkje skulle noko anna. Trur du vi klarer å lure ho da? spurte Ivar. Det er jo ikkje vanleg at far får ein telefon som ho ikkje veit noko om, sa han.
Så vart han bekymra fordi ho skulle lage brennsnut og inviterte oss ned dit til laurdag, men det fekk vi forklart vekk med at ho ikkje kom til å starte å lage den før vi hadde tatt ho med oss.
Så laurdags morgon var Ivar klar for å lure Gretha, så vart han lurt sjølv! :D
Ivar hadde sjølvsagt dusja og alt han sidan vi skulle avgårde på tur. Men det var ein liten strek i regninga at han hadde lagt seg ned i senga igjen utan å ordne seg då bussen kom! Eg ropte til Ivar at no måtte han hive seg rundt, for no fekk han besøk. Kven da? Så ser han ut vindauget. Ein heil buss!? Då vart det eit hatteføk å ta sveisen og eg fekk skjorta i fleisen, her, stryk kjerring! ;)
Eg trudde ikkje dei kom før om ein halvtime eg, sa eg. Eg trudde ikkje dei kom før om ein månad! sa Ivar.
Men han kom seg i veg og hadde ein kjempegøy dag med havrafting i byn, bartenderkurs på Hareid og dans i Fosnavågen. Dei hadde ein svipptur nedom lettflyet på Slyngstad, til Ivar sin store skrekk, men det var berre kødd heldigvis. ;)
No venter eg spent på kva Linda har pønska ut for meg. Hjelp!!
Heia Aafk!
I går medan Ivar var på VIP'en på Colorline stadion og såg på kamp, laga vi oss vafler her heime og kosa oss med kampen framfor tv'en. Og jammen kunne Aafk innkassere endå ein siger! Det er berre heilt utruleg at dei fortsatt troner på topp når ein tenker på fjorårets plassering...Blir spennende å sjå kor dei ender opp på tabellen til slutt! :)
Abonner på:
Innlegg (Atom)