Dei rakk akkurat toget, og gjekk på ved småbåthavna på Hildre. Eg sjølv spelte i det nyoppstarta korpset vårt i toget i år. Hildre har vore utan korps i mange år no, så vi er veldig glade for å ha korps igjen. Og sjølv om vi foreløpig er forholdsvis små i antal er vi store i vilje og pågangsmot! ;)
Sverre, Martin og Bertine opptrådte med sang og dans i kvar sine puljer på festen og dei var kjempeflinke! Det er så kjekt å sjå at ungane er engasjerte og villige til å delta på sånt.
Morfar slo til og vann ein fotball i ein av konkurransane ôg!
Tante Sunniva og onkel Jan Egil kom akkurat tidsnok til å rekke etterfesten og litt mat heime med oss. Det var også kjekt. :)
Tante Elin drog ein del av lasset i kommitèen i år, så ho fekk gjort sin del for denne gong. ;)
Eg kjem tilbake med fleire bilete frå dagen seinere når det ikkje er midt på natta.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar