I dag gjekk eg, Ivar, Sverre, Martin, tante Sunniva, onkel Jan Egil, tante Aina, Tuva, Theodor og morfar frå Flem og ut i Støene for å skrive oss inn i bøkene for øyamarsjen 2010. Det evige spørsmålet var om vi kunne slå Lepsøya i år. :)Vi traff på nokon som sa at det var Linn som hadde kontrollen i år, så da kanskje vi vann sidan det vart telling på Lepsøymetoden! :D Jan Egil var skeptisk til å skrivast på marsjlista på feil øy..
Då vi kom fram grilla vi oss pølser og tippa på plasseringa Norge får i Melodi Grand Prix i år før vi tok vegen heim. Mormor kom oss i møte på sykkel etterkvart.
På veg heim stoppa vi uti vikane for å leike litt i sanden. Vi fanga krabber og fulgte spor i sanden.Martin elsker sand, men er lite glad i å bli skitten på hendene. Dårlig kombinasjon eigentleg... ;)
Alle fulgte spent med då vi slapp krabbane vi fanga ut i havet igjen. Det var ein som surfa på bølgene ei stund, så den var det gøy å følge med på! Eg har ikkje rette krabbegrepet på biletet, men krabben var meir interressert i å vise seg fram enn å knipe meg så det gjekk bra. ;)
Denne rare krabaten kom bølgende over vegen. Då morfar pirka borti den krulla den seg saman til ein ball! Den vart eit lite kunstverk i seg sjølv. :)Vi hadde ein flott tur sjølv om det var litt surt ute. Sverre gjekk nesten heile vegen til Støene og tilbake, og det er mange kilometer! Trur turdagane i barnehagen gjer susen i tillegg til at Sverre er lett på foten. :)

1 kommentar:
Fær vel gratulere dåkke med seieren der borte i år da:) Flott at dåkke klarte å slå lepsøyingane, hihi. Her va det 102 registrerte, men ej traff faktisk fleire turgåara so ikkje va registrert.... dumt på en slik dag;0) Her va det løyper på fjellet, til myskjagjerdet og til håneset, og underveis va det quiz med spørsmål for både vaksne og unga. Emilie stakk av med premien i barneklassa:)
Legg inn en kommentar