søndag 30. mai 2010

Uteprosjekt

No har vi kome eit godt stykke på eitt av fleire uteprosjekt vi har starta på men ikkje gjort oss ferdige med endå. Dette er gangstien vår som går langs kortsida av huset. Det som er gjort videre her frå sist er at eg har fått lagt ned fleire steinheller og planta thymus eller timian innimellom sånn at dei skal få krype og legge seg rundt hellene. Ivar har kledd veggen/holet under altanen med plank og grunna dei. I tillegg har han støypt eit trappetrinn opp til platten og lagt skifer på det. No står det att å skjere ut ei luke sånn at vi får stue utemøblane inn under altanen om vinteren, plante ned nokre fleire thymus og vente på at dei skal vekse. :)

1 kommentar:

Siv sa...

Det e so kjedlig å vente på slikt so ska vekse... veks altfor seint då som regel;0) Ser kjempeflott ut ditta, Nina! Dåkke e heldig so he arbeidslyst:)