lørdag 31. oktober 2009

Happy halloween

I dag er det som kjent halloween. Her i byggefeltet har det dei siste åra vore veldig populært å feire halloween, så vi har no gjort dette til ein morsom familiedag med utskjering av gresskar, pynte ute med fakler og ballonger og ungane går knask eller knep på kvelden.


I år kjøpte vi eit gresskar på Plantasjen. Det er første gongen vi har prøvd å skjere ut gresskaransikt, men det gjekk overraskande bra! Sverre syntes det som var inni var litt ekkelt, men det lukta igrunn ganske godt! Vi laga ikkje eit skummelt fjes da, for halloween her med oss er mest gøy og ikkje so skummelt. ;)
Eg hadde tenkt å lage gresskarmuffins av utskjeret, men hadde ikkje riktig krydder i skapet i tillegg til at klokka gjekk for fort i dag, så eg la det frå meg. Neste år kanskje? ;)

fredag 30. oktober 2009

Støtt oss ver så snill!

I forbindelse med skulenedleggingssaka vil ej oppfordre alle til å støtte oss på Hildre ved å gå inn på desse to linkane å føre seg opp på lista. På forhånd tusen hjertelig takk!! :)

http://www.underskrift.no/vis.asp?kampanje=2371

http://www.facebook.com/event.php?eid=177657479788&ref=mf

Bob

I dag tok eg det på sparket, tok turen på frisøren etter jobb og klipte meg kort. Det er enda kortere bake enn framme, så no er det ikkje mykje hår igjen for Martin å rive ut. ;)
Det var skikkelig deilig å bli kvitt litt hår! :)

tirsdag 27. oktober 2009

Haustfest

I år fylte Hildre skule 25 år! Det vart feira med haustfest for alle på Hildrestranda.

I den anledning fekk alle elevane kvar si rose til minne om jubileet.
Skuleelevane hadde laga program med sang, dans og quiz, lærarane hadde laga ein kjempeartig variant av balletten svanesjøen, og til slutt fekk vi kveldsmat med ferske rundstykker som elevane hadde baka den morgenen og masse godt pålegg.
Til og med skulesjefen møtte opp no midt i nedleggingsstrida. Han fekk vite kor skapet står av Evelyn Otterlei, som heldt ein fantastisk tale om historia til Hildre skule, som ho sjølv og mange andre har lagt inn fleirfoldige dugnadstimer i. No håper vi berre vi får halde haustfest her neste år ôg!

Tusen takk til alle elevar, foreldre og lærarar for ein utruleg flott kveld! :)

lørdag 24. oktober 2009

Hildre skule

I dag kom det eit skriv i postkassa vår og det er vel verdt å legge ut her på bloggen! Det er ei kjend sak her i kommuna at ordføraren og gjengen hans vil legge ned skulen vår. Det er heilt uaktuelt og ei stor skam!

Skrivet kan du lese her (beklager blitslyset på biletet):

søndag 18. oktober 2009

Julekjøt

Laurdag tok eg og ungane ein tur ut på øya. Det var ei stund sidan sist no, så det var kjekt for både oss og dei der ute.
I dag, søndag, skulle julekjøtet hengast opp til tørking. Mormor og morfar har gjort det på den gode gamle måten og salta det sjølv først. Det er litt sjarm i det, og Sverre ville gjerne vere med på det opplegget.

Først måtte kjøtet leitast fram ut av saltet og knytast tau på, før det til slutt fekk plass i buret ute på veggen. Eg merker at dette er noko vi burde gjere også og føre tradisjonen vidare! Neste år kanskje? :)

Utfordring fra Linda

Hehe, fekk ei utfordring frå Linda som gjekk ut på å avsløre kor vi oppbevarer fjernkontrollane våre. :)

Vi har ei skuffe på sidebordet mellom sofaene våre som vi har nødt å legge fjernkontrollane i no. Før låg dei berre å slang på bordet, men no er det uråd sidan Martin er fjernkontrollfrik. :)

Tek du den Sunniva, Vibeke og Siv?

onsdag 14. oktober 2009

Besøk på jobb

I dag tok vi ein tur på jobb for å besøke Ivar i lunsjen. Sverre har vore på jobben til pappa fleire gongar før, så han tok ledelsen og viste oss rundt både til kontoret og kjøkkenet, hihi. Eg har jo vore der nokre gongar sjølv, så nødvendigheita av den runda kan diskuterast, men eg måtte sjølvsagt berre spele med. ;)

På kontoret fann Sverre fort fram hjelmen til pappa og prøvde den både på seg sjølv og Martin.
I mangel på ting å finne på etterkvart tok han å teikna Ivar. Sverre har auge for detaljer, så her har han fått med både svart genser (det tok for lang tid å teikne heile genseren svart, så det vart supplert med litt gult for å bli ferdig), hårsveis og svak skjeggvekst.
-Egentlig hadde ikkje ej so løst te å tegne, men det va berre d so va å gjer på....(Sverre i kveld).

mandag 12. oktober 2009

Martin 11 mnd

Då har Martin kome til 11 måneder! Han reiser seg opp etter alt mulig, berre han får tak, og han trasker i veg med Brio tralla som vi fekk låne med Elin og dei. Han storkoser seg og er veldig stolt når han går med den. :)

Han liker godt å bla i bøker, stable tårn og putte i puttekasser.

No har Martin seks tenner. To nede og fire oppe. Han viser dei stolt fram når han lager krye fjeset sitt.

Når det kjem til mat så et han fortsatt det aller meste og helst det samme som vi andre. Grauten har han derimot heilt slutta med. Han spytter den rett ut og vil kun ha skive, helst i skorpeform eller skalk...så det går i skive med leverpostei både til frukost og kvelds.

Her kjem ein liten snutt av Martin under lunsjen i dag med det vi kaller "kry-fjeset". :D
Det er signatur uttrykket til Martin dette. ;)

Gratulerer med dagen

I dag har tante Elin bursdag! :) Gratulerer so masse med dagen! Stor klem frå Sverre, Martin, Nina og Ivar. :)



søndag 4. oktober 2009

Vindusvask på Hildre

Det har regna ekstremt mykje i det siste og det set sine spor på vindauga dessverre...Det har heller ikkje vore noko vêr for å ta vindusvasken fatt med vaskebøtta heller, men det er utruleg kjedeleg når det endeleg er sol ute å ikkje få nyte den innanfrå sidan ein berre sit å ser på dei ufatteleg skitne vindauga! Og det er ikkje få heller...
Ivar henta heldigvis fram vaskeånda forrige veke og tok med seg høgtrykkspylaren rundt huset og vaska alle vindauga våre! I tillegg vaska han ein del vegger og under altantaket vårt. :D


Sverre og Jonas syntes det var ekstra spennende å sitje innanfor vindauga medan Ivar spylte dei! :D