I den anledning fekk alle elevane kvar si rose til minne om jubileet.Skuleelevane hadde laga program med sang, dans og quiz, lærarane hadde laga ein kjempeartig variant av balletten svanesjøen, og til slutt fekk vi kveldsmat med ferske rundstykker som elevane hadde baka den morgenen og masse godt pålegg.
Til og med skulesjefen møtte opp no midt i nedleggingsstrida. Han fekk vite kor skapet står av Evelyn Otterlei, som heldt ein fantastisk tale om historia til Hildre skule, som ho sjølv og mange andre har lagt inn fleirfoldige dugnadstimer i. No håper vi berre vi får halde haustfest her neste år ôg!
Tusen takk til alle elevar, foreldre og lærarar for ein utruleg flott kveld! :)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar