søndag 18. oktober 2009

Julekjøt

Laurdag tok eg og ungane ein tur ut på øya. Det var ei stund sidan sist no, så det var kjekt for både oss og dei der ute.
I dag, søndag, skulle julekjøtet hengast opp til tørking. Mormor og morfar har gjort det på den gode gamle måten og salta det sjølv først. Det er litt sjarm i det, og Sverre ville gjerne vere med på det opplegget.

Først måtte kjøtet leitast fram ut av saltet og knytast tau på, før det til slutt fekk plass i buret ute på veggen. Eg merker at dette er noko vi burde gjere også og føre tradisjonen vidare! Neste år kanskje? :)

2 kommentarer:

Siv sa...

Blogglista mi oppdatera sej dårlig, so ej ser du he no lagt ut masse som ej ikkje he fått me mej..
Julekjøtet he oss salta og tørka sjøl no siste åra. Litt sjarm med det:) Mej he fått det i frysaren, men he ikkje salta på det enda. Mej laga i tillegg vår eigen grisemør, som e berre knallgod om ej må få sei det sjøl;)

Nina sa...

Blogglistå mi mæ e litt treig...åh, heimelaga grisemør e no utrulig godt da. Oss laga d heime før, men no e d nåkre år sia sist.