torsdag 28. oktober 2010

No er vi på'n igjen!

Nei, ingen bolle i ovnen.....

Korpsøving! :D
Vi har korpsøving kvar torsdag kl.20 på Hildre skule om nokon vil vere med! Vi er absoultt ingen proffe musikere, men vi er gamle avdanka korpsmusikanter som har børsta støvet av instrumenta for å kunne bidra med litt musikk til julegrantenninga 1.advent og i 17.mai toget på Hildre. Det er ingen forpliktelse til å vere med i 17.mai toget på Hildre om du vil vere med å spele med oss, sjølv om det hadde vore heilt fantastisk! Vi har det berre veldig kjekt og er så heldige at Jan Granum er med og både dirigerer og speler, så vi er i gode hender!

Har du eit instrument liggende som du vil prøve å få litt lyd i igjen? Eller kjenner du nokon som vil? Velkommen skal de vere til å spele og flire godt ilag med oss! :D

Så til noko litt anna, sjølv om det har samanheng med korpsøvinga i dag:

Då eg og Inger Marie skulle gå heim etter øvinga kom den største regnbyga i manns minne!
Det starta i det øyeblikket vi gjekk ut av døra og stoppa då eg åpna døra heime...typisk.

Det er berre eit par minutt å gå heim, men vi rakk jammen å bli bra dyvåte!
Det kom så mykje vatn at det rant fra stilongsen og nedi(!) støvlane heilt ned til raggane. Det var som om eg hadde tatt på meg ein stilongs rett ut fra vaskemaskina som ikkje var sentrifugert. Gjett om eg angra på at eg la att regnbuksa heime da. Det er jo berre ein sånn kort tur! ;)

lørdag 23. oktober 2010

Rullepølsefabrikken

I dag har eg, Elin, Gretha og Ragnar laga rullepølser! Ragnar delte opp kjøtet, Gretha laga til sidene vi skulle sy til pølser og sydde og stappa rullepølser for harde livet ilag med Elin og meg. I bakgrunnen hadde vi julemusikk, så julestemninga kom så smått krypende innpå oss.
Eg har sett mamma lage rullepølser før, men aldri sydd sjølv, så dette var kjempegøy! :D
Eg er med neste år også. ;) 
Vi fekk seks rullepølser kvar, så no har vi kjempegodt pålegg å kose oss med framover.

torsdag 21. oktober 2010

Vinter

Eit lite stemningsbilde frå kontorvinduet mitt akkurat no. :)
Det er snart jul! :D

torsdag 14. oktober 2010

Muffinsbaking

I haustferien var eg heime med ungane og vi storkoste oss! Eine dagen laga vi muffins. Guttemuffins og jentemuffins, i tilfelle Bertine dukka opp ifølge Sverre. Omtenksom han. :)
Det mest utrulige var at ho faktisk kom bort akkurat då eg tok dei ut av ovnen!

 Karane i full gang med å røre ut muffinsblandinga. Ja, det vart muffins på 1-2-3 denne gongen. Lite husmoraktig ja, men av og til skal det berre skje der og då, så det er godt å ha lettvinte alternativ i skapet til sånne stunder. ;)

onsdag 13. oktober 2010

Overnattingsbesøk

I helga hadde vi Bertine på overnatting! Det var kjekt! Vi rydda leikerommet sånn at det gjekk an å legge ut sovesofaen så Sverre og Bertine kunne sove ilag der. Det er både tv og Nintendo Wii der inne, så det vart seint før dei sovna. ;) Martin ville også vere ilag med dei to, så han henta puta si, la seg i midten og kneip dei i nasen, til deira store begeistring som de ser. :D
Det varte ikkje lenge før han måtte inn i senga si da for i det heile tatt å kunne tenke på å sovne. ;)

Yo-yo Sverre

Sverre har blitt meir og meir interressert i kva han skal ha på seg. Det må vere tøft nok. Ull feks. det er sånne klede ein bruker på barnehagen det, ikkje på skulen! Men han går med på å ha ull på turdagen da. ;) Det skal helst vere hettejakke og caps, for Sverre skal vere rapper og skater no om dagane. Det er så kjekt å sjå at Sverre har blitt ein sjølvstendig gut med sterke meiningar, sjølv om det byr på ein del utfordringer... ;)