lørdag 30. mai 2009

30-års lag

I går, fredag, var vi i 30-års lag til Bjørn. Han og Evy bur rett nedom oss, så det var kjapt å kome seg dit og ikkje minst heim igjen etterpå. :) Greta var snill og passa unger så vi kunne ta turen både eg og Ivar.
Vi hadde det kjempegøy, og vi nytte finevêret på altanen heile kvelden og ut i nattetimane.
Her er nokre bilete frå festen:

Vi var nokre øyingar ôg! :)


Kven får vel ikkje lyst på ei utepils av dette biletet?!

Ein liten bommert med solbriller om natta... ;)

onsdag 27. mai 2009

Fotografering i barnehagen

I dag var det fotografering i barnehagen. Og heilt typisk kom eg ikkje på det før i dag tidleg kl.09.20!! Det var berre å hive seg rundt og blåse ned i barnehagen i eit hattføk. Då vi kom inn døra hadde fotografen akkurat stilt opp alle sammen for gruppebilete, så vi rakk det på håret! Då Sverre kom inn sa fotografen, "da ble det verre med Sverre" (med eit smil), for han hadde akkurat funne ut korleis alle skulle stå... ;)

Då eg gjekk var dei ferdig med gruppebiletet, og portretta var for tur. Eg fekk spørsmål om eg hadde ei formeining om noko spesielt eg ville for Sverre med portrettet, men eg sa at eg var fornøgd om det var eit smil der. Dei to åra før har han nemleg sett noko vekkreist ut på bileta, og på det eine skreik han til og med...så alle gode ting er tre får vi håpe! :)

Eg spurte Sverre då eg henta han om han hadde smilt, og det hadde han sa han! Men då han viste meg smilet han hadde brukt tenkte eg for meg sjølv at kanskje alle gode ting er fire? ;)
Det var nemleg eit "no-smiler-eg-så-hardt-eg-kan-smil" med kjempestore auge! Hehe, eg gleder meg til å sjå biletet! :D
Tenk dei tre bileta på rad da, det første med tårer i augene, det andre i tankeland, og det tredje med eit megastort glis og tallerkenauge, hehehe! :D

Så spurte eg om han som tok bileta var morsom? Ja, det var han, og det var faktisk vaktmesteren, kunne Sverre legge til...Eg hadde ikkje hjerte til å seie at det ikkje var vaktmesteren da, så Sverre trur nok det er vaktmesteren som verkeleg styrer med alt der nede på skulen/barnehagen.

tirsdag 26. mai 2009

Arbeid pågår

Då er forskalinga til den etterlengta støttemuren påbegynt! :) Ragnar (far til Ivar) kom opp for å hjelpe, eller for å gjere det heiter det vel. ;) Han er ein kløppar på sånt! Det er sikkert ikkje noko han ikkje kan bygge, og han liker å sysle med litt snekkerarbeid. Vi er jammen heldige som har to så flinke og hjelpsomme fedre! (Ragnar og Arvid spelte ei stor rolle i husbygginga vår).

Her er Ragnar i full gong med forskalinga no i kveld.

Helsestasjonen

I dag var det klart for ny tur på helsestasjonen, men uten vaksinering denne gongen heldigvis. :)

Han har strekt seg 3,5 cm og lagt på seg 220 gram sidan forrige måling for ein månad sidan. Dei nye måla er no 69,5 cm og 8600 gram. Han har flata litt ut på kurva med vekt i forhold til høgde no. Han har heile tida vore rund og stutt, men no ser det ut som lengda tek innpå tyngda.

Martin har starta å strekkje hender når han vil opp no. Det er litt artig! :) Han har endå ikkje rulla heilt rundt, men det kjem nok ganske snart! Tennene er like før no, men fortsatt ikkje brutt ut, så det er biting på alt han kjem over. Alt skal inni munnen. :)

søndag 24. mai 2009

Graving og øyatur

Denne langhelga har vi brukt til å jobbe med hagen og hatt oss ein liten tur til Flem. Sverre vart henta på båt av morfar på fredag og reiste ut på Flem for å få vere med på kalvesleppet laurdags morgon. Vi kom etter på laurdag. Då tok vi med oss oldemor Jorunn bortover ôg. :)
I dag, søndag, tok vi oss ein tur inn på damekamp for å sjå på tante Sunniva då ho spelte fotball. Sverre plukka ein blomster som ho skulle få til premie om ho scora, men det vart ingen mål på HaNo. Då meinte han ho burde få ein tape-premie i staden. :)

Martin og oldemor Jorunn tøysa og tulla ilag! Dei storkosa seg begge to. ;)


Fredag brukte Ivar tida til å grave frå seg i hagen. Han grov heile området på biletet til høgre sjølv, men vi trong hjelp til å grave bak huset på biletet til venstre, for der var det så smalt. Massa han grov ut brukte han til å fylle ut meir borte ved bærhagen (biletet i midten), så no har vi plass til ei utebod heilt i enden av tomta.


Så ei oppdatering på sukkererter og tomatplantane. Sukkererterne veks voldsomt for tida, men tomatplantane er heller små endå. No skal dei plantast om i større krukker, så då veks dei seg nok større etterkvart. :)

fredag 22. mai 2009

Spesielt

Det var eit spesielt skue utover øyane i dag. Samtlige øyer hadde ei stor høg sky over seg! Det såg litt ut som dei hadde hatter, hehe. Her er Longva med sin hovudpryd. :)

torsdag 21. mai 2009

Litt annaleis feiring

Bursdagen til Ivar starta med gåveåpning på senga og english breakfast. Vi har ikkje hatt noko storfeiring i dag, men vi har kosa oss ilag oss fire. :)

Sverre hadde veldig lyst til å grille marshmallows, så då gjekk eg og Sverre rundt å plukka tørt gras og tørre kvister for å lage eit lite bål i hagen. Det passa fint å ha bål i området som Ivar har gravd i. Eg trudde det berre kom til å seie poff, så var graset oppbrunne, men vi rakk faktisk å grille kvar sin pinne med marshmallows på før det brann ut. :)


Det er umulig for både den eine og den andre å ha ei lita gravemaskin i hagen uten å prøve den! Så eg fekk ta spakane for ei prøverunde. Eg klart jammen å lesse tre trillebårer uten å velte den! Det gjekk rett nok litt sakte da, men målet var å ikkje velte trillebåra, ikkje å sette ny fartsrekord. ;)
Sverre fekk ôg prøve litt! Det var VELDIG stas som de ser på biletet, hihi. :)

Martin sov i vogna si heile tida vi var ute, så det vart lite "feiring" på han. Her er han midt i kveldsmaten. Det var graut i heile fjeset, for han liker å ete på fingrane sine medan han har graut i munnen, så gnir han seg sjølvsagt over heile fjeset med hendene etterpå...Menmen, sånn er det å lære seg å ete. ;)

Gratulerer med dagen

I dag fyller min kjære gode forlovede 38 år! Vi er kjempeglade i deg, og det får du vite med oss kvar einaste dag. :) Du er både ein god pappa og en god partner. ;)

Her er Ivar med gutane sine på 17.mai.

onsdag 20. mai 2009

Gravemaskina er på plass

Då kom gravemaskina! Lars og Ole Brusdal kom med ho i kveld, og Ole køyrde den på plass opp bak huset. Der tok Ivar over spakane og starta gravinga. Han gjorde ein bra jobb! :)

Nederst til venstre er Ole i gang med å grave opp ein stor stein som ligg i vegen for støttemuren som skal kome der. Han grov den opp, men den vart for stor for maskina å flytte på, så han berre grov den ned i staden. Like greitt det. ;) Sverre var rask å springe ned til Jonas og hente han så han fekk sjå på han ôg! Stas med gravemaskin. :)
Etterkvart kom Tuva ôg opp for å sjå. Då var Brusdalane reist, og Ivar hadde sett seg bak spakane. No skal vi bruke fredag og laurdag på graving og flytting av masse. Dette skal bli bra! :)

tirsdag 19. mai 2009

Gratulerer med dagen

Oldemor Halldis fyller 85 år i dag! Vi vart invitert på middag, kaker og kaffe. Vi fekk kjempegod brennsnut og masse godt til kaffien! Sverre var i barneselskap med kompisen sin Jonatan som fylte 6 år i dag, men han fekk med seg ein liten tur innom oldemor før vi drog heim. Så var det rett på klubb for meg. Masse mat og kaker i dag med andre ord. :)

Oldemor Haldis med alle oldebarna, og to av barnebarna, Nils Ove og Ivar.


Onkel Terje og Martin kosa seg i selskap. Sjekk sveisen på Martin! :D Bertine leika frisør med tante Norunn. Ho vart veldig stilig til slutt! ;) Bitta, Nils Helge og Nils Ove hadde også teke turen på Hildre i selskap. :)


Besta og alle barnebarna sine. :) Nils Helge, Ivar og besten slapper av med kaffe og kaker. :)


søndag 17. mai 2009

Vår flotte 17.mai

Betre vêr kan ein ikkje be om! Heilt fantastisk. Vi har hatt ein kjempedag som starta med å gå i tog frå kyrkja til skulen. På skuleplassen var det sang, leikar, mat og moro. :) Sverre åt ikkje mindre enn fem stk is i dag! Akkurat sånn det skal vere på 17.mai. ;)


Det var eit langt tog i dag, mange som ville gå i det fine vêret, og då blir det veldig kjekt å gå i tog! :) Sverre haika på pappa sine skuldrer eit stykke. Mykje kjekkere so høgt oppe da! ;) Martin debuterte i sportsvogn i dag, men han sov heile toget gjennom, så det vart ikkje so mykje han fekk med seg av det allikevel. ;)

Familiebilete på altanen vår ved norskeflagget, takka vere sjølvutløyser på kamera, hihi. :)
Sverre var veldig flink å synge saman med barnehagen på scena. Dei song "Jeg vil bygge meg en gård" og "Solskinnssong". Kanskje nokon har lagt merke til at eg ikkje har bunad på meg? Eg bala ikkje med det pga amminga...altfor mykje styr! Dessuten har eg ikkje prøvd den sidan eg fekk Martin, kanskje den ikkje passar eingong!? :)

Gratulerer

Alexander Rybak med seieren! :) Måtte berre legge det ut, hihi. Kjempebra! :D

lørdag 16. mai 2009

Dagen før dagen

I det flotte vêret i dag, tok vi fram hoppeslottet som Sverre fekk til bursdagen sin i fjor. Vi kjøpte det då vi var på ferie. Veldig stilig, men dei klaga over at det var lite sprett i det... :) Det var ingen klager frå dei i fjor, men no har dei hoppa litt trampoline her og der sidan då, og dei har nok ein del meir sprett enn dette hoppeslottet! ;)

Artig å lage grimaser i inngangsdørene, hihi. :)


Det følger med ei vifte ôg, så det tek berre få sekunder å blåse det opp. Det tåler opp til 90 kg, så her kan fire unger trygt hoppe samtidig, men plassen begrenser det nok til to. ;)


Så tok dei ispause i pop-up teltet.

No gleder vi oss til 17.mai i morgon!
Då blir det tog, leiker, underholdning, meir is og mykje anna godt.
Hipp hipp hurra! :D

fredag 15. mai 2009

Deilige dager

Desse siste dagane har vi berre kosa oss ute i sommervêret! I dag har vi lånt Bertine heile dagen. :) Ho kom rett heim til meg og Martin etter skulen, så gjekk vi å henta Sverre i barnehagen med ein gong etterpå. Vi venta gravemaskin hit i dag, men Ole og Lars Brusdal kom på synfaring først, så kjem maskina på torsdag. Sverre og Bertine var så spente, men dei får vente til neste veke. ;)

Barnehagen gjekk mini-17.mai tog i dag rundt byggefeltet. Eg var litt sein ute med kameraet, men fekk med siste baktroppen. :) Bertine åt middag med oss i dag. Vi sat ute og åt taco og kosa oss. Martin kosa seg i det nye teltet sitt som vi kjøpte forrige helg. Litt meir praktisk dette enn stolhytta eg laga sist. ;)


Sverre elsker muffins. I dag laga eg festmuffins for å overraske han til han kom heim, og sidan Bertine kom hit, fekk dei kose seg ilag med store saftige muffins. :) Då Elin og Øystein kom heim, overraska dei meg med blomster for å passe Bertine! Dei var kjempefine, tusen takk! Så kom Greta med ein flott rosebukett ho hadde kjøpt på Moa, tusen takk til deg ôg! No har eg pynta opp både ute og inne med nye blomster. :)


Hagen har no starta blomstringa for fullt! Eg har nokre sortar som blomstrer tidleg, og desse kvite har stått i blomst i fleire veker no. Kjempesøt!

tirsdag 12. mai 2009

Martin 6 måneder

Tenk, no er Martin allereie eit halvt år! Tida flyg altså. Tida som liten baby er altfor kort, men det er utrulig kjekt å sjå dei vekse seg større og sjå personlegheita deira og at dei finn ut av meir og meir sjølv ôg! :)

Skjønne Martin-guten vår! No er det berre eit tidsspørsmål før han snur seg over på magen sjølv, men han kaver med handa som ligg i vegen! :)
Han strekker ut hendene når vi kjem for å løfte han opp eller når han vil vi skal gjere det. :)

Tennene viser seg ikkje endå, men han tygg på alt han finn, så det er vel ikkje lenge før no. Han et litt graut, frukt og moste grønsaker. Han er ikkje kresen, han et det han får. :)

Så har han ein liten leik han driv med på eiga hand...Han har ein koseklutbamse han liker veldig godt, den driv han å legg over ansiktet og venter...og venter...og venter...SÅ dreg han den vekk og storkoser seg! :D
Eg vart kjempebekymra og rykte den av første gongen, for eg trudde han hadde kava den over ansiktet og ikkje fekk den vekk, men neida, han gjer det om og om att. Det er ein liten raring vi har. ;)

søndag 10. mai 2009

Gratulerer med dagen!

Tante Sunniva vart 26 år i dag! Ho og onkel Jan Egil kom på middag til oss. Det var veldig kjekt! Tante Sunniva hadde baka kake som vi koste oss med etterpå. Då kom mormor og morfar ein tur med båten for å feire yngste dottera si ilag med oss. :)

Tante Sunniva og onkel Jan Egil koser seg med kaffi og kake. :)


Mormor, Sverre, tante Sunniva, Martin og eg. Sverre fekk litt fotmassasje med tanta si. :)


Martin fekk sjølvsagt også merksemd med tante Sunniva! ;)


Byggmester Sverre.

Potteplanting

I går var vi ein tur å handla litt planter og diverse anna. Då fekk eg endeleg planta i krukkene eg kjøpte for eit par veker sidan! Deilig å få litt farger på altanen ôg! :)

Eg kan ikkje navnet på alle, men det er ikkje så nøye heller. Eg syntest dei var veldig fine da! Solsikka var skikkelig skjønn. :)


Det var ikkje tvil i kor krukkene var laga akkurat, for dei var pakka inn i kinesisk avispapir. :)

fredag 8. mai 2009

Inspirasjon

Då Solveig la ut på bloggen sin at ho hadde sydd nye klede av gamle, fekk eg ein idè til noko eg kunne gjenbruke ôg. No kan ikkje eg å sy, men eg liker å lage ting. :)

Eg har som nevnt før her på bloggen, sådd sukkererter, og no har dei vakse seg så store at det var på tide å få planta dei ut i bed. Men her på Sunnmøre er det ikkje alltid vindstille for å seie det sånn, så eg kunne ikkje berre plante dei ut kvar som helst...og då kom idêen!

Vi har hatt ei trapp med 3 trinn liggande utanfor huset ei stund no som vi arva frå Elin og Øystein då dei ikkje trengte den lengre. Vi hadde bruk for den på baksida av huset, men no har vi laga platting der og trappa låg berre å slang og var i vegen. Ivar tok å saga den opp i tre delar for å gjere den litt meir hendig å kvitte seg med, for den var ganske tung. Men vi har ikkje kvitta oss med den enda, og bra var det, for eg fann ut eg kunne bygge den om til plantekasse for sukkererterne våre!

Eg tok to av trinna og spikra dei saman, og vips, ei kasse! Og det før klokka passerte 11.30. :) Ikkje den finaste kanskje, men eg ser på den som rustikk! ;)


Bortom huset ved hekken til naboen ligg det ein rull med nettinggjerde... ;)
Eg spurde om det var han sitt, men det var det ikkje, og det har vore der i mange år no sa han. Då tok eg sjansen og klipte med meg eit par meter! Det vart ei perfekt støtte for plantane å klatre i! :)
Så fylte eg småstein i kassa, la duk og mold oppå og sette ned plantane. Kassa står rett bak leveggen på altanen vår, så her får nok sukkererterne vekse i fred. :)

torsdag 7. mai 2009

Mormor og morfar på besøk

Mormor og morfar stakk innom i dag etter ein tur til Brattvågen med diverse ærend. Kjempekoselig med besøk altså! Og i dag huska eg å ta fram fotoapparatet ôg. Men med fire stk på samme bildet der to av dei er unger, er det vanskeleg å få alle til å sjå i kameraet samtidig... :)

Sjokoladeboller

Eg kjøpte ein pakke bolleblanding med sjokoladebiter her ein dag. Tenkte eg skulle prøve dei ut! Den kosta 20 kroner, og det vart 12 boller. Grei pris det. :) Godkjent!

mandag 4. mai 2009

Nysteikt brød

Eg tok å baka brød i dag. :) Det er så godt med nysteikt brød! Dette er ei av Regal sine blandingar, og dei er veldig gode! Og veldig lettvint med ferdig mjølblanding. Denne blandinga hadde tre av fire "stjerner" når det gjeld grovheit. Altså, sunt og godt! :)

Martin oppdatering

Martin blir meir og meir mobil no om dagane. Han har funne ut for ei stund sidan at det går an å legge seg på sida, men no har han kome eit skritt lengre. Han legg seg nesten heilt over på magen no! Men den dumme handa er i vegen heile tida, så han ruller berre tilbake på ryggen. Han kaver så mykje fram og tilbake at han havner utanfor teppet sitt som på biletet her. :)

Ny blogg i listå mi

Fekk mail med Linda Kristin i dag om at ho og Erlend har laga seg blogg! No får vi følge med på deira liv i USA for tida. Kjempegreier! :)

Gratulerer med dagen!

I dag 3.mai fyller oldemor Thea 89 år! Gratulerer så mykje med dagen! Det var kjekt å treffe deg igjen på laurdag i konfirmasjonen til Siri Mette. :)

Utvikling i sukkererter"bedet"

Dei veks fort desse sukkererterplantane gitt. Har aldri planta det før, men det er litt kjekt å følge med på utviklinga for både oss vaksne og ungane. Dei største plantane er no opp mot 10 cm høge. På tide å få dei planta over i større bed! :)
Det er verre med tomatane...der er det ikkje antydning endå eingong. Dei kjem vel. ;)

søndag 3. mai 2009

Sykletur

I dag har vi berre kosa oss heime. Tenke å ta turen til Plantasjen for å handle meir mold og litt planter, men vi kutta det ut. Deilig med ein heimedag no alle ilag etter ei heil veke med eit eller anna kvar dag. :)

Vi tok oss ein tur ut og trilla etter middag. Sverre tok sykkelen sin. Vi gjekk ned mot skulen og fotballbana. Der er det ei RC-bane som vart bygd på dugnad av Hildre RC-klubb som dei køyrde fjernstyrte bilar og arrangerte billøp på og greier. No er den ikkje i bruk til det lengre, men den er kjempefin til å sykle på! Her er Sverre i aksjon. :)

lørdag 2. mai 2009

Gratulerer med konfirmasjonsdagen

I dag var vi i konfirmasjon i Stordalen på Nilsgardstunet. Kjekt å treffe igjen dei vi ikkje ser så ofte, og å sjå kor dei minste i familien veks! :)

Det var søskenbarnet til Ivar, Siri Mette som vart konfirmert i dag! Gratulerer so masse! Kjempeflott konfirmant!


Aafk kampen vart vist på tv inne på barområdet, til stor begeistring for dei fleste, inkludert konfirmanten. :) Her sit Sverre saman med besten og følger spent med på kampen.


Martin gir besta ein god kos! Vi fekk sjokolade og kaffe etter middagen medan vi venta på kaker. Ivar såg sitt snitt til å sette eine sjokoladeskåla rett framføre seg, ikkje populært! ;) Sverre hadde eit klatre-og-henge-på-mamma-føre i dag (travelt). Her sit han på ryggen min, men det var berre kjekt! :)

fredag 1. mai 2009

Gratulerer med dagen

I dag fyller besta 60 år! Gratulerer so masse med dagen! Vi har hatt ein flott dag på restaurant på Sjøholt. Tusen takk. :)

Besta og Martin no i kveld. :)