Desse siste dagane har vi berre kosa oss ute i sommervêret! I dag har vi lånt Bertine heile dagen. :) Ho kom rett heim til meg og Martin etter skulen, så gjekk vi å henta Sverre i barnehagen med ein gong etterpå. Vi venta gravemaskin hit i dag, men Ole og Lars Brusdal kom på synfaring først, så kjem maskina på torsdag. Sverre og Bertine var så spente, men dei får vente til neste veke. ;)

Barnehagen gjekk mini-17.mai tog i dag rundt byggefeltet. Eg var litt sein ute med kameraet, men fekk med siste baktroppen. :) Bertine åt middag med oss i dag. Vi sat ute og åt taco og kosa oss. Martin kosa seg i det nye teltet sitt som vi kjøpte forrige helg. Litt meir praktisk dette enn stolhytta eg laga sist. ;)

Sverre elsker muffins. I dag laga eg festmuffins for å overraske han til han kom heim, og sidan Bertine kom hit, fekk dei kose seg ilag med store saftige muffins. :) Då Elin og Øystein kom heim, overraska dei meg med blomster for å passe Bertine! Dei var kjempefine, tusen takk! Så kom Greta med ein flott rosebukett ho hadde kjøpt på Moa, tusen takk til deg ôg! No har eg pynta opp både ute og inne med nye blomster. :)

Hagen har no starta blomstringa for fullt! Eg har nokre sortar som blomstrer tidleg, og desse kvite har stått i blomst i fleire veker no. Kjempesøt!
3 kommentarer:
Heisann! Det er så kjekt når det blomstrar i hagen! Fontena vi har laga oss i hagen er ei Plantasjen-fontene. Behaldaren med vatn ligg under steinane, så det er ikkje nokon dam synleg. Det skal vi ha når ungane blir litt større. Kenneth har gravd ned ei ledning i bakken og bort til fontena, for den må ha straum for å virke. Treng ikkje vasslange, fordi den bruker opp igjen same vatnet heile tida. Vi har ikkje støpt fast sjølve fontena, for den kan vere grei å ta inn om vinteren feks.
Ok, so vatnet renn berre ned i beholderen igjen? Ej set å drøyme om sånn fontene i hagen ej! :)
Ja, vatnet renn nedi beholderen igjen. So sant vinden ikkje bles vekk vatnet litt etter litt. Må fyllast på med vatn i ny og ne da. Men greit å sleppe å ha open dam når ungane e so små, syns oss da.
Legg inn en kommentar