onsdag 27. mai 2009

Fotografering i barnehagen

I dag var det fotografering i barnehagen. Og heilt typisk kom eg ikkje på det før i dag tidleg kl.09.20!! Det var berre å hive seg rundt og blåse ned i barnehagen i eit hattføk. Då vi kom inn døra hadde fotografen akkurat stilt opp alle sammen for gruppebilete, så vi rakk det på håret! Då Sverre kom inn sa fotografen, "da ble det verre med Sverre" (med eit smil), for han hadde akkurat funne ut korleis alle skulle stå... ;)

Då eg gjekk var dei ferdig med gruppebiletet, og portretta var for tur. Eg fekk spørsmål om eg hadde ei formeining om noko spesielt eg ville for Sverre med portrettet, men eg sa at eg var fornøgd om det var eit smil der. Dei to åra før har han nemleg sett noko vekkreist ut på bileta, og på det eine skreik han til og med...så alle gode ting er tre får vi håpe! :)

Eg spurte Sverre då eg henta han om han hadde smilt, og det hadde han sa han! Men då han viste meg smilet han hadde brukt tenkte eg for meg sjølv at kanskje alle gode ting er fire? ;)
Det var nemleg eit "no-smiler-eg-så-hardt-eg-kan-smil" med kjempestore auge! Hehe, eg gleder meg til å sjå biletet! :D
Tenk dei tre bileta på rad da, det første med tårer i augene, det andre i tankeland, og det tredje med eit megastort glis og tallerkenauge, hehehe! :D

Så spurte eg om han som tok bileta var morsom? Ja, det var han, og det var faktisk vaktmesteren, kunne Sverre legge til...Eg hadde ikkje hjerte til å seie at det ikkje var vaktmesteren da, så Sverre trur nok det er vaktmesteren som verkeleg styrer med alt der nede på skulen/barnehagen.

5 kommentarer:

Stine sa...

Barnehagebilder er virkelig noko for seg sjølv. Hos oss har Malin stort sett vore heldig, men Hannah derimot har sett ut som ho er på gråten stort sett kvar gang, eller så er det er skikkelig påklistra falskt glis. I fjor når vi skulle ta bilde av Malin og Hannah i lag så dro vi til Elvebakken og fekk tatt det på nytt siden vi ikkje var fornøyd. Der hadde han mykje bedre tid og bilda vart veldig bra. Blir spennendes å sjå resultatet da ivertfall. Lykke til!

Siv sa...

Hehe, ditta bli no spennandes ja:) Alle grimase he no sin sjarm da, men e no kjekt med et "fint" bilde da, når det e fotograf og greier. Men tenker nok at Sverre bli kjempefin ej:)

Alena sa...

Spennende!!! :)

Jeg har gitt opp Elvebakken, så jeg bestiller bare gruppebilde.

To år nå, der han ser ut som han skrivker og er potte sur!
Så dei er gjemt inni et skap, vurdert å kaste i boss.

Tar så mange fine bilder selv, så jeg tar heller av dei å henger opp.

Linda sa...

Hehe, va no bra dåkke rakk fotograferinga.
He nokken "held på å bjønd å grine-bilder" oss me av Marius. Ser han e skikkelig skeptisk på fotografen. Men dei he bedra sej t større han he blitt. Men på ditta siste bildet so va han forkjølt, so han he litt tørka snør i panna.
Skulla gjerne ha vør tilstede og fiksa litt på han før han ska ta bilde... Og håpe ikkje han Elvebakken he anlagt bart. Han Marius sei han e redd dei me bart for tida...
Bli sikkert et arti bilde av Sverre ;)

Nina sa...

Ja, ej snakka me ho Evy og ho sa han smilte fint! Gle mej te å sjå bilda :)