onsdag 20. mai 2009

Gravemaskina er på plass

Då kom gravemaskina! Lars og Ole Brusdal kom med ho i kveld, og Ole køyrde den på plass opp bak huset. Der tok Ivar over spakane og starta gravinga. Han gjorde ein bra jobb! :)

Nederst til venstre er Ole i gang med å grave opp ein stor stein som ligg i vegen for støttemuren som skal kome der. Han grov den opp, men den vart for stor for maskina å flytte på, så han berre grov den ned i staden. Like greitt det. ;) Sverre var rask å springe ned til Jonas og hente han så han fekk sjå på han ôg! Stas med gravemaskin. :)
Etterkvart kom Tuva ôg opp for å sjå. Då var Brusdalane reist, og Ivar hadde sett seg bak spakane. No skal vi bruke fredag og laurdag på graving og flytting av masse. Dette skal bli bra! :)

3 kommentarer:

Solveig sa...

Så spennande då! Sikker på at det blir kjempefint rundt huset dykkar!!

Linda sa...

Jasså, d e dåkke so he stukke av me gravemaskina vår....
Oss he føre å venta på at dei ska fullføre arbeidet me minigraver'n på oppsida av huset vårt. Åsso sa han Aslak at dei skulle komme i slutten av dinna veka her.
Oss bør vel ikkje forvente at dei dukka opp i morga heller da...
Ej fær ikkje opp siste bilda du he lagt inn på bloggen din... berre teksten. Sikkert me mej d e nokke gale.
Oss fær ta oss en tur å kike med dåkke en dag. Kanskje på søndag??

Nina sa...

Dei sa faktisk at dei ikkje hadde vør me dåkke endå då dei kom me den...dei sa i telefonen at dei sku te dåkke først da. Veit ikkje ka so he skjedd ej. Men oss ska ha den her i mårgå ja, men dei bli ferdig me den i mårgå eller tidlig laurdag tru ej. D e d so e planen, so då kjøm den sikkert te dåkke på laurdag.