torsdag 24. juni 2010

Jonsokaftan

Tradisjon tru feira vi Jonsokaftan i havna på Hildre. I år var heile Hildrestranda inviterte til å komme å feire ilag med oss andre som har feira der i mange år. Det møtte opp masse folk, og det var så kjekt! Neste år blir det muligens salg av rømmegraut i tillegg. Vi kunne ikkje bedt om betre vêr iallefall. For ein god kveld vi har hatt. Her er nokre av bileta vi tok:

Vi grilla og åt maten inne i naustet. Etterpå flytta vi oss på baksida av nausta til solsida. :)

Martin var med både den eine og den andre i dag. Her saman med besten og pappa. Søskenbarna Sverre og Bertine er veldig glade i kvarandre, noko dei viser her. :)

Likte veldig godt dette biletet.


Her er naustrekka og alle folka som kom å hadde det kjekt ilag. Besta og besten i forgrunnen kosa seg med kaffe og nytte sola.


Det klarna virkelig opp utover kvelden, og motiva vart berre fleire og fleire! :)

Bryllupet vårt

Laurdag 19.juni gifta vi oss i Borgund kyrkje. Vi tok bilete på Borgundgavlen og festen var på Parken hotel. Vi har ikkje fått alle bileta endå, så dette er eit lite utvalg av det vi hadde på vårt eige kamera:


Så nygifte som det går an. :)


Linda var forloveren min og Kim Peter var forlovaren til Ivar. Dei bestod med glans. :)
Etter middagen tok vi oss ein tur på rommet å drakk champagne som hotellet spanderte på oss. Kim og Hallgeir slappa av i vindaugskarmen mellom slaga. Hallgeir var toastmaster og kjempedyktig! Onkel Odd og tante Tordis las kvar sitt vers i kyrkja. Hadde ikkje bilete av Tordis på vårt kamera. Morfar og Theodor koste seg i bryllup. Theodor sov mesteparten av tida. :)


Vi klarte å koordinere oss til å skjere kake og ete frå kvarandre sine skeier. Vi laga ein liten leikekrok i salen der festen var, sånn at ungane hadde noko å styre med når dei ikkje dansa. :)
Familiebilete...kva er det? Vi gløymde heilt å ta familiebilete, så dette av mamma, meg og pappa er det nærmaste vi kom. Jaja, noko er det vel alltid som ikkje går etter planen og sidan alt anna gjekk så bra, var det vel dei som måtte svi. :)
Vi hadde ein fantastisk flott dag som sagt, og det kjem muligens litt fleire bilete på bloggen når eg får dei andre frå familien og dagens fotograf, Olav Skarstein. Tusen takk Olav! :)


søndag 20. juni 2010

Vi har gifta oss!

Ja, no er vi ektefeller, eg og Ivar. Vi hadde ein fantastisk dag i går! Den kunne ikkje vore betre i våre auge iallefall. Tusen takk alle sammen for ein kjempeflott dag! Og tusen takk for alle gåvene vi har fått! Kjem tilbake med bilete og referat frå den flotte dagen vår snart. Er for trøytt i dag. ;)

tirsdag 15. juni 2010

Manikyr

I dag har eg og Linda vore på Lindas salong og fått oss ansiktsbehandling og manikyr! Det var kjempedeilig og eg sovna nesten på benken, hihi.

Sånn ser neglane mine ut no! No spørst det berre om lakken held til laurdag. Tvilsomt sidan eg klarte å øydelegge litt av lakken på tommelen allereie før vi hadde kome oss ut av salongen...Eit tydeleg teikn på at eg ikkje er vant til velstelte negler. :P

6-års bok

Søndag var vi i familiegudsteneste i Hildre kyrkje. 6-åringane fekk seg bok, og som de ser er Sverre tydelig stolt over å ha fått boka si. :)

tirsdag 8. juni 2010

Rafting i Valldøla

Nokre få bilete få raftingen som Valldal naturopplevingar har lagt ut på facebooksida si. Gå gjerne inn der for å sjå bileta litt bedre. Eg har posta nokre av bileta på wall'en min også. :)
Her er vi klare til dyst! Kjersti, eg, Linda, Sunniva og Evy.


Viktig å høyre godt etter!

Ute på elva. Det var gøy!



søndag 6. juni 2010

Utdrikkningslag 2

I går, laurdag, vart eg overraska av ein gjeng som lista seg opp på verandaen vår og dundra laus på døra inn til kjøkkenet! Eg hadde venta dei, men eg stod å såg ut vindauget på kjøkkenet å speida etter ein bil eller eit eller anna, så eg fekk meg ein bra overraskelse allikevel! :D

Det var Elin, Linda, Kjersti, Sunniva, Evy og Inger Marie som sneik seg innpå meg. :)


Ei ganske so overraska Nina her ja. ;) Eg fekk beskjed om å pakke ein bag med bikini, solkrem, ullklede, joggesko og sminke. Så tok dei med klarinetten min....Dei tok meg med i bil , Linda, Sunniva, Kjersti og Evy. Dei andre skulle treffe oss seinare ein annan stad. Vi køyrde innover fjordane, men stoppa først på Skodjebrua der eg fekk eit ballettskjørt, "bride to be"-band og ein tiara. Vi fòr vidare og enda opp i Valldalen. Der var det klart for rafting!

Eg syntes at dei andre tok litt lett på heile raftinga, så eg følte meg forplikta til å hinte om at rafting kunne vere ganske farlig og etter ei lita stund i bilen med meg kom det krypande over dei andre ein litt usikker følelse på heile raftinga. Den usikkerheita vart ikkje mindre då vi kom opp til flåten og fekk informasjon om ulike scenario som kunne utspele seg i elva, som feks. å havne under flåten.
Eg hadde ikkje så lang tid på meg til å tenke så mykje før vi var i elva, så nervøsiteten tok heldigvis ikkje overhand. Vi fekk litt øvingstid i rolig vatn før vi sette utfor elva! Det var kjempegøy!
Sjølvsagt litt skummelt også, spesielt då vi skulle hoppe i elva fullstendig frivillig for å kjenne på vatnet og kreftene så vi var forberedt i tilfelle vi datt uti elva. Og det var bra, for både Sunniva, eg, Kjersti og guiden havna uti. Sunniva første gongen då flåten huka seg i ein stein og fekk ein snurr, og eg, Kjersti og guiden datt uti samtidig då vi kom sidelengs inn i ein "kulp". Det føltest litt dramatisk ut der og då, og det var det kanskje også, men vi kom heilskinna ned alle saman. For ein opplevelse! Anbefalast. :)

Neste stopp var Moa. Eg hadde pumpa opp ballonger og laga hatter og sverd heile vegen frå Valldalen til Moa, så eg rekna med eg skulle selge dei der. Det var visst planen òg, men vi var litt seint ute, så Moa var stengt. Eg fekk bange anelser då vi ikkje drog frå Moa med ein gong, men stod å speida etter noko eller nokon....jau, der kom Jan Egil på motorsykkel og eg skulle sitje på ut til byen! Neineinei tenkte eg. Motorsykler klarer eg meg fint uten og er mildt sagt lite begeistra for dei. Men er ein på utdrikkningslag så er ein på utdrikkningslag, så eg måtte berre bite i graset og sette meg bakpå, med full uniform sjølvsagt. Det gjekk heilt fint, men eg kjøm ikkje til å kjøpe meg sykkel for det.

Vel ute i byen bar det opp i parken på photoshoot med Sybell! Der kom Linda, Hege og Torill for å vere med videre på utdrikkningslaget også. Det vart sikkert mange artige bilete der! Gleder meg til å sjå dei. :)

Vi fôr videre til ny stopp med tapaskurs! Vi hadde heile 2.etg. for oss sjølve og laga all maten sjølve nede i kjelleren. Det var kjempegøy å lage mat ilag med alle saman! :D Etterpå fekk vi ete maten vi hadde laga og koste oss med god drikke attåt. Kokken vi hadde hjelp av var både morosam og dyktig, så alt gjekk på skinner, bortsett frå eggekokinga. Ikkje sant Sunniva og Evy? ;D Og klippfisken som viste seg å vere butterdeig, Linda? Hihi! :D

Etterpå bar det videre i bil igjen. No enda vi opp på Hildre igjen oppover Hildredalen. Der stod ein følgebil å venta og det var fleire stopp oppover før vi kom fram til hytta. Eg måtte bla. springe 10 ganger rundt ei flaske og teikne ein katt etterpå og gå baklengs siste 50 meterane til hytta. Der var det fyrt i peisen og tent stearinlys og satt fram masse snacks!
Alle hadde kjøpt ein pakke kvar til meg med noko inni som skulle få meg til å skjøne kven som hadde kjøpt kva pakke. Eg fekk alle riktig bortsett fra eit par stykker. :)

Tusen takk for ein kjempegøy dag jenter!! :D
Og takk for at eg slapp å spele klarinett på St.Olavs plass oppå ei statue kun iført bikini. ;)

fredag 4. juni 2010

Blomstring

Det er så deilig å sjå at hagen endelig blomstrer! Her er eit lite knippe av hagepryden vår. :)




Legg merke til myggen midt på biletet! Eg såg den ikkje før eg såg på bileta på pc'en, hihi. :)

Guns N Roses Live Norway Oslo Welcome to the jungle

Her er en liten snutt fra konserten. Vi stod ganske nært scena, til venstre for midtpartiet som går utover, der Axl står. Åh, digg!

Road trip til Oslo

Her er nokre bilete frå turen vår. Vi stoppa sjølvsagt på Åndalsnes for å kjøpe pølser. Vi kjøper alltid pølser på Åndalsnes, for den eine gongen vi stoppa der uten å kjøpe pølser, stoppa bilen. Det hadde vi ikkje tid til denne gongen, så her måtte alle kjøpe pølser, svoltne eller ikkje! ;)
Neste stopp var på Espa der vi kjøpte oss middag, altså bakt potet med boller til dessert. Så var det strake vegen til Aina og dei for å skifte til konsertantrekket, få nokre klemmer frå Tuva og Theodor og videre ut for å få oss nokre utepils før det braka laust på Oslo Spektrum. :D

Dagen etter stod vi tidleg opp (halv åtte) og åt oss ein god frukost med Aina og dei før vi fòr for å hente ei pumpe eg skulle ta med til Ålesund sidan det er streik i transportnæringa. Då den var henta tok vi turen på messe, Eliaden 2010. Der fann eg fram til fleire folk eg har kontakt med via jobben og det var veldig kjekt!
Etter vi hadde tråla messa, snubla vi over ein McDonalds der vi tok lunsj. Det ser visst ut som vi berre har ete på heile turen, men når eg tenker meg om, så har vi nok gjort det... :)

torsdag 3. juni 2010

GUNS'N ROSES!

Tidlegare i år kjøpte vi oss Guns'n Roses billetter og kjøpte samtidig billetter i bursdagsgåve til Sunniva og Jan Egil. Tirsdag sette vi oss i bilen, henta dei i byen og starta ein road trip til Oslo for å gå på ein etterlengta Guns'n Roses konsert! Eg har alltid hatt lyst til det og Axl og co skuffa absolutt ikkje! Eg vart ganske irritert på anmelderen frå Aftenposten som skreiv at konserten var idiotisk og at dei grusa fleire av dei legendariske låtane sine. Det kokte i salen då dei spelte dei gode gamle låtane, så eg lurer på om vi i det heile var på samme konserten?! Det er rett nok berre Axl og Dizzy igjen frå gamlegjengen, men DJ Ashba er ein fantastisk gitarist og eg kunne ikkje høyre nokon forskjell på om det var han eller Slash som spelte iallefall. Kjempefornøgd med ein utrulig opplevelse! :D


Her er Axl i full gang med DJ Ashba til høgre. Kjempestemning! :D
Axl har blitt litt rundere med åra, men han har fortsatt den samme stemma om ikkje bedre!
Biletet er lånt fra Adresseavisen.


Vi sit på vorspiel på Egon og venter spent med Guns'n Roses på høgtalaren. :)

Det var ikkje lov å ta med fotoapparat inn på konserten, så vi måtte ta bilete med telefonen, men det var ikkje så lett når alle hoppa og dunka borti kvarandre. Ivar kjøpte t-skjorter til oss og dei var skikkelig tøffe. Dei andre toppane eg hadde på meg måtte fungere som skjørt sidan det vart litt for varmt med t-skjorta utanpå. ;)

Her er Axl som vi liker å sjå han! ;D

Vi overnatta med Aina og Johan, så vi fekk treffe dei, Tuva og Theodor såvidt det var sidan vi berre var inn og ut dørene med dei. Vi kom heim i kveld og fekk henta ungane som har vore hos besta og besten desse to dagane vi har vore i Oslo. Det var kjekt på tur, men det var jammen kjekt å kome heim til Sverre og Martin igjen også. :)

tirsdag 1. juni 2010

Drops på Klæberget i sommer

Eg og Sunniva fått forespørsel om vi vil lage drops og selge dei på Klæberget i sommer. Det var veldig kjekt, så det spørs om det ikkje blir "Tomrens sommerblanding" og "Tomrens salte" å få kjøpt i tillegg til klede og bilete på Ulla i august. :)

Førskuledag

I dag var Sverre og dei tre andre førsteklassingane på førskuledag på skulen der dei fekk treffe læraren sin og rektoren. Dei fekk seg eit arbeidshefte der dei skulle teikne litt og skrive litt om dei kunne det.
Dei fekk også vite kva reglane på skulen var. Sverre fortalte meg at det var eit trafikklys der, og når det var grønt kunne dei snakke, når det var gult måtte dei kviskre og når det var raudt skulle det vere heilt stille. -Men for meg kunne det vere raudt heile tida, for eg hadde ikkje tenkt å seie noko, sa Sverre. :D
Då Sverre kom heim var han så sliten at han sovna på sofaen, men i kveld sette han seg ned med heftet sitt og skreiv både tal og bokstaver. Han har lært seg å skrive bokstaver etter ordlyden no. Ikkje alle da, men han kan skrive navna våre ved å stave dei høgt. Vi syns han er kjempeflink! :) Eg trur ikkje eg kunne å skrive før eg hadde fylt 6 år iallefall.