fredag 4. juni 2010

Road trip til Oslo

Her er nokre bilete frå turen vår. Vi stoppa sjølvsagt på Åndalsnes for å kjøpe pølser. Vi kjøper alltid pølser på Åndalsnes, for den eine gongen vi stoppa der uten å kjøpe pølser, stoppa bilen. Det hadde vi ikkje tid til denne gongen, så her måtte alle kjøpe pølser, svoltne eller ikkje! ;)
Neste stopp var på Espa der vi kjøpte oss middag, altså bakt potet med boller til dessert. Så var det strake vegen til Aina og dei for å skifte til konsertantrekket, få nokre klemmer frå Tuva og Theodor og videre ut for å få oss nokre utepils før det braka laust på Oslo Spektrum. :D

Dagen etter stod vi tidleg opp (halv åtte) og åt oss ein god frukost med Aina og dei før vi fòr for å hente ei pumpe eg skulle ta med til Ålesund sidan det er streik i transportnæringa. Då den var henta tok vi turen på messe, Eliaden 2010. Der fann eg fram til fleire folk eg har kontakt med via jobben og det var veldig kjekt!
Etter vi hadde tråla messa, snubla vi over ein McDonalds der vi tok lunsj. Det ser visst ut som vi berre har ete på heile turen, men når eg tenker meg om, så har vi nok gjort det... :)

Ingen kommentarer: