Tidlegare i år kjøpte vi oss Guns'n Roses billetter og kjøpte samtidig billetter i bursdagsgåve til Sunniva og Jan Egil. Tirsdag sette vi oss i bilen, henta dei i byen og starta ein road trip til Oslo for å gå på ein etterlengta Guns'n Roses konsert! Eg har alltid hatt lyst til det og Axl og co skuffa absolutt ikkje! Eg vart ganske irritert på anmelderen frå Aftenposten som skreiv at konserten var idiotisk og at dei grusa fleire av dei legendariske låtane sine. Det kokte i salen då dei spelte dei gode gamle låtane, så eg lurer på om vi i det heile var på samme konserten?! Det er rett nok berre Axl og Dizzy igjen frå gamlegjengen, men DJ Ashba er ein fantastisk gitarist og eg kunne ikkje høyre nokon forskjell på om det var han eller Slash som spelte iallefall. Kjempefornøgd med ein utrulig opplevelse! :D

Her er Axl i full gang med DJ Ashba til høgre. Kjempestemning! :D
Axl har blitt litt rundere med åra, men han har fortsatt den samme stemma om ikkje bedre!
Biletet er lånt fra Adresseavisen.

Vi sit på vorspiel på Egon og venter spent med Guns'n Roses på høgtalaren. :)

Det var ikkje lov å ta med fotoapparat inn på konserten, så vi måtte ta bilete med telefonen, men det var ikkje så lett når alle hoppa og dunka borti kvarandre. Ivar kjøpte t-skjorter til oss og dei var skikkelig tøffe. Dei andre toppane eg hadde på meg måtte fungere som skjørt sidan det vart litt for varmt med t-skjorta utanpå. ;)

Her er Axl som vi liker å sjå han! ;D
Vi overnatta med Aina og Johan, så vi fekk treffe dei, Tuva og Theodor såvidt det var sidan vi berre var inn og ut dørene med dei. Vi kom heim i kveld og fekk henta ungane som har vore hos besta og besten desse to dagane vi har vore i Oslo. Det var kjekt på tur, men det var jammen kjekt å kome heim til Sverre og Martin igjen også. :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar