søndag 21. mars 2010
Båten
lørdag 20. mars 2010
Påskeliljer
Martin er sjuk
I dag fekk han tydlegvis ein vidunderkur med legen, for eit par timer etterpå pusta han heilt som normalt. Kun litt slimhoste igjen! :)
fredag 19. mars 2010
Spikermattekameratane
Sverre syns det er litt kult å komme bort å vise alle "hola" under foten etterpå. ;)
Av alle rare situasjoner
Sverre har ein tendens til å havne i alle mulige rare situasjoner. Som her ein dag då han kilte fast foten i tripp trapp stolen sin. Han prøvde forgjeves å lirke den ut att, men til inga nytte. Den sat bom fast. Ikkje skjøner eg korleis han fekk den gjennom der heller..
Men med hjelp frå pappa og ein umbraco nøkkel gjekk det bra denne gongen ôg. :)
søndag 14. mars 2010
Vårsola
Morsom historie
Fredag sendte eg ei kasse med klede til Aina og lille Theodor i Oslo, men dei heldt på å ende opp med noko anna i tillegg.
Det starta med litt dårleg tid om morgonen og mange ting som skulle vere med ned trappa og inn i bilen. Eg hadde ikkje teipa saman kassa på toppen endå, så eg la alt sammen oppå kassa og bar det ned trappa.
Så tok eg alt eg hadde lagt oppå kassa og la det i veska mi. Kassa vart lasta inn i bilen og eg kom meg avgårde.
Då eg kom på jobb fann eg ikkje telefonen min ved første leiterunde i veska (mykje stæsj der), så eg gjekk ut til bilen igjen for å sjekke om den låg igjen i kassa. Neida, ingenting der.
Eg tenkte at telefonen sikkert hadde havna utanfor veska i gangen heime i farta.
Då arbeidsdagen var ferdig lånte eg ein teiprull frå jobb og teipa kassa godt saman. Så bar det opp på postkontoret på butikken.
Like før han som jobba der tok med seg kassa, følte eg at eg måtte sjekke den ein gong til, så eg spurte om han hadde ein telefon på seg.
Jau, det hadde han, så da spurte eg om han kunne ringe til telefonen min, for eg trudde den kanskje låg att inne i kassa....ja, rimelig flaut....
Med eit lurt smil om munnen og sikkert mange tanker om kor dum det går an å bli, ringte han nummeret mitt.
Litt letta høyrde eg ingen ringelyd frå kassa, men det gjorde han! Der inne låg telefonen min å dura, med vibrering(!), på den sida han lytta på. Neineinei! Eg kunne ikkje anna enn å flire, kanskje ikkje so mykje som han, men eg flira i det minste.
Då var det berre å sprette opp att heile kassa som eg hadde brukt sikkert fem minutt på å teipe omhyggeleg saman...
Men eg var ganske fornøgd med at telefonen min ikkje vart sendt til Oslo da, hihi. :D

Båteigarar
Vi har kjøpt oss båt! Ein 20 fots Askeladden daycruiser 2004 modell. :D
Så no når det blir litt varmere i vêret kan vi legge ut på dagsturer uten at det må vere svartestille på sjøen. ;)
Det blir litt forskjell frå den 14 fots båten vi hadde. Den vart solgt allereie etter to dager frå den kom ut for salg på nettet, så det var fort gjort.
No gleder vi oss til sommeren med båtturer og grilling på holmer og byturer for å kjøpe softis. Og ikkje minst å kunne ta turen ut på øya, sjølv utan svartestille som sagt og uten å tenke på ferga!

Martin på potta
Til no har han tissa tre gonger på potta! Vi er kjempefornøgde og minst like stolte som guten sjølv. ;)
onsdag 10. mars 2010
Lille Theodor
Søndag vart Aina og Johan stolte foreldre til ein kjempeskjønn gut, Theodor! Vi har dermed fått vår fjerde tante/onkel unge. :D
Gratulerer so masse med guten! Gleder oss til å komme på besøk og få sjå dåkke alle sammen igjen. :)

onsdag 3. mars 2010
Fredriks barndåp
Søndag vart godguten Fredrik døypt! Eg og Ivar var så heldige å få vere to av fadderane til Fredrik! :D
Tante Nina og onkel Ivar som stolte faddere. Sjekk den søte kaka med bilde av Fredrik på!
Her er kaka eg laga til dåpen. Det er ei skikkelig snadderkake! Marengsbunn med eggekrem, fløyte, kiwi, druer blåbær og mørk sjokolade på toppen. Eg brukte physaelis (?) som ekstra pynt.
Tante Nina og onkel Ivar som stolte faddere. Sjekk den søte kaka med bilde av Fredrik på!
Her er kaka eg laga til dåpen. Det er ei skikkelig snadderkake! Marengsbunn med eggekrem, fløyte, kiwi, druer blåbær og mørk sjokolade på toppen. Eg brukte physaelis (?) som ekstra pynt.Om nokon er interessert i oppskrifta er den å finne på www.detsoteliv.no. Søk etter marengskake. Eg laga dobbel porsjon sånn at eg fekk ei stor firkanta kake i staden for ei lita og rund. ;)
Den kan pyntast med alt mulig av frukt og bær. Bruk det du har mest lyst på. :)
Store boller
Martin går
Forrige fredag var Martin i barneselskap med nabojenta som vart to år. :)
Laurdag reiste vi utover på øya og jammen fann ikkje Martin ut at han kunne gå! Tydlegvis inspirert av ungane i selskapet dagen før. :)

Då veit du
Ja, då er OL ferdig. Let the bloging begin! ;D
Gratulerer til alle dei norske utøverane med medaljane!

Abonner på:
Innlegg (Atom)