Eg og Sunniva i ein stilstudie av fekting. Ein kan få med seg ein liten stilstudie av Martin ôg om ein ser godt etter. ;)torsdag 31. desember 2009
Fekting a'la Wii
I romjula fekk vi tid til ei runde med Nintendo Wii Sports Resort. Eg, Sunniva, Ivar, Jan Egil og Sverre spelte i fleire timar! Vi spelte både, frisbee golf (mest spelt), golf, padling (travelt!), bowling og fekting.
Eg og Sunniva i ein stilstudie av fekting. Ein kan få med seg ein liten stilstudie av Martin ôg om ein ser godt etter. ;)
Eg og Sunniva i ein stilstudie av fekting. Ein kan få med seg ein liten stilstudie av Martin ôg om ein ser godt etter. ;)Gøy med snøv
Sverre har brukt det nye akebrettet sitt mykje denne romjula, og han har fått god nytte av hjelmen vi kjøpte før jul! Desse bretta går ganske fort i bakkane, så ein må nesten ha hjelm. Dessutan er det påbud med hjelm i skitrekket på Flem og der har Sverre vore ilag med morfar og pappa i romjula. Det er ikkje småtterier ein har der ute på Flem! ;)Då vi var på øya laga vi ein snømann ôg, men den vart fort prega av mildvêret som kom dagen etter...No er det derimot knallfrost igjen så det får bli ein litt skakk snømann da. ;)
Juletrefest
I år var det juletrefest 4.juledag på Hildre. Det var mange innslag, men vi fekk berre med oss den fyrste timen, fordi vi måtte rekke ferja ut på øya.På biletet er det barnehagen som syng. Eg og Inger Marie var sanghjelparar i år. Sverre nekta å stå ilag med dei andre og synge, for dei kunne heller flytte seg nærmare han meinte han. Så det vart danna ei pulje til høgre, ei mellompulje som ikkje visste heilt kvar dei skulle plassere seg og så Sverre da som danna venstretroppa. Sånn kan det gå når ein ikkje har dei drevne barnehagetantene til å hjelpe seg...
fredag 25. desember 2009
Julaften
Her er eit lite utdrag frå julaften. Vi var ni stykker her med oss. Det var eg, Ivar, Martin, Sverre, besta, besten, Bertine, tante Elin og onkel Øystein. Tante Norunn og onkel Terje kom til kaffe seinere på kvelden.Ventetida fylte ungane med teikning og barne-tv. Midt i pakkeåpninga fekk vi besøk av nissen! Sverre og Bertine syntes det var veldig stas, men Martin var litt redd heilt til han fekk pakken, då kom det eit lite smil. :)
Vi hadde ein flott julaften! Og tusen takk for dei flotte gåvene alle saman!
Julekarameller
mandag 21. desember 2009
Pepperkakehus

Her er pepperkakehuset vårt. I år sleit vi voldsomt med det! Tre av veggane og eine taksida var knekte nedi pakken, så vi måtte starte heile greia med å lime sammen delane før vi i det heile kunne starte med pyntinga. Så gjekk ikkje det etter planen, for sukkeret stivna før eg fekk saman delane og eine veggen knakk igjen etter den var limt, så den limte vi til slutt med melis, men enda opp med å måtte kaste den for den vart heilt ubrukeleg...Heilt ærleg var det like før heile huset gjekk rett i veggen! Men vi fekk til slutt pynta delane før monteringa skulle starte. Toppen var alereie nådd då vindauga losna frå veggane..ÅÅÅÅÅH!!!
Det enda opp med at eg limte saman taket og tre veggar med MASSE melis, så klipte eg ut ein vegg i papp som eg brukte som støtte til vi kjøpte eit nytt pepperkakehus på butikken dagen etter...
Kva gjer ein vel ikkje for ungane sine som så gjerne vil ha eit pepperkakehus?! Dagen etter det endeleg var ferdig, kom Sverre forventningsfullt med spørsmålet: "-Kan oss knuse det no?" NEI, sa ej. Ditta huset her skal stå til det dett sammen av seg sjølv.
fredag 18. desember 2009
Drama i barnehagen
Sverre har kjæreste i barnehagen. Nabojenta, Mia. Han tek ikkje det heile så seriøst akkurat, men det gjer tydlegvis kompisen hans, Jonas. ;)
Ein dag tidlegare denne veka kom Jonas springande, lettare stressa, til Sverre og fortalde at ho Mia hadde kyssa ein annan gut i barnehagen!
Kommentaren frå Sverre som viser at han er ganske avslappa til heile kjæreste situasjonen lyder: "-Ja, då he ho nok fått sitt første kyss."
Ein dag tidlegare denne veka kom Jonas springande, lettare stressa, til Sverre og fortalde at ho Mia hadde kyssa ein annan gut i barnehagen!
Kommentaren frå Sverre som viser at han er ganske avslappa til heile kjæreste situasjonen lyder: "-Ja, då he ho nok fått sitt første kyss."
onsdag 16. desember 2009
Lucia frokost
søndag 13. desember 2009
1 års kontroll
Det vart i tillegg satt to vaksiner.
Martin har etterkvart blitt ein ganske så bestemt kar. Han ser med ein gong om Sverre får noko han ikkje får og då kan han legge seg ned med ansiktet mot golvet og hyle! Fullstendig fornerma.
Han et det samme som vi et, for han nekter plent å ete barnemat på glas om vi set å et noko anna...Graut er det slutt med for lenge sidan, for om vi sat og åt skiver var det uaktuelt for han å ete graut! ;)
Han har fortsatt ikkje sluppe taket og gått sine første steg. Han nøyer seg endå med å gå langs bord og stoler. Han kjem seg fint ned frå sofaen åleine og er ein aktiv kar ellers, så vi er spente på om det blir i år eller neste år vi får sjå han gå sjølv.
Han liker å stable og putte og han prøver å bygge med duplo og mega blocks, men det er ikkje alltid så enkelt å få bitane til å passe saman. ;)
Han seier mamma, dada, dædi (ferdig), hei og oi. "Oi" var vel det første ordet han sa etter mamma. Med Sverre var det "nei". :)
Julebord i barnehagen
onsdag 9. desember 2009
Minthjerter
Desse laga eg med ei av dei små pepperkakeformene som eg kjøpte. Eg kjevla ut massa, stakk ut hjerter, dyppa dei i mørk sjokolade og pynta med melkesjokolade. Det hadde sikkert vore veldig fint å pynte med kvit sjokolade, men det hadde eg ikkje i skapet...
Det vart 25 hjerter av oppskrifta eg brukte, så eg trur eg må lage minst eit sett til, for desse kjem til å gå unna fort. ;)
tirsdag 8. desember 2009
Tomrens juleknask
Då var dei to yngste søstrene Tomren ferdig med årets juledrops, som vi har gitt navnet "Tomrens juleknask". Sunniva kom med hurtigbåten tidlegare i dag og etter middag sette vi i gong! Vi har fått bra dreisen på dette no tredje året på rad. :)
Her er alle krukkene vi fekk. Vi sikta melis og salmiakkpulver over dropsa etter dei kjølna sånn at dei ikkje skal klistre seg saman i krukkene. Dei mista litt av glansen då, men det får berre vere.
Og så eit bilete av dropsmakarane til slutt. ;) Det tek nokre timar å lage drops, så ein bør sette av ein lang kveld. Vi heldt på frå 17.30 til 22.00, så var det rydding og fordeling av dropsa etterpå. Det blir litt seint å køyre heilt til byen igjen når det blir so seint, så Sunniva pakka bagen og overnatta like godt til neste dag. Koselig! :)
mandag 7. desember 2009
Heimelaga marsipangriser
Melkesjokoladen smelta eg i vannbad.
Det er viktig å ikkje dyppe marsipangrisane medan sjokoladen fortsatt er ganske varm, for da smelter marsipanen. Det er viktig at ikkje sjokoladen er for kald heller, for da vil ikkje den overflødige sjokoladen renne av marsipanen, men legge seg utanpå som ein tjukk klump sånn at griseforma ikkje kjem fram.
Det smakte minst like godt som ferdigkjøpte marsipanbrød ol. :)
Eg strødde farga strøssel på halvparten av grisane, men dei tok eg ikkje bilete av. Grisane kan godt ligge i kjøleskapet for at sjokoladen skal stivne før dei leggast i kakeboks på ein kjølig plass.
lørdag 5. desember 2009
Jula kjem krypande..
fredag 4. desember 2009
Nissen har landa i hagen vår
I år har vi investert i ei sånn slede og nokre fleire lyslenker, for vi føler vi må gi eit av nabohusa her oppe i byggefeltet litt konkurranse, hihi. ;)
Mars i kveld
Tok dette biletet av Mars i kveld! Fantastisk klar himmel var det, så zoomlinsa (eller langelaura som den går under her i heimen) på kameraet fanga opp Mars langt der ute. :)Eh...nei, tru det eller ei, dette er faktisk månen. Biletet er ikkje fiksa på, anna enn crop'a i picnik, så dette er den originale fargen kameraet mitt gjenspeila. Kunne sjå ut som Mars da, eller? ;)
Peispuss
torsdag 3. desember 2009
Julemenn

I dag har vi baka julemenn. Deiga laga eg i går kveld da. Eg og Elin slo oss saman i år og baka ilag, vi og ungane. Det var koselig! :)
Sverre og Bertine var flinke bakarar og sjølv om Sverre blir fort lei av ting for tida, så både stakk han ut figurer og måla sjølv om det ikkje vart like mange som Bertine laga. ;)
Martin åt både mjøl og julemenn etterkvart som dei vart ferdige. ;)
Abonner på:
Innlegg (Atom)


