mandag 21. desember 2009

Pepperkakehus


Her er pepperkakehuset vårt. I år sleit vi voldsomt med det! Tre av veggane og eine taksida var knekte nedi pakken, så vi måtte starte heile greia med å lime sammen delane før vi i det heile kunne starte med pyntinga. Så gjekk ikkje det etter planen, for sukkeret stivna før eg fekk saman delane og eine veggen knakk igjen etter den var limt, så den limte vi til slutt med melis, men enda opp med å måtte kaste den for den vart heilt ubrukeleg...Heilt ærleg var det like før heile huset gjekk rett i veggen! Men vi fekk til slutt pynta delane før monteringa skulle starte. Toppen var alereie nådd då vindauga losna frå veggane..ÅÅÅÅÅH!!!
Det enda opp med at eg limte saman taket og tre veggar med MASSE melis, så klipte eg ut ein vegg i papp som eg brukte som støtte til vi kjøpte eit nytt pepperkakehus på butikken dagen etter...
Kva gjer ein vel ikkje for ungane sine som så gjerne vil ha eit pepperkakehus?! Dagen etter det endeleg var ferdig, kom Sverre forventningsfullt med spørsmålet: "-Kan oss knuse det no?" NEI, sa ej. Ditta huset her skal stå til det dett sammen av seg sjølv.

7 kommentarer:

Oddny sa...

Hehehe, etter alt arbeidet dåkke la ned i det står det sikkert til dommedag :-D

A sa...

Hahaha, eg flirer så eg nesten grin her - "Kan oss knuse det no" - hohoho!

Trine sa...

Det såg ivertfall fint ut på bilde. Fredrikke spør kvar dag om kor tid oss skal knuse pepperkakehuset, ho synst det å vente til etter nyttår var altfor lenge...

Marion sa...

Ej trur du må vere ei av dei mest tolmodige damene ej kjenne ;) Det va no et fole fint hus då. Lykke til med knusinga.. hihi

Nina sa...

Sta e ej, ikkje so veldig tålmodig. ;) Ej hadde bestemt mej før at huset skulle opp, å då va d bestemt. So d. ;)

Solveig sa...

Syns det vart et flott hus ej! Må berre sei at ej he ikkje gløymt premien din altso, he berre ikkje hatt tid no før jul. Men det stend som neste punkt på sy-lista mi :)

Nina sa...

Ej gle mej veldig te premien Solveig! ;D