torsdag 30. juli 2009

Familieselskap og etterselskap

Eg og Sverre er begge født i juli, så vi deler like godt familieselskap. :) Det bruker vi å feire etter vi kjem heim frå ferie og i år vart det på olsok. I dag, torsdag, inviterte vi Linda, Per Kristian, Marius og Sarah til etterselskap.


Familieselskapet. På ein eller anna måte vart det ikkje tatt bilete av oss to som vart feira, men gjestane vart foreviga. ;) De kan forøvrig sjå Sverre som har "besvimt" på golvet på første biletet. Ikkje avbilda: besta, Nina og Ivar. Ikkje møtt til fotografering: oldefar, oldemor Jorunn, onkel Jan Egil, tante Guri og onkel Asbjørn.


Etterselskapet. Martin fulgte nøye med på Sarah der ho farta omkring på golvet, lettere irritert over å ikkje kome rundt som ho gjorde. Han plukka kanskje opp nokre triks for å kome seg framover? ;)
Sverre var godt fornøgd med gåvene han fekk i familieselskapet! Heil Aafk drakt og fotballmål gjorde susen. Vi har spelt mykje fotball i dag. Sverre har bestemt seg for å bli keeper og han fekk seg keeperhansker då vi var på ferie. Det ser ut som han har talent for det ôg, så no er det berre å trene i vei! :)

mandag 27. juli 2009

Gratulerer med dagen

I dag er det eg som fyller år! ;) Vil berre takke for alle gratulasjonane eg har fått både på telefon, facebook og face to face. Og dei flotte gåvene eg fekk i dag! Tusen takk alle sammen. :)

Her er eg og Martin på vassetur på Hamresanden.

søndag 26. juli 2009

Fisking på kaia

Tante Aina, onkel Johan og Tuva tok turen til Flem denne sommaren ôg. Kjekt! :)
Eine dagen drog vi ned på kaia for å fiske litt. Sverre var med mormor og morfar ein tur til byen på båt.

Onkel Johan liker godt å fiske og han hjalp Sverre litt sånn han fekk prøve, og han fekk ein liten torsk til slutt! (Det er ikkje den som er avbilda for dei som ser at dette ikkje er ein torsk) ;). Sverre hoppa nemlig over frå båten til kaia då dei kom heim frå byen sånn han skulle få fiske litt han ôg. :)
Tuva var ikkje så veldig opptatt av fiskinga. Ho syntes det var gøyast å putte steinar nedi avløpshola i kaia. :)

Ripsbær

Då vi kom heim frå sørlandet tok vi turen ut på Flem til mormor og morfar. Eg og Sverre fann ut at vi skulle gå ned i hamnekarhølå for å plukke rips. Ein av mange goder om sommeren. :)

Det var litt spennende å sjå om bæra var moden og det var berre akkurat, for det var fortsatt nokre grøne bær å finne. Men det er mykje bær der nede, så vi fekk fylt ei bøtte og endå var det masse igjen. Fuglane hadde visst forsynt seg godt, men jammen er det nok til dei ôg! :)

Martin 8 mnd

Då vi var på ferie runda Martin 8 mnd! Det vart lite blogging på ferie, så det blir blogging no om ting litt bakover i tid. :)

Tøyse Martin! Han er ein kar som veit kva han vil. Det går frå rasande til overlykkelig på eit sekund. Det kan vere så lite som at han ikkje får halde ein serviett til å få den allikevel. Det skal nok bli eit styr etter kvart! :)
Alt skal fortsatt inni munnen, men heldigvis har han ikkje fått fatt i so mykje gale endå. Det var ei fredslilje som fekk gjennomgå litt og det enda med ein telefon til giftinformasjonen og flytting av planten. Den var heldigvis ikkje so veldig giftig kunne dei fortelje meg der, kun lokalirriterende, så han vart litt rar inni munnen berre. ;)

Det er like før han kryp no. Han står å vugger litt fram og tilbake på alle fire og så opp i planken. :) Han søv tre gonger om dagen, et graut, skive og middag og han elsker dei drikkane frå Nestlè med banan og ris! Pupp er no før frukost og etter kvelds og av og til ein gong på dagen.

Eit smil frå Martin får oss alltid i godt humør! Stompelompen. :)

fredag 24. juli 2009

Sørlandsferie

Vi tok turen til Sørlandet i år som i fjor. I år reiste vi derimot ilag med Linda og Per Kristian Stavik m/fam. Vi leigde kvar si hytte i ei veke på Hamresanden camping og vart nærmaste naboar. :)
Vi tok ei overnatting på Gardermoen på hotell på veg nedover, for å køyre heilt til Sørlandet i eit strekk er vel praktisk umuleg med små unger i baksetet. ;) Men når det er sagt gjekk bilturen veldig bra. Trikset er å legge inn nok stopp til å strekke på føtene, ete og bytte bleie! :)

Då vi stoppa for å ete utanfor Arendal ein stad trudde vi at vi var komne heim att til Sunnmøre ei lita stund, for der traff vi først to par frå Brattvågen med familiane, så traff vi jaggu på May Britt og Lidvar og Reidunn og Andreas med sine familiar! :D


Hyttene var koselege, men litt kummerlege i gangen og soveromma. Etter vi hadde satt opp reisesenga var det ikkje muleg å gå mellom den og senga vår, men det gjekk for ei veke.
Så, tredje dagen hadde vi plutseleg ikkje varmt vatn lenger. Då tilkalte vi campingplassens vaktmester og han kunne fortelje oss at ledningane på varmtvannsberederen hadde brent av! Vi hadde jammen flaks at det ikkje starta å brenne i hytta, og verre vart det då vi oppdaga at vi ikkje hadde brannvarsler ein gong! Skrekk og gru. Varmtvannstanken vart fiksa dagen etter, så då var det heldigvis råd å dusje i hytta igjen. ;)


Det var berre ein liten spasertur frå hyttene og ned til stranda. Vi bada og koste oss med kjeks og anna snadder. Vi kjøpte inn eit sånn halvtelt som Martin var inni då han ikkje bada. Det var veldig enkelt å sette opp og kjem til å bli brukt mykje heime og. Sverre var som vanleg ei badeløve. :)


Dagen etter vi kom fram var vi klare for Sabeltann show! Vi tok turen til Dyreparken eit par timar før showet starta og gjorde unna Sabeltanns Verden og shoppa litt utstyr. ;)
Vi hadde plass på 6 rad og som de ser var vi blant dei første som møtte opp. Martin sovna før showet starta, men Sarah heldt seg våken og sjaua og sang heile tida! For ei trulte. :)
Marius og Sverre var veldig spente og storkoste seg!


Vi var sjølvsagt i Dyreparken! I Kardemomme by fann vi oss eit bord tett ved trikkeskinna og der benka vi oss ned. Ivar og Per Kristian kjøpte kanelsnurrer med bakeren som var heilt nydelege! Det var umuleg å ikkje kjøpe når ein kjente den gode lukta som fylte heile Kardemomme by. :)
Då vi sat der kom Kasper, Jesper og Jonathan og rappa trikken! Etter ei stund då showet med både skodespel og synging var ferdig, kom Politimester Bastian bort til oss og spurte Sverre om han hadde sett nokre røvere! Neeei, svarte Sverre. Hihi! :D
Så stakk vi innom Skomaker Andersen sitt verksted, og Sverre stakk haudet langt inni luka for å finne Tøfflus! :D

Vi kjøpte todagers billetter for å få tid til å sjå alt i parken. Eg veit fortsatt ikkje om vi kom over absolutt alle dyra...men vi gjorde vårt beste da. Nokre av dyra, bl.a. ulvane, fekk vi ikkje sett, men vi var iallefall der dei skulle vere! :)
Sjiraffane og lemurane var vel dei vi fekk sjå aller nærmast. Løvene og tigrane heldt seg på avstand.
Vi var kjempeheldige med vêret begge dagane i parken og på Sabeltann showet! Vi hadde berre akkurat låst døra på hytta då vi kom att frå showet så regna det trollkjerringer! Det var i Grevens tid! ;D


Vi måtte sjølvsagt prøve lykka på tivoliet og fiska ender og kasta baller på både troll, fat og bokser, og Ivar viste stor treffsikkerheit og vann ein del bamser og ein diger oppblåsbar fotball bl.a. Men mest flaks hadde vi på lykkehjulet. Vi vann nemleg ein to-kilos melkesjokolade! Sverre plasserte den fint i tralla vi hadde leigd oss. :)
Eg og Linda vart med Sverre og Marius på koppane. Det er litt flaut og seie det, men vi vart rimeleg kvalme sjølv om vi smilte tappert der vi sat og snurra rundt og rundt og rundt og...ja. Men for nokre kjekke dager vi har hatt! :D

På veg heim stakk vi innom svenskegrensa og så møtte vi onkel Odd, Malin og Cecilie i Kongsvinger ein liten tur før vi drog til Hamar for å overnatte før vi tok turen heilt heim dagen etter.

Tusen takk for godt selskap Linda, Per Kristian, Marius og Sarah! Det var ikkje første og det blir nok ikkje siste ferien ilag dette. :)

tirsdag 21. juli 2009

10 000

Medan vi var på ferie passerte bloggen 10 000 besøkende sidan desember -08. Det er utruleg koseleg at så mange titter innom bloggen vår, men det er fortsatt maaange som ikkje har gjort seg til kjenne ved å kommentere endå. Det vil vi gjerne at akkurat du tek deg bryet med. :)
No fjerner eg feltet ein må skrive inn bokstaver i for å få kommentere, sånn at det er minst mulig bry for deg. Takk! ;)

Innlegg frå ferien kjem ganske snart! Det har berre vore litt å styre med sidan vi kom heim etter ein flott ferie på Sørlandet ilag med Linda og Per Kristian m/fam. :)

fredag 10. juli 2009

Gratulerer med dagen

Storeguten vår er 5 år i dag!! Gratulerer so masse me dagen vennen! Vi er gladere i deg enn heile verda, som du brukar å seie. ;)

onsdag 8. juli 2009

Tannlegebesøk

Då var dagen komen for å bore dei to hola i tennene til Sverre og jage ut Karius og Baktus. Tannlegen og assistenten var utruleg flinke til å forklare kva som skulle skje og Sverre fekk studere instrumenta og kjenne på boret med fingeren. Sverre fekk beskjed om at visst det vart veldig vondt kunne han rekke opp handa, så skulle han stoppe. :)


Sverre på venterommet, ganske spent på det som skulle skje, stakkar. Men du kor flink han var!! Han låg heilt stille uten eit pip for heile tida! Skal seie ho mor vart kry. :)
Tannlegen sa at han var mykje flinkere enn mange av dei vaksne som måtte bore og då vart han veldig stolt! ;)
Men det var låkt sa han, så vi håper at det er siste gong han må bore, iallefall på nokre år!


Ein tydeleg stolt gut som har fått seg premie. :) Han er litt opphengt i desse klistremerka med sånne auge som ruller. Det var tomt i boksa han skulle velge premie frå, men der var mange andre ting å velge, men eg såg på han at det var noko som ikkje stemte. Så det heile enda med at tannlegen måtte gå inn på kontoret sitt for å sjå om han hadde fleire att i skuffa si, hihi. Og det hadde han! :)

Barneselskap

Sverre fyller 5 år fredag 10.juli og i dag var det barneselskap! Vi skulle ha 18 unger(!), men fire kunne ikkje komme. 14 unger er nok det da... ;) Eg har litt problemer med å sette grensa for kven som skal inviterast og ikkje, så da blir det ein heil gjeng til slutt. :)

Sverre med barnehagekrona si. Han likte den så godt at han brukte den i fleire dager etter dei feira han i barnehagen. Vi måtte gøyme den til slutt sånn den skulle vere heil til barneselskapet, hihi. :)


Sverre bestilte sjørøverskip og skattekiste til selskapet sitt. I tillegg laga vi muffins og nonstopkjeks. Skattekista er laga av sjokoladepudding, sånn som på baksida av pakken, men eg rakk ikkje å pynte den så fint som den da, med lås og nagler og greier...Men ungane såg det var ei skattekiste da! Kanskje pga alle gullpengane rundt!? ;)


Pakkeopninga starta bra med alle til stades, men det varte og rakk sidan det var 13 pakker å åpne, så det vart tynt i rekkene etterkvart...Somme hadde ikkje tid til å sjå medan Sverre åpna deira pakke eingong! ;) Det var visst kjekkere å leike på rommet til Sverre. Som de ser var det ganske fullt der inne til tider.
Då vi var på butikken å handla inn snop og ingredienser til selskapet sa han bak disken at han huska då han var liten, då brukte dei å fiske etter godteposane! Det fann vi ut at vi ôg skulle teste ut, så Ivar la seg under altanen å hengte på poser etterkvart som ungane fiska etter sin pose. Det var populært!

Men unger er utspekulerte dei, så dei mest nyskjerrige var raske ned for å sjå kven som hengte dei på. Men der var kanskje Ivar like smart, for han hadde kledd seg ut med termodress og briller og snakka med skummel stemme! ;)

Det vart to poser til overs, og dei trudde ungane at den mystiske mannen stjal med seg då han sprang av gårde, så dei sette etter i fullt firsprang, hihiiii! :D
Det var såvidt han kom seg unna, for det var nokre raske smårollinger. Dei brukte resten av selskapet på å jakte på tjuven, så det var sikkert mange rare historier om mannen i termodress som stjal godteposer rundt om i heimane i kveld, hahaha! :)

søndag 5. juli 2009

Martin hopper i trampoline

Martin sitt første trampolinehopp. Dette likte han godt ja. :)

lørdag 4. juli 2009

Gratulerer med dagen

Besten har bursdag i dag laurdag 4.juli! :) Vi har feira med kjempegod pizza og kaker heime hos besta og besten.

Her er Martin og besten i Valldalen for nokre veker sidan.


Vi har kosa oss i godt selskap i dag. Vi har hoppa trampoline, kasta ringer, dissa og ete mykje god mat.

Besta fann fram ein diger leikeedderkopp, med sånn pumpe så den hopper, som Sverre og Bertine hadde det veldig moro med. :)

Eg og Martin prøvde oss på trampolina vi ôg, og Martin storkosa seg! Eg vart som vanleg litt sjøsjuk, men men. Sverre og Bertine syntes det var kjempegøy å ha ein vaksen til å hoppe ilag med! (Dei fekk litt meir sprett då). ;) Så fekk eg trimma vekk litt kake ôg. :P

Ferietralle

Eg, Ivar og Martin drog ein tur på Moa i dag etter Ivar kom frå jobb. Sverre skulle på overnatting med besta og besten, så han vart ikkje med. Fredager er ein fantastisk dag for Moashopping, for det er nesten ingen folk der då. Misjonen var å finne ei ferietralle. Og der, på Storken, stod den rett framføre oss då vi kom inn døra. Ei Aafk vogn! :D

Den var så stilig at vi berre måtte kjøpe den! Dei fekk berre inn den eine, for ledelsen i Aafk hadde bestemt at dei ikkje skulle selge dei der meir, men ho sa ikkje noko om kven som skal selge dei framover. Dei har kanskje vore i salg ei stund uten at eg veit om det da. :)


Martin sat som støypt i den. Det var ikkje så stor avstand mellom bøylen og ryggen som der er på mange vogner, så Martin sat veldig godt. Det fulgte med både myggnetting, regntrekk og fôra vindtrekk. I tillegg kunne ryggen leggast ned, og den vart veldig smal i sammenslått tilstand, så den går lett inni takboksa eller på tvers i bagasjerommet. Det er Aafk merker på kalesja og den lille "veska" på handtaket. Og så er det innbrodert "Sunnmørets stolthet" på ryggen, rett over haudet til Martin, hihi! :)

onsdag 1. juli 2009

Syversanden

Etter vi kom att frå helsestasjonen i går tok vi turen ned på ei av strendene på Hildre dit besta og tante Norunn hadde tatt med seg Sverre og Bertine for å bade og grille. Tante Norunn og Sverre bada og svømte, medan eg og besta vassa. Martin likte ikkje kaldt vatn på føtene sine i det heile tatt. Det var ikkje SÅ kaldt heller da, men det var det for Martin som er vant med 37 grader i badevatnet sitt. ;)

Sverre var opp og ned i sjøen og i sanden heile tida. Han driv å øver seg på å gå på hendene om dagane, og på sanden var det mjukt å lande. Og Martin elska rett og slett å få sand på føtene, berre sjå det uttrykket! :)

Det vert nok fleire turar ned dit i sommer ja! :)

Helsestasjonen

I går var det tid for kontroll på helsestasjonen igjen. Martin er 7,5 månad no. Han veg 8960 gram og er 70,5 cm lang. :)

Martin har fått si første tann, han ruller seg rundt, skyv seg bakover, suser rundt i gåstolen, sit litt sjølv og i dag stod han på alle fire for fyrste gong! Her skjer det mykje om dagane ja. :D