lørdag 4. juli 2009

Gratulerer med dagen

Besten har bursdag i dag laurdag 4.juli! :) Vi har feira med kjempegod pizza og kaker heime hos besta og besten.

Her er Martin og besten i Valldalen for nokre veker sidan.


Vi har kosa oss i godt selskap i dag. Vi har hoppa trampoline, kasta ringer, dissa og ete mykje god mat.

Besta fann fram ein diger leikeedderkopp, med sånn pumpe så den hopper, som Sverre og Bertine hadde det veldig moro med. :)

Eg og Martin prøvde oss på trampolina vi ôg, og Martin storkosa seg! Eg vart som vanleg litt sjøsjuk, men men. Sverre og Bertine syntes det var kjempegøy å ha ein vaksen til å hoppe ilag med! (Dei fekk litt meir sprett då). ;) Så fekk eg trimma vekk litt kake ôg. :P

Ingen kommentarer: