onsdag 8. juli 2009

Tannlegebesøk

Då var dagen komen for å bore dei to hola i tennene til Sverre og jage ut Karius og Baktus. Tannlegen og assistenten var utruleg flinke til å forklare kva som skulle skje og Sverre fekk studere instrumenta og kjenne på boret med fingeren. Sverre fekk beskjed om at visst det vart veldig vondt kunne han rekke opp handa, så skulle han stoppe. :)


Sverre på venterommet, ganske spent på det som skulle skje, stakkar. Men du kor flink han var!! Han låg heilt stille uten eit pip for heile tida! Skal seie ho mor vart kry. :)
Tannlegen sa at han var mykje flinkere enn mange av dei vaksne som måtte bore og då vart han veldig stolt! ;)
Men det var låkt sa han, så vi håper at det er siste gong han må bore, iallefall på nokre år!


Ein tydeleg stolt gut som har fått seg premie. :) Han er litt opphengt i desse klistremerka med sånne auge som ruller. Det var tomt i boksa han skulle velge premie frå, men der var mange andre ting å velge, men eg såg på han at det var noko som ikkje stemte. Så det heile enda med at tannlegen måtte gå inn på kontoret sitt for å sjå om han hadde fleire att i skuffa si, hihi. Og det hadde han! :)

2 kommentarer:

Sunniva sa...

Søte Sverre gutt:) Såg litt prega ut der an sat i stolen på venterommet;) tøffing han der;)
God tur på ferie no da, so snakkast mej når dåkke kjøm att. Siv å dei reiste vesst i dag.
Rekna med det bli familie selskap til Sverre då??
Klem frå mej:)

Nina sa...

Ja, d bli familieselskap, men hekje satt dato endå :)