Vi tok ei overnatting på Gardermoen på hotell på veg nedover, for å køyre heilt til Sørlandet i eit strekk er vel praktisk umuleg med små unger i baksetet. ;) Men når det er sagt gjekk bilturen veldig bra. Trikset er å legge inn nok stopp til å strekke på føtene, ete og bytte bleie! :)
Då vi stoppa for å ete utanfor Arendal ein stad trudde vi at vi var komne heim att til Sunnmøre ei lita stund, for der traff vi først to par frå Brattvågen med familiane, så traff vi jaggu på May Britt og Lidvar og Reidunn og Andreas med sine familiar! :D
Hyttene var koselege, men litt kummerlege i gangen og soveromma. Etter vi hadde satt opp reisesenga var det ikkje muleg å gå mellom den og senga vår, men det gjekk for ei veke.Så, tredje dagen hadde vi plutseleg ikkje varmt vatn lenger. Då tilkalte vi campingplassens vaktmester og han kunne fortelje oss at ledningane på varmtvannsberederen hadde brent av! Vi hadde jammen flaks at det ikkje starta å brenne i hytta, og verre vart det då vi oppdaga at vi ikkje hadde brannvarsler ein gong! Skrekk og gru. Varmtvannstanken vart fiksa dagen etter, så då var det heldigvis råd å dusje i hytta igjen. ;)
Det var berre ein liten spasertur frå hyttene og ned til stranda. Vi bada og koste oss med kjeks og anna snadder. Vi kjøpte inn eit sånn halvtelt som Martin var inni då han ikkje bada. Det var veldig enkelt å sette opp og kjem til å bli brukt mykje heime og. Sverre var som vanleg ei badeløve. :)
Dagen etter vi kom fram var vi klare for Sabeltann show! Vi tok turen til Dyreparken eit par timar før showet starta og gjorde unna Sabeltanns Verden og shoppa litt utstyr. ;)Vi hadde plass på 6 rad og som de ser var vi blant dei første som møtte opp. Martin sovna før showet starta, men Sarah heldt seg våken og sjaua og sang heile tida! For ei trulte. :)
Marius og Sverre var veldig spente og storkoste seg!
Vi var sjølvsagt i Dyreparken! I Kardemomme by fann vi oss eit bord tett ved trikkeskinna og der benka vi oss ned. Ivar og Per Kristian kjøpte kanelsnurrer med bakeren som var heilt nydelege! Det var umuleg å ikkje kjøpe når ein kjente den gode lukta som fylte heile Kardemomme by. :)Då vi sat der kom Kasper, Jesper og Jonathan og rappa trikken! Etter ei stund då showet med både skodespel og synging var ferdig, kom Politimester Bastian bort til oss og spurte Sverre om han hadde sett nokre røvere! Neeei, svarte Sverre. Hihi! :D
Så stakk vi innom Skomaker Andersen sitt verksted, og Sverre stakk haudet langt inni luka for å finne Tøfflus! :D
Vi kjøpte todagers billetter for å få tid til å sjå alt i parken. Eg veit fortsatt ikkje om vi kom over absolutt alle dyra...men vi gjorde vårt beste da. Nokre av dyra, bl.a. ulvane, fekk vi ikkje sett, men vi var iallefall der dei skulle vere! :)
Vi måtte sjølvsagt prøve lykka på tivoliet og fiska ender og kasta baller på både troll, fat og bokser, og Ivar viste stor treffsikkerheit og vann ein del bamser og ein diger oppblåsbar fotball bl.a. Men mest flaks hadde vi på lykkehjulet. Vi vann nemleg ein to-kilos melkesjokolade! Sverre plasserte den fint i tralla vi hadde leigd oss. :)
Eg og Linda vart med Sverre og Marius på koppane. Det er litt flaut og seie det, men vi vart rimeleg kvalme sjølv om vi smilte tappert der vi sat og snurra rundt og rundt og rundt og...ja. Men for nokre kjekke dager vi har hatt! :D
Så stakk vi innom Skomaker Andersen sitt verksted, og Sverre stakk haudet langt inni luka for å finne Tøfflus! :D
Vi kjøpte todagers billetter for å få tid til å sjå alt i parken. Eg veit fortsatt ikkje om vi kom over absolutt alle dyra...men vi gjorde vårt beste da. Nokre av dyra, bl.a. ulvane, fekk vi ikkje sett, men vi var iallefall der dei skulle vere! :)Sjiraffane og lemurane var vel dei vi fekk sjå aller nærmast. Løvene og tigrane heldt seg på avstand.
Vi var kjempeheldige med vêret begge dagane i parken og på Sabeltann showet! Vi hadde berre akkurat låst døra på hytta då vi kom att frå showet så regna det trollkjerringer! Det var i Grevens tid! ;D
Vi måtte sjølvsagt prøve lykka på tivoliet og fiska ender og kasta baller på både troll, fat og bokser, og Ivar viste stor treffsikkerheit og vann ein del bamser og ein diger oppblåsbar fotball bl.a. Men mest flaks hadde vi på lykkehjulet. Vi vann nemleg ein to-kilos melkesjokolade! Sverre plasserte den fint i tralla vi hadde leigd oss. :)Eg og Linda vart med Sverre og Marius på koppane. Det er litt flaut og seie det, men vi vart rimeleg kvalme sjølv om vi smilte tappert der vi sat og snurra rundt og rundt og rundt og...ja. Men for nokre kjekke dager vi har hatt! :D
På veg heim stakk vi innom svenskegrensa og så møtte vi onkel Odd, Malin og Cecilie i Kongsvinger ein liten tur før vi drog til Hamar for å overnatte før vi tok turen heilt heim dagen etter.
Tusen takk for godt selskap Linda, Per Kristian, Marius og Sarah! Det var ikkje første og det blir nok ikkje siste ferien ilag dette. :)

6 kommentarer:
Ser ut som de har hatt ein super ferie dåkke mæ:) Såg no fine ut hyttene, på det lissje som ej såg. Kanskje hytte der e tingen neste gong?
Sjølv takk for godt selskap på tur ;)
Vil gjerne gjenta d, ja :) Hadde ein flott tur saman med dåkke...
Koselig å lese om en enda mer koselig ferie høres det ut for :o) Sabeltann var vel midt i blinken i år, må nok gjøre opp igjen turen en gang vi også når bjørnemann blir litt større :o)
Tenkte som Siv at kanskje hytter på Hamresanden er tingen neste år, for å komme litt nærmere Kr.sand. En flott ferie ser det ut som at dåkke mæ har hatt. Det er bra flott der nede på sørlandet.
Flott ferie:) Likte gøtt den mjelkesjokoladen:p
D va veldig snerte med hytte der. Kort vei te både strand, butikk, shoppingsenter og dyreparken! :)
Dinna melkesjokoladen va 20 100grams sjokolada, å nokre he allereie blitt fortært. ;)
Legg inn en kommentar