Familieselskapet. På ein eller anna måte vart det ikkje tatt bilete av oss to som vart feira, men gjestane vart foreviga. ;) De kan forøvrig sjå Sverre som har "besvimt" på golvet på første biletet. Ikkje avbilda: besta, Nina og Ivar. Ikkje møtt til fotografering: oldefar, oldemor Jorunn, onkel Jan Egil, tante Guri og onkel Asbjørn.
Etterselskapet. Martin fulgte nøye med på Sarah der ho farta omkring på golvet, lettere irritert over å ikkje kome rundt som ho gjorde. Han plukka kanskje opp nokre triks for å kome seg framover? ;)Sverre var godt fornøgd med gåvene han fekk i familieselskapet! Heil Aafk drakt og fotballmål gjorde susen. Vi har spelt mykje fotball i dag. Sverre har bestemt seg for å bli keeper og han fekk seg keeperhansker då vi var på ferie. Det ser ut som han har talent for det ôg, så no er det berre å trene i vei! :)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar