onsdag 8. juli 2009

Barneselskap

Sverre fyller 5 år fredag 10.juli og i dag var det barneselskap! Vi skulle ha 18 unger(!), men fire kunne ikkje komme. 14 unger er nok det da... ;) Eg har litt problemer med å sette grensa for kven som skal inviterast og ikkje, så da blir det ein heil gjeng til slutt. :)

Sverre med barnehagekrona si. Han likte den så godt at han brukte den i fleire dager etter dei feira han i barnehagen. Vi måtte gøyme den til slutt sånn den skulle vere heil til barneselskapet, hihi. :)


Sverre bestilte sjørøverskip og skattekiste til selskapet sitt. I tillegg laga vi muffins og nonstopkjeks. Skattekista er laga av sjokoladepudding, sånn som på baksida av pakken, men eg rakk ikkje å pynte den så fint som den da, med lås og nagler og greier...Men ungane såg det var ei skattekiste da! Kanskje pga alle gullpengane rundt!? ;)


Pakkeopninga starta bra med alle til stades, men det varte og rakk sidan det var 13 pakker å åpne, så det vart tynt i rekkene etterkvart...Somme hadde ikkje tid til å sjå medan Sverre åpna deira pakke eingong! ;) Det var visst kjekkere å leike på rommet til Sverre. Som de ser var det ganske fullt der inne til tider.
Då vi var på butikken å handla inn snop og ingredienser til selskapet sa han bak disken at han huska då han var liten, då brukte dei å fiske etter godteposane! Det fann vi ut at vi ôg skulle teste ut, så Ivar la seg under altanen å hengte på poser etterkvart som ungane fiska etter sin pose. Det var populært!

Men unger er utspekulerte dei, så dei mest nyskjerrige var raske ned for å sjå kven som hengte dei på. Men der var kanskje Ivar like smart, for han hadde kledd seg ut med termodress og briller og snakka med skummel stemme! ;)

Det vart to poser til overs, og dei trudde ungane at den mystiske mannen stjal med seg då han sprang av gårde, så dei sette etter i fullt firsprang, hihiiii! :D
Det var såvidt han kom seg unna, for det var nokre raske smårollinger. Dei brukte resten av selskapet på å jakte på tjuven, så det var sikkert mange rare historier om mannen i termodress som stjal godteposer rundt om i heimane i kveld, hahaha! :)

4 kommentarer:

Stine sa...

Gratulerer med dagen til Sverre på fredag, og for et kjekt bursdagsselskap da! Ha en god sommer!!!

Siv sa...

Åh, barneselskap e det VERSTE ej veit!!

Nina sa...

Nei, barneselskap e no kjempegøy d! :)

Jill Alice sa...

flott skattekiste og sjørøver skute da! Flenk du e :)