Etter vi kom att frå helsestasjonen i går tok vi turen ned på ei av strendene på Hildre dit besta og tante Norunn hadde tatt med seg Sverre og Bertine for å bade og grille. Tante Norunn og Sverre bada og svømte, medan eg og besta vassa. Martin likte ikkje kaldt vatn på føtene sine i det heile tatt. Det var ikkje SÅ kaldt heller da, men det var det for Martin som er vant med 37 grader i badevatnet sitt. ;)

Sverre var opp og ned i sjøen og i sanden heile tida. Han driv å øver seg på å gå på hendene om dagane, og på sanden var det mjukt å lande. Og Martin elska rett og slett å få sand på føtene, berre sjå det uttrykket! :)
Det vert nok fleire turar ned dit i sommer ja! :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar