mandag 31. januar 2011

Morsom historie

I bygdebladet her ein dag stod det ein artikkel om
Idahall og storheitstida for bygdedansane der.
Det var ein artig artikkel, men det mest interressante
stod under avsnittet om rare episoder. Les her:

Kan du gjette kven denne Hildrestrandingen var?
Om du tenkte, kven andre enn Ivar,
ja då tenkte du fullstendig riktig.
Ivar gjekk rundt i ei plommeraud dressjakke,
muligens kvit om den ikkje var plommeraud ifølge han sjølv,
med pølser som stakk ut alle mulige plasser,
og spanderte på alle som ville ha. :D

Men det artigaste med heile artikkelen var at
iløpet av dei 56 dansane i året i x antall år,
så var det Ivar som stod for det som vart trekt fram
når det vart spurt om rare episoder...

No trur du kanskje at dette er den einaste
gongen Ivar har overhamstra mat på dans,
men då tok du grundig feil!

På ein dans, ein eller annan stad for lenge lenge sidan, 
hadde Ivar sjåfør til bilen sin.
Ut på natta lurte han på om nokon var svoltne,
og det var dei!
Ivar åpna då panseret på bilen,
og der låg det ein haug av hamburgere
i aluminiumsfolie og varma seg, klare til servering.

Det er ikkje farlig å vere med Ivar på tur
når svolten melder seg! :)

No kan det hende det finnes fleire historier
der ute om Ivar og mat på dans,
men dei har eg i so fall vorte skåna for. :)
Eg kan forresten vagt huske ei historie om ein mør
i eit bagasjerom, men den husker eg ikkje lengre.

Og du,
husk å kjøpe resten av pølsene neste gong du er på dans!

Klesklypemannen

Bildet seier meir enn tusen ord... ;D

søndag 23. januar 2011

60 år!

Gratulerer til morfar som fylte 60 år i dag!
Vår supre pappa, morfar og svigerfar. :D

Vi koste oss på Flem no i helga med feiring.

Sender ei gratulasjonshelsing til Aina
som hadde bursdag 20.januar.
Gratulerer med overstått! :D

fredag 21. januar 2011

Nybakt brød og peiskos

Eg har vore heime frå jobb sidan onsdag med mageknip,
hauverk, hoste og verk i føtene og ryggen.
Ikkje så kjekt nei, og ein får ikkje gjort så veldig mykje heller
sjølv om ein er aldri så mykje heime, når ein er sjuk...

I dag var forma stigende, og eg fekk så lyst på
varmt heimelaga brød med smør og brunost på!
Så eg sette ei deig i håp om å ikkje drepe gjæra
som sist eg baka (gongen ette kanelsnurrane i forrige innlegg),
då eg laga skuleboller tunge som bly,
som verken heva eller vart steikte... :)

Bedre lykke denne gongen ja.

Deilig varmt brød med mørk god brunost på, mmm....

Det var godt å sette seg framfor peisen å slappe av etterpå.
Det tok på å bake gitt.
Takk og pris for Norunn som hadde tatt på seg å hente
både Sverre og Martin etter skule og barnehage i dag.
Ivar tok seg ein tur på Moa etter jobb, så eg har kunna
nytt stille stunder i heimen heil til kl.19.30 i dag!
Åhhhh...kjenner at eg trengte det no,
her eg sit med nesten 39 i feber. Sukk...

Her er forresten oppskrifta på brøda
om nokon vart frista eller inspirert:


Grove brød
Ca 2 kg mjøl (bruk grov mjølblanding med litt kveitemjøl innblanda)
2 pk gjær
1 liter skumma melk
50 gram meierismør
2 ts sukker
2 ts salt

Smelt smør og hell i melka. Varm opp til den er lunken.
Smuldre gjæra i bollen og hell i melkeblandinga.
Bland i alt det tørre. Elt godt til ei jevn deig.
Sett til heving til dobbel størrelse ein lun plass
(gjerne ved plata som du akkurat har smelta smør på,
det booster hevinga). :)
Kna så deiga igjen og del inn i tre like emner.
Rull dei til tjukke pølser og legg dei på
ei bakepapirkledd steikeform
 (eg brukte ei form på 30x40 cm, for ei steikeplate vart for stor).
Heves til ønsket størrelse på brøda.
Gjer du som meg og sett dei på platetoppen
som er litt varm, får du fort store flotte brød.
Skulle ønske det funka med andre typer brød også..hihi!
---
Server lunka brødskiver med masse smør og god brunost på!
Lykke til! :)

torsdag 13. januar 2011

Husmor i dag

Det er rart kor mykje som går unna
når ein er heime med sjuke unger.
Misforstå meg rett,
det er slett ikkje kjekt å ha sjuke unger,
men det er kjekt å få unna ein del husarbeid
og i tillegg ha tid til å få kose seg ilag
med ungane ein heil dag til ei forandring! :)

Vi har baka boller og kanelsnurrer.
Det vart både middag og kvelds det for ungane i dag.
Ikkje den sunnaste maten akkurat,
men det er lov når ein er sjuk og ingenting anna frister. ;)
Sverre laga bollekringler av si deig.

Her er tittentei og smukkebanditten.
Biletet er ikkje tatt i dag, men eg gløymde heilt
å forevige dei under bakinga. Martin var eit syn!
Det første han gjorde var å ta ein stor neve mjøl
og gni over heile fjeset sitt. :)

Eg slenger med eit bilete av det som skal bli
Sverre sitt nye rom. Det er ferdig måla,
men vi venter på den nye senga og skrivepulten
før han får flytte inn.
Den kvite flekken på den gråblå veggen
er eit verk av smukkebanditten.
Den er fiksa no med eit nytt strøk gråblå maling.
---
Det er forresten ikkje det første verket hans her i huset.
Vi har hatt raudtusja bad, svarttusja gang,
grønt gulv og grøn sofa...
Han fekk seg ei whiteboard/krittavle
på stativ til jul i håp om tusjfritt inventar framover. :)

mandag 10. januar 2011

Martin og sleden

Martin ville gjerne hjelpe til å køyre sleden då Ivar
skulle rydde den vekk for denne gong.
Han passa heilt perfekt oppi der.
Berre dumt vi ikkje fortsatt hadde lys på sleden. :)

Lite tenner igjen no

I dag tidlig plukka Sverre ut si sjette tann.
Den var berre å legge rett i tannglaset som fortsatt
stod på nattbordet etter samme natta der den femte tanna
hadde blitt forvandla til ein mynt.

No er det foreløpig ingen lause tenner i munnen,
så vi får håpe det veks ut litt fleire før dei neste skal ut!
Sverre ser litt ut som ein søt liten hamster no. :)

Husknusing

1. nyttårsdag bruker vi å knuse pepperkakehuset.
I år hadde vi besøk av Bertine og Jonas når huset skulle knusast,
til stor begeistring fra alle fire. ;)

Her gjer dei seg klare til "demolition".

Det var ikkje mange slaga som skulle til
før huset var totalskada. :D
Då var det beste delen igjen,
og dei delte broderlig alle bitane dei fann snop på.

mandag 3. januar 2011

Godt nyttår!

Vil med dette biletet av Sverre og Bertine
ønske alle sammen eit godt nyttår!

Jula på Flem

Denne jula har vi vore på Flem med mormor og morfar.
Vi var ein heil flokk på julaftan!
Oldemor Jorunn, oldefar, mormor, morfar,
oss fire på Hildre, tante Sunniva,
tante Aina, onkel Johan, Tuva og Theodor.
Vi har kosa oss veldig!

Dagen før lille julaften kom tante Aina, onkel Johan,
Tuva og Theodor til oss og overnatta før dei
tok turen videre heilt ut på Flem på lille julaften.
Vi hadde bademarathon der alle fire ungane
fekk julevasken samtidig. Multitasking på sitt beste!
Martin slappa av på fanget til onkel Johan medan han tørka. :)

Vi for utover på øya på julaftan.
Det var så flott på Skjeltene, så medan vi venta på ferga
måtte eg ut for å ta bilete av den glinsande snøven.

Martin, Theodor, Tuva og Sverre.
Dei er ferdig pynta og venter på pakkane.
Berre så kjedelig det var å vente så lenge!

Ein skikkelig juleklem brødre imellom.

Martin var veldig fornøgd med Pippihuset han fekk!

Vi har lest mykje bøker i jula.
Den samme boka om og om igjen,
men vi har til gjengjeld lest den mykje!

 Og ungane har ete sjokoladepudding til kvelds.

Hektisk rundt middagsbordet ja...

Og her er "ho mor" når ho endeleg fekk tid til å sette seg
ned å slappe av og kose seg med eit tomt glas(?)
og eit slag maxi yatzi. ;)

Martin og morfar tøyser som vanleg.
Morfar er god til å tøyse. :)

Det var ei veldig trivelig jul ilag med familien på øya.
Det har ikkje vore ei stille stund der ute,
men det er vel litt av dealen det med fire unger
som er tripp, trapp tresko i alder (10 mnd, 2, 3 og 6 år). ;)

Tusen takk til mormor og morfar som har styra og stelt
heile jula med mat, klede, unger og alt mulig. :)