mandag 3. januar 2011

Jula på Flem

Denne jula har vi vore på Flem med mormor og morfar.
Vi var ein heil flokk på julaftan!
Oldemor Jorunn, oldefar, mormor, morfar,
oss fire på Hildre, tante Sunniva,
tante Aina, onkel Johan, Tuva og Theodor.
Vi har kosa oss veldig!

Dagen før lille julaften kom tante Aina, onkel Johan,
Tuva og Theodor til oss og overnatta før dei
tok turen videre heilt ut på Flem på lille julaften.
Vi hadde bademarathon der alle fire ungane
fekk julevasken samtidig. Multitasking på sitt beste!
Martin slappa av på fanget til onkel Johan medan han tørka. :)

Vi for utover på øya på julaftan.
Det var så flott på Skjeltene, så medan vi venta på ferga
måtte eg ut for å ta bilete av den glinsande snøven.

Martin, Theodor, Tuva og Sverre.
Dei er ferdig pynta og venter på pakkane.
Berre så kjedelig det var å vente så lenge!

Ein skikkelig juleklem brødre imellom.

Martin var veldig fornøgd med Pippihuset han fekk!

Vi har lest mykje bøker i jula.
Den samme boka om og om igjen,
men vi har til gjengjeld lest den mykje!

 Og ungane har ete sjokoladepudding til kvelds.

Hektisk rundt middagsbordet ja...

Og her er "ho mor" når ho endeleg fekk tid til å sette seg
ned å slappe av og kose seg med eit tomt glas(?)
og eit slag maxi yatzi. ;)

Martin og morfar tøyser som vanleg.
Morfar er god til å tøyse. :)

Det var ei veldig trivelig jul ilag med familien på øya.
Det har ikkje vore ei stille stund der ute,
men det er vel litt av dealen det med fire unger
som er tripp, trapp tresko i alder (10 mnd, 2, 3 og 6 år). ;)

Tusen takk til mormor og morfar som har styra og stelt
heile jula med mat, klede, unger og alt mulig. :)

2 kommentarer:

Siv sa...

Ser ut so dåkke he hatt det fole kjekt, og ej tenke nok ho Svanaug fekk fylt opp ditta glaset sitt ettekvart;0) Og du, ej he sagt det før, men smeise ka lik han Theodor e dine guta!! Herlighet, dei kunne godt ha vør søsken! Særlig lik han Martin:)

Nina sa...

ja, dei e ganske like, men verken ej eller Ivar kan ta på oss ærå for dinna guten der ;)
Det e vel ei viss fare for at glaset hadde vør fylt opp månge gonga før ditta bildet va tatt.. :D
Åsdso må ej rette opp en liten feil, Sunniva va ikkje på øya på julaftan, ho va på jobb!