Det er rart kor mykje som går unna
når ein er heime med sjuke unger.
Misforstå meg rett,
det er slett ikkje kjekt å ha sjuke unger,
men det er kjekt å få unna ein del husarbeid
og i tillegg ha tid til å få kose seg ilag
med ungane ein heil dag til ei forandring! :)
Vi har baka boller og kanelsnurrer.
Det vart både middag og kvelds det for ungane i dag.
Ikkje den sunnaste maten akkurat,
men det er lov når ein er sjuk og ingenting anna frister. ;)
Sverre laga bollekringler av si deig.
Her er tittentei og smukkebanditten.
Biletet er ikkje tatt i dag, men eg gløymde heilt
å forevige dei under bakinga. Martin var eit syn!
Det første han gjorde var å ta ein stor neve mjøl
og gni over heile fjeset sitt. :)
Eg slenger med eit bilete av det som skal bli
Sverre sitt nye rom. Det er ferdig måla,
men vi venter på den nye senga og skrivepulten
før han får flytte inn.
Den kvite flekken på den gråblå veggen
er eit verk av smukkebanditten.
Den er fiksa no med eit nytt strøk gråblå maling.
---
Det er forresten ikkje det første verket hans her i huset.
Vi har hatt raudtusja bad, svarttusja gang,
grønt gulv og grøn sofa...
Han fekk seg ei whiteboard/krittavle
på stativ til jul i håp om tusjfritt inventar framover. :)

2 kommentarer:
Så Martin er relativt kunstnerisk innstilt? Hihi - smukkebanditten er eit fantastisk kallenamn :-)
Ja, d kan du godt kalle d. :)
Smukkebanditten e et veldig beskrivende ord på Martin.
Legg inn en kommentar