mandag 31. januar 2011

Morsom historie

I bygdebladet her ein dag stod det ein artikkel om
Idahall og storheitstida for bygdedansane der.
Det var ein artig artikkel, men det mest interressante
stod under avsnittet om rare episoder. Les her:

Kan du gjette kven denne Hildrestrandingen var?
Om du tenkte, kven andre enn Ivar,
ja då tenkte du fullstendig riktig.
Ivar gjekk rundt i ei plommeraud dressjakke,
muligens kvit om den ikkje var plommeraud ifølge han sjølv,
med pølser som stakk ut alle mulige plasser,
og spanderte på alle som ville ha. :D

Men det artigaste med heile artikkelen var at
iløpet av dei 56 dansane i året i x antall år,
så var det Ivar som stod for det som vart trekt fram
når det vart spurt om rare episoder...

No trur du kanskje at dette er den einaste
gongen Ivar har overhamstra mat på dans,
men då tok du grundig feil!

På ein dans, ein eller annan stad for lenge lenge sidan, 
hadde Ivar sjåfør til bilen sin.
Ut på natta lurte han på om nokon var svoltne,
og det var dei!
Ivar åpna då panseret på bilen,
og der låg det ein haug av hamburgere
i aluminiumsfolie og varma seg, klare til servering.

Det er ikkje farlig å vere med Ivar på tur
når svolten melder seg! :)

No kan det hende det finnes fleire historier
der ute om Ivar og mat på dans,
men dei har eg i so fall vorte skåna for. :)
Eg kan forresten vagt huske ei historie om ein mør
i eit bagasjerom, men den husker eg ikkje lengre.

Og du,
husk å kjøpe resten av pølsene neste gong du er på dans!

3 kommentarer:

Unknown sa...

Hahaha.. Fantastisk historie!!

Nina sa...

Det ekje so få goe historie på bloggen din heller Sonja! :D

Veronica sa...

hehehe.. arti å lese! :D