torsdag 28. januar 2010

Korpsøving

Då er vi i gang med korpsøving igjen! I kveld hadde vi årets første øving nede på skulen.
Eg pakka klarinetten min i ein bag og tok skia fatt nedover bakkane. :)

Vi er ikkje meir enn 10-12 stk til saman (7 i dag) og Jan Granum som spelande dirigent. Vi er berre ein liten gjeng, men vi skal vel klare å lage litt lyd i 17.mai-toget uansett. Vi har starta å øve til 17.mai allereie no, så det vart nokre marsjer i dag. Gruer meg til vi skal ut å marsjere i tillegg! Var lite nok pust å sitje å spele marsj for min del...Får håpe skigåinga hjalp litt på kondisen. ;)

mandag 25. januar 2010

Andre tanna

I dag tidleg mista Sverre den andre tanna si! Eg såg at Sverre tenkte på noko og då kom det: "Tenk om nokon trur at eg har mista berre ei tann da!" Hehe, ei diger da iallefall. ;)

søndag 24. januar 2010

Gratulerer med dagen

i går 23.januar morfar! Vi hadde ei lita feiring ute på Flem med kaker og pakker. Sverre bestemte at morfar måtte åpne pakkane etter flasketuten-peiker-på-metoden sånn at det ikkje skulle bli urettferdig for nokon. ;)
Morfar vart spesielt fornøgd med Aafk-hua han fekk med barnebarna sine, Sverre, Martin og Tuva. :)
Vi nytta sjansen til å renne litt på ski og kjelke då vi var der ute, og til min gledelige overraskelse passa slalåmskia mine som eg fekk då eg var ca. tolv år endå! :D Vi fann dei borte i stabburet.
Vi tok turen opp til skitrekket på Flem i dag før middag og rann litt. Veldig stas å sleppe å gå opp bakken sjølv! ;)

Gratulerer med dagen

som var onsdag 20.januar Aina! Stor klem til vår snille søster og tante som snart skal ha baby! :D

lørdag 16. januar 2010

Heimelaga brød. Åh, det er så godt! Eg brukte besta si oppskrift og eg må seie eg fekk eit aldri så lite flashback tilbake til før i tida då eg stod der og tømte lunka vatn frå ein mugge nedi bakebollen. :)
For dette er ikkje ei oppskrift med desiliter og gram, nei dette er snakk om never med gryn og mugge med vatn. Eg husker glimt av besta som baka brød på denne måten (spesielt at ho tømte vatn i bollen frå ein mugge) og at ho tok ut brøda av ovnen. Fire stk. på ei bakeplate med høge kanter. Og god mørk skorpe på brøda. :)

Kveldsmaten vart fullkommen sidan eg hadde tatt ut rørt jordbærsylte frå frysaren tidlegare på dagen kun med tanke på å ha det på deilig heimelaga brød til kvelds. Mmmm...

mandag 11. januar 2010

Yoghurt...


Martin er ein bestemt liten kar. Han har ete sjølv i fleire månader allereie og det viser rundt han for å seie det sånn. ;)

Skitur søndag

I går tok vi oss ein liten skitur til gapahuken. Vi hadde med oss kakao og pølser i termos som vi koste oss med då vi kom fram. Det er ikkje ein lang tur, men med to som ikkje har gått særleg mykje på ski (eg og Sverre) og Martin i heimelaga pulk (akebrett med vognpose og skinn) tok det si tid allikevel.. ;)

Men det var kjekt å kome seg ut i frisk luft som ikkje var kaldare enn nokre få minus denne dagen. Det har vore ganske kaldt og lite fristande å vere ute dei siste dagane, så dette gjorde godt!

Det gjorde godt å få øvd seg litt på ski ôg, sjølv om det vart ein del utløp for frustrasjon frå Sverre da, for han trur at når han no har gått på ski to-tre gongar, skal han vere verdensmester. Han renn som berre det utanfor huset her, men han slit i oppoverbakkane. Han tek av seg skia og går opp bakken i rein frustrasjon. Passer kanskje best i skitrekk han Sverre. ;)

Stillinga er innteken

Sjekk stilen! Eg fann Martin sitjande slik her ein dag. Han har tydlegvis sett ein del på storebroren, for han sit sånn jamt og trutt når han kjeder seg eller skal sjå barne-tv. ;)

Kaiseremmeln med linfrø

Denne gongen huska eg å ha frøa i deiga! :)
Eg laga den etter oppskrifta, berre peisa nedi en god slump med linfrø, og det smakte kjempegodt! Pluss at eg fekk litt meir fiber i dei enn med berre kveitemjøl. ;)

torsdag 7. januar 2010

Ny benk

Tidlegare denne veka kjøpte eg ein benk med oppbevaringsplass på Bohus. Tanken var å ha ein plass til alle hansker, votter og luer.

Ivar meldte seg til å bygge den, for den flatpakka. Meinflatpakka! Ivar åpna pakken og la utover delane. Så kom han opp att og sette seg i sofaen. Heile 302 deler skjulte seg i den 110 cm lange pakken. Med andre ord ein jobb for Nina. ;)


Det var litt tomt der før benken kom på plass. No har Sverre og Martin kvar sine to skuffer og eg og Ivar har ei kvar. Det er rart kor mange luer og votter/hansker to unger kan ha!

13. dag jul

I går var det 13.dag jul, så da pælma vi juletreet ut på altanen og julepynten vart pakka ned i kassene igjen. Litt deilig å få vaska ut jula ôg da, sjølv om jula er ei veldig koselig tid. :)

Dei einaste hinta av jul no er den kvite julestjerna på peishylla og kakeboksene på kjøkkenbenken. Eg hadde ikkje hjerte til å kaste den julestjerna, for den var så fin enda. Dei raude derimot hadde mista det meste av både grøne og raude blad og såg heller triste ut i blomsterpottene sine. ;)

tirsdag 5. januar 2010

Endelig!

I dag fekk Elin og Øystein seg ein flott gut! :D
Bertine har blitt storesøster, vi har blitt tante og onkel igjen og Sverre og Martin har fått seg eit nytt søskenbarn. ;)

Gratulerer so masse med guten Elin, Øystein og Bertine! Vi gleder oss til å få sjå han. :)

Så må vi gratulere besta og besten med eit nytt barnebarn. :)

søndag 3. januar 2010

Første tanna er ute

I kveld etter at Sverre hadde lagt seg gjekk han på badet og drog ut tanna som har vore laus lenge no. Han ropte "MAMMA! Eg tok ut tanna mi!", so hylte han fordi han blødde og Martin våkna og greier. Han Sverre var nesten utrøysteleg. Gjekk med eit papir for å sjekke om han fortsatt blødde og jamra seg og sa auauau. Heilt til eg sa at det ikkje nødvendigvis var låkt fordi om han blødde, då var det visst bra igjen...
Kva skal ein seie? Vi får håpe neste tanna kjem ut med litt lågare volum enn den første. ;)

Pepperkakehusknusing

I dag knuste ungane pepperkakehuset vårt. Det var igrunn mest Sverre som knuste det da, for Martin ville helst berre ete det med ein gong, så han hadde ikkje tid til knusinga han, sjølv om han starta bra med hammar i handa. :)
Etterpå sat Martin og leitte etter dei delane med melkerull på, så ga han dei til Sverre etter han hadde ete av sjokoladen...han er så flink å dele han Martin... ;)

Kjekke utedagar

Desse dagane vi har no med flott vêr og snøv har vi vore ute og kost oss for det meste, men litt arbeid med snøvmåking må ein rekne med i tillegg. ;)

Sverre og Jonas tester ut snøvskuffa som akebrett og det funka bra. Martin blir berre flinkere og flinkere til å lære seg å gå, så no har han det litt kjekkere ute han ôg sjølv om han ikkje går heilt sjølv endå. Martin liker veldig godt å renne på akebrettet sitt som han fekk i julegåve med besta og besten. :)

Sverre har mange krumspring ute i snøven! Ivar og ungane laga snøvlykter i kveld etter vi hadde prøvd nyskia våre. :) Håper vi får mange slike dager no framover og at ikkje mildvêret tek med seg all snøven...

Stolte eigarar av...

...nye ski! Vi var på Moa ein tur i går for å kjøpe langrennski til heile gjengen. Martin fekk ikkje ski endå da. Han må lære seg å gå først... ;)

Ny look

Eg bestemte meg for å rydde ut jula på bloggen i dag. Venter med å rydde ut jula i heimen nokre dagar til. :)

fredag 1. januar 2010

Stemningsbilete frå årets fyrste dag

Knipsa nokre bilete ute på øya i dag før vi for heim. For ein deilig dag! :)

Nyttårsaften

Nyttårsaften feira vi på Flem ilag med mormor, morfar og oldefar. Etter middagen høyrde vi eit smell utanfor huset og då vi såg ut stod heile familien Flem Stavik med sin mormor og morfar utanfor, klar for å starte tidleg med rakettoppskyting ilag med oss. Det var kjempekoselig og ein artig overraskelse! :D

Legg merke til dei to lystige krabatane i akebretta sine over her... ;)


Vi vart ein god gjeng! Åtte vaksne og fire ungar! Vi sparte sjølvsagt litt av kruttet til midnatt, men for at dei to minste skulle få med seg litt fyrverkeri passa det kjempebra og sende opp nokre få rakettar etter middag. Ungane hadde verneutstyret i orden, men Martin nekta å ha på seg vernebriller, så han fekk nøye seg med hørselvern sidan han vart litt redd då det small. :)

Veldig kjekk nyttårsaften! Til gjentakelse må eg seie, neste gong vi er på øya samtidig for å feire det nye året. :)

GODT NYTTÅR
til alle våre lesarar

Stor nyttårsklem frå familien Tomren Søvik