lørdag 16. januar 2010

Heimelaga brød. Åh, det er så godt! Eg brukte besta si oppskrift og eg må seie eg fekk eit aldri så lite flashback tilbake til før i tida då eg stod der og tømte lunka vatn frå ein mugge nedi bakebollen. :)
For dette er ikkje ei oppskrift med desiliter og gram, nei dette er snakk om never med gryn og mugge med vatn. Eg husker glimt av besta som baka brød på denne måten (spesielt at ho tømte vatn i bollen frå ein mugge) og at ho tok ut brøda av ovnen. Fire stk. på ei bakeplate med høge kanter. Og god mørk skorpe på brøda. :)

Kveldsmaten vart fullkommen sidan eg hadde tatt ut rørt jordbærsylte frå frysaren tidlegare på dagen kun med tanke på å ha det på deilig heimelaga brød til kvelds. Mmmm...

1 kommentar:

A sa...

Åh - så godt det såg ut!