I går tok vi oss ein liten skitur til gapahuken. Vi hadde med oss kakao og pølser i termos som vi koste oss med då vi kom fram. Det er ikkje ein lang tur, men med to som ikkje har gått særleg mykje på ski (eg og Sverre) og Martin i heimelaga pulk (akebrett med vognpose og skinn) tok det si tid allikevel.. ;)Men det var kjekt å kome seg ut i frisk luft som ikkje var kaldare enn nokre få minus denne dagen. Det har vore ganske kaldt og lite fristande å vere ute dei siste dagane, så dette gjorde godt!
Det gjorde godt å få øvd seg litt på ski ôg, sjølv om det vart ein del utløp for frustrasjon frå Sverre da, for han trur at når han no har gått på ski to-tre gongar, skal han vere verdensmester. Han renn som berre det utanfor huset her, men han slit i oppoverbakkane. Han tek av seg skia og går opp bakken i rein frustrasjon. Passer kanskje best i skitrekk han Sverre. ;)

1 kommentar:
Oss va på longva og testa skia på søndag. Hedda sat i beremeis, og det funka bra det. (sei ej so slapp å bere ho, hihi)Flott og kjekt å gå på ski ihvertfall:)
Legg inn en kommentar