Då er vi i gang med korpsøving igjen! I kveld hadde vi årets første øving nede på skulen.
Eg pakka klarinetten min i ein bag og tok skia fatt nedover bakkane. :)
Vi er ikkje meir enn 10-12 stk til saman (7 i dag) og Jan Granum som spelande dirigent. Vi er berre ein liten gjeng, men vi skal vel klare å lage litt lyd i 17.mai-toget uansett. Vi har starta å øve til 17.mai allereie no, så det vart nokre marsjer i dag. Gruer meg til vi skal ut å marsjere i tillegg! Var lite nok pust å sitje å spele marsj for min del...Får håpe skigåinga hjalp litt på kondisen. ;)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)

3 kommentarer:
Ej vurdera å begynt i korpset når Emilie e ferdig med aspiranttida si:) He no en klarinett liggande her, so ej bruka til å spele ilag med Emilie av og til. E veldig artig! Men ja, innmari tungt å både marsjere og spele, hihi
E mej myllå 10-12 på 17. mai e mej no heldig! Hekje so månge å velge ta på fjørtofta, so mej stille mej so kan å vil :o) Sjøl ka få mej e so høyrest d greit ut da... (sei dei so høyre d bedre enn du sjøl, hehe) Mej stola på publikum ;o)
Gle mej t å marsjere, men kvi mej på å puste å blåse samtidi, hehe, like travelt kvart år :o) Men lyd bli d, reint eller ei ;o)
So kjekt da! Viktig å lage litt liv å røre på heimstaden. Bli heilt sikkert fint te 17.mai. Han Granum e no en flink dirigent, so han fær vel kontroll på tonane :-)
Legg inn en kommentar