søndag 3. januar 2010

Første tanna er ute

I kveld etter at Sverre hadde lagt seg gjekk han på badet og drog ut tanna som har vore laus lenge no. Han ropte "MAMMA! Eg tok ut tanna mi!", so hylte han fordi han blødde og Martin våkna og greier. Han Sverre var nesten utrøysteleg. Gjekk med eit papir for å sjekke om han fortsatt blødde og jamra seg og sa auauau. Heilt til eg sa at det ikkje nødvendigvis var låkt fordi om han blødde, då var det visst bra igjen...
Kva skal ein seie? Vi får håpe neste tanna kjem ut med litt lågare volum enn den første. ;)

1 kommentar:

Trine sa...

Stor stas å miste tenner. Fredrikke mista tann nr 2 i går, so ho har blitt 2 tenner fattigere i løpet av jula..(men desto rikere i kroner...)